Kyrkjekonsert og loppemarked
Vikemusikk 2019 vart eit allsidig kulturarrangement. Laurdagen starta med musikalsk badetur ytterst i Naustvika, etterfølgd av loppemarked og kafé ved Gamlatunet. På ettermiddagen var målet kyrkja, kor det vart ein variert konsert med lokale aktørar. Ikkje alle var vikebuar i folkeregisteret, men alle hadde tilknytning til bygda. Her presenterer vi nokra av innslaga i konserten i form av bilete.
Fullt hus på kyrkjekonserten
Omlag 150 bygdefolk og feriegjester ville få med seg kyrkjekonserten i Vik kyrkje laurdag 6. juli 2019. Ein konsert med mange dyktige aktørar med lokal tilknyting.
Lina Fisk Eide har vi hatt glede av på mange konsertar og arrangement. Ei fantastisk stemme song fleire songar med ein ttydeleg og god bodskap som høver seg i kyrkjerommet. Denne dagen hadde om med seg Jan Egil Brevik, som deltok med både pianomisikk og song saman med Lina.
Ein sjølvsagt deltakar på kyrkjekonsert i Vikebygd er Vegard Skartland. Applausen vitna om det som også ein kunne høyra frå mange etterpå: Ei fantastisk røyst og ein dyktig songar. Denne gongen til musikk av Arne Tveit, Åsmund Birkeland og Frøydis Lysne.
Ingrid Margrethe innleia konserten med diktlesing. Tidlegare i desse kulturdagane hadde ho både stått for eventyrlesing og guide på bygdevandringa, kor det vanka mykje lokalhistorie undervegs.
Nye kommentarar