

by Guri Ravatn · 26. januar 2018
Vindafjord bibliotek har gleda av å presentera hukommelseskurs med Oddbjørn By, kjend frå Puls, Schrödingers Katt, Newton og Norge Rundt. Og, for tida er han vidare i Norske talenter.
Slik hugsar du:
-språk, namn, foredrag, utdanning, geografi og mykje meir
Vindafjord bibliotek har gleda av å presentera hukommelseskurs med Oddbjørn By, kjend frå Puls, Schrödingers Katt, Newton og Norge Rundt. Og, for tida er han vidare i Norske talenter.
Nokre trur at det ikkje går å få betre hukommelse. Gjennom Memo-skulen på NRK fekk vi sjå at det er mogleg å hugsa utruleg mykje. Å kjenna til teknikkar, og å bruka dei rett, er ofte alt som skal til. Både den amerikanske meisteren i hukommelse, og verdsmeisteren starta med Oddbjørn By si Memo-bok. Så Oddbjørn By er ikkje berre god til å hugse, han er også god til å læra frå seg.
Å hugse ei heil bok er uoppnåeleg. Difor er det viktig å ha ein strategi for å hugse mest mogleg av det du har lært. Ved meir effektiv hukommelse, kan du bruka tida på andre ting. Sunnfjordingen Oddbjørn By hadde sjøl ein verdsrekord i hukommelse.
Dette fantastiske kurset må du ikkje gå glipp av! Gratis inngang og etter kurset er det høve til å kjøpa bøker av Oddbjørn.
Det er ingen komande hendingar
Nyheiter frå
Noregs Mållag
Les referat frå
møte i Grendautvalet her
Vossaplass-svingane:
Arbeidet pågår utover hausten.
Les GU referatet her
Der finn du også utfyllande informasjon om sakene som Grendautvalet til ei kvar tid arbeidar med HER. Referat frå møta, samt anna relevant informasjon, kan du sjå her.
Nye kommentarar