Mat og prat på Vikebygd bedehus
Mat og prat på Vikebygd bedehus.
Dei siste to åra har det vore nokre samlingar på Vikebygd bedehus, der innhaldet er kveldsmat, god drøs og deling av kveldstankar. Kveldane starta med eit buffé-bord med skjeva, knekkebrød, ulike pålegg, mjølk, juice og anna som me kunne få lyst på til kvelds. Folk sette seg rundt småbord, og drøsen gjekk under måltidet. Då alle var godt forsynte, var det ei eller ein som delte nokre kveldstankar før me gjekk heim, mette og fornøgde. Her kom det folk i frå skulealder til nesten 100 år, og mellom ca. 20 og 30 stk. kvar gong.
Dette har vore så vellykka, at styret i bedehuset vil fortsetja med det framover. Det er viktig å koma ilag til eit godt kveldsmåltid, treffa og prata med sambygdingar, og kjenna på at ein høyrer til.
Våren 2026 vert det «Mat og prat» følgjande onsdagar kl.19.00.
21. januar
18. februar
Det vert også følgjande andre opne arrangement:
7. januar kl. 19:30 Gladsong
4. februar kl. 19:30 Møte/kveldssamling
14. mars kl. 19:30 Møte/kveldssamling
Her er alle velkomne!



Nye kommentarar