Over 800.000 besøk på Vikebygd.org i 2025
Året 2025 er over og dette året har det ikkje vore så mange nye artiklar på web-sida, men dagleg oppdatering av nyheiter som Feeds frå ulike media. Likevel viser statistikken frå websida at det har vore heile 851.447 oppslag på www.vikebygd.org gjennom året 2025.

Likevel mindre enn i 2023 då samla tal oppslag var 1.075.220. Lesarane i 2025 kjem frå fleire land. Flest oppslag frå Europa, der Danmark toppar statistikken. Totalt frå Europeinske land i 2025: 474.703 oppslag. USA kjem på andre plass med 102.872 oppslag. I desse tala ligg oppslag som følgje av søketreff. 94% av oppslaga kjem frå PC og 6% frå mobil. Sider som har hatt mange oppslag er «Event» Årsmøte i Vikebygd Grendautval.
Gjennomsnittleg brukar flest lesarar mindre enn 1 minutt når dei er inne på ei side:
Kanskje fordi nokre treff ikkje var det dei leita etter? Men vi må nok også konkludere at det er viktig å vera konkret og kortfatta. Erfaringar frå folk si bruk av nettsider og lesing av artiklar er at dersom ein ikkje klarer å fanga interessa innan 4 sekund – så går dei vidare. Men dei som finn at ei side er aktuell og interessant, vel å lesa lengre og meir på denne. Generell statistikk frå bruk av internett viser at det vanligvis går alt frå eit par sekund til eit par minutt før vi bestemmer oss for å hoppa vidare til ei anna side.


Nye kommentarar