Det skjedde i desember 2025
Desember har vore ein månad med lys og musikk i Vindafjord. I kyrkjene tok det til 1. søndag i advent med lysmesser, som her frå Vikebygd kyrkje der konfirmantar og speidarar var aktive saman med sokneprest Elisabeth Fauskanger:

Speidarar og konfirmantar bar inn lys og var aktive i lysmessa 30. november i Vikebygd (Foto: Steinar Skartland).
Les meir på: Song og musikk i adventstida.
I Skjold kyrkje måtte dei ha heile to julekonsertar same dag, og det var seldt over 800 billettar:

Julekoret med deltakarar frå heile Vindafjord fekk opp julestemninga i Skjold kyrkje 21. desember
Les meir på Fullt hus på to julekonsertar i Skjold.

Vegard og Vendel-Agathe Skartland-Hide var mellom artistane, her saman med gitaristen Marius Fedje frå Etne. Vegard og Vendel-Agathe fekk vi også møta i Vikebygd kyrkje på opningskonserten til julemessa den 29.11.2025. Les meir på Julekonsert i Vikebygd.
Julemarkedet laurdag 29.11.2025 vart opna med kyrkjekonsert i den vakre, kvite murkyrkja i Vikebygd. Vegard og Vendel-Agathe Skartland-Hide hadde ein flott konsert med song og musikk som ga oss julestemning då advent og jul stod for døra. Her samla dei mest fullt hus.

Vegard og Vendel-Agathe deltok på arrangement i fleire av kyrkjene i førjulstida, som her på konsert i Arken i Vats, 21. november saman med Sunniva Gregersen, Iselin Tveit, Håvard Tveit og Arne Tveit. Foto: Steinar Sørhus.
På juleaftan var det fullt hus i Vikebygd kyrkje. Kyrkjetenaren talde opp 202 deltakarar på gudstenesta som Elisabeth Fauskanger hadde. Vi fekk gle oss over både born som song fint for oss og fleire flotte nummer med hornmusikk. Korpset har lege nede i ei stund, men fleire erfarne musikantar tok fram instrumenta sine igjen og øvde inn musikk dei kunne gle oss med i inngngen til jule. Dette vart svært godt motteke.

Hornmusikk var med og sette ein ekstra spiss på julegudstenesta i Vikebygd. Les meir på Musikalske julegudstenester.


Nye kommentarar