


by martin · 3. november 2017
Velkommen til møte ombord på Elieser 6 når dei ligg til kai i Haraldseidvågen 4.-6. november. Det er «Den indre Sjømannsmisjon» som driv betelskipet «Elieser 6», eit kjent innslag mange stader langs kysten. Sjå her.
Den indre Sjømannsmisjon blei starta 12. januar 1880 og dei skriv slik om målet då dei starta arbeidet:
«Målsettinga var å bringe evangeliets lys inn i mørke fiskerimiljø blant sildefiskarane nord i landet, og samtidig betre dei sosiale forholda i fiskeværa på eit bredt diakonalt plan.»
Dei driv i dag eit aktivt arbeide blant fiskarar og sjøfolk langs Norskekysten – og også eit arbeid for utanlandske sjøfolk.
Når dei legg til kai i bygdene på våre kantar så er det ikkje berre sjøfolk som vert inviterte inn. Skipet er eit flytande bedehus som ynskjer alle velkommen om bord.
Det er ingen komande hendingar
Nyheiter frå
Noregs Mållag
Les referat frå
møte i Grendautvalet her
Vossaplass-svingane:
Arbeidet pågår utover hausten.
Les GU referatet her
Der finn du også utfyllande informasjon om sakene som Grendautvalet til ei kvar tid arbeidar med HER. Referat frå møta, samt anna relevant informasjon, kan du sjå her.
Nye kommentarar