Grendautvalet med årsmøte 5. januar
Frantz Lea gir seg som leiar i Grendautvalet
av Steinar Skartland 5.1.2017
/ oppdatert 8.1.16
Ein liten flokk hadde benka seg i eit kaldt lokale på
bygdahuset torsdag 5.1. Men diskusjonane gjekk varmt og forslaga til
folkeauke, tilflytting og aktivitet som Grendautvalet vil stå for, var gode
og kreative. Årsmeldinga kunne syna både til mykje godt gjennomført arbeid
og god økonomi i eit aktivt grendautval, som hadde sett seg gode mål for åra
som kjem.
Ein
evig smilande leiar viste til det dei hadde oppnådd og særskilt til at:
-Nå
står lyktestolpane loddrett, men det tok over eitt år å få dei retta opp.
Heilt utruleg!
Frantz Lea og styret han har leia,
har ikkje vore dei som har gitt opp om det kom motstand og det Frantz ser på
som kommunal treghet som svar på dei mange innspela for å gjera bygda meir
attraktiv. Likevel kunngjorde han at nå ville han gå av som leiar og slutte
i grendautvalet. Han fekk både ros for arbeidet, blomar og ein varm klem av
Solveig Hortman, som er nestleiar.
Nye styremedlemmer ved dette valet
vart Frode Tindeland og Kjetil Andre Skartland, i tillegg til Solveig
Hortman, Elisabeth Winterhus Juulsrud og Stein Andor Sundve. Grendautvalet
konstituerer seg sjølv, men dei blir ikkje heilt fri for Frantz som nå går
inn i valkomitèen.
Nå
har kommunen sett veg med sykkel og gangsti forbi Vossaplasset på topp av
prioriteringslista til Fylket og pressar på for å få oppstart alt i 2017 på
prosjektet. Vossaplassbrua er på plass. Uteområdet Bryggjebakken er gjort
mykje betre og grillhytte er sett opp, Informasjonsskilt ved Jokerbutikken
og nettside med informasjon er på plass. Fleire andre saker står i
årsmeldinga som: "Pågår". Grendautvalet ga også ei støtte til innkjøp
av projector på Bygdahuset og fortalde om ulike prosjekt dei har støtta.
Det nye Grendautvalet fekk med seg fylgjande
handlingsplan for 2017-2019:
- Vossasvingane - Gang- og sykkelsti til Vikebygd
sentrum
- Vidare arbeid med utbetring av Fv 734 Vikevegen
(delutbetringar)
- Gang- og sykkelsti frå Vossasvingbrua til
Dommersnes m/lyktestolpar
- Oppgradering og skoging rundt Plassaelva (etter
avtale med grunneigar)
- Gang- og sykkelsti m/lyktestolpar frå
Bygdahuset til Kvamme
- Dommarsnes Industriområde
- Fleire innbyggjarar (barnefamiliar)
- Reklamere for bygda, og vidare arbeid med
nettstaden:
www.vikebygd.no
- Lys i eksisterande stolpar i Lio 2
- Breiband i Nordabygda
På spørsmål om status for arbeidet med
drivstoff-Tanken, så kunne Frantz orientere om at Motorbåtforeningen hadde
signalisert ynskje om å få dette til, mest mtp. båtar på fjorden og
medlemmer i båtlaget. (Saksliste-Innkalling
til årsmøtet)
Les årsmelding her
Les
meir her frå årsmøtet og planane