Drop-in bryllup på Valentinsdagen
14. februar 2026 inviterer prestane til «Drop-In bryllup» i Skjold kyrkje.
Klikk på biletet for å sjå filmen (på facebook).
Drop-in-bryllaup på Valentinsdagen
14. februar 2026💞
Har de kanskje snakka om å gifta dykk, men aldri fått det heilt til å passa? Eller har de lyst til å gifta dykk, men ønskjer å gjera det enkelt? Då er drop-in-bryllaup noko for dykk! 14. februar er sjølvaste Valentinsdagen, dagen for kjærleiken. Kva passar vel betre enn å feira dagen med å gje kvarandre sitt ja?
Skjold kyrkje opnar dørene for drop-in-bryllaup! Me ønskjer at par kan feira kjærleiken og inngå ekteskap i ei enkel og høgtideleg ramme. Drop-in-bryllaup er ein enkel vigselsseremoni i kyrkja, men like stort som å bli vigd i eit vanleg bryllaup i kyrkja. Drop-in-bryllaup kan gjennomførast heilt utan gjester, med dei næraste eller med fullt hus. Det bestemmer de sjølve!
Når de kjem til kyrkja, vil de først få ein kort vigselssamtale med ein av prestane i Vindafjord. I samtalen leverer de inn gyldig prøvingsattest frå Skatteetaten, og vel musikk ut frå oppsette alternativ. Vigsler vil gå føre seg fortløpande, men det er og mogleg å reservera eit konkret tidspunkt ved å kontakta sokneprest Elisabeth Fauskanger innan 15. januar.
Me stiller med musikk og vitne (om forlovarar ikkje skal vera med). Etter seremonien ordnar me fin kyrkjekaffi om ein ønskjer å feira litt i kyrkja etter seremonien.
Til drop-in-bryllaup, krevst det inga påmelding. Men før vigsla må de søkja om prøvingsattest. Dette må vera på plass for at vigsla skal kunna gjennomførast. Sjå meir på: Skatteetaten sine nettsider
Det er gratis å gifta seg i kyrkja der ein bur, om minst ein i paret er medlem i Den norske kyrkja.
Sokneprest Elisabeth Fauskanger
e-post: EF475@kyrkja.no
Telefon: 99270811


Nye kommentarar