Klikk her og gå til framsida av Vikebygd.org

Vikebygd:   

Facebook    -   Twitter

Jonsok feiring 23. juni   

Sida er sist endra 24. juni 2017

Vatn frå ovan hindra ikkje Vikebuen
Jonsok feira på Bryggjebakken

av Steinar Skartland 24.6.2017

Det vart ein våt fredags-ettermiddag i Vikebygd på St. Hans aftan. Det hindra ikkje at ein god del folk samla seg i båthamna klokka 18:00 og utover, då laget Vikebuen skulle tenna på bålet i strandkanten. Ville dei få fyr, eller var veden for våt?


- Me hadde ein tilhengar med bålved klar, men på grunn ar regnet så valde me heller å ta med oss vedkubbar til bålet, fortalde Aud Jorunn Tordal som er i styret for dette laget med driftige kvinnfolk i Vikebygd.

Dei hadde rigga telt over kaféen der folk kunne få kjøpa kaker, brus og kaffi. Det einaste som skilde denne kvelden frå andre midtsommarskveldar var at dei som sat i campingstolane sine rundt på plenen var iført regnklede, støvlar og ein og annan paraply. 

Under taket i grillhytta var det god varme i dei glødande kola, og eimen av steikt kjøt og pølser breidde seg ut over.  Det vart felles-middagen for nær 100 vikebuar som kosa seg i lage på Bryggjebakken.
 
Korpsmusikk og trommeregn
 
Musikkorpset i Vikebygd spela (klikk her)
Mellom dei glade vikebuane var også også ein del musikantar. Korpsmedlemmene let seg ikkje skremma av regndråpar. Delvis innunder telttaket og ute i regnet underheldt dei med fleire musikkstykke til glede for folket. Ein og annan var litt uroa for at det skulle bli surklelydar i althorna, men dei bles så regnvatnet skvatt, og musikken var flott. 

- Skal dåke ikkje snart ha konsert som kan annonserast? vart det spurt om. - Det er jo helst uvarsla pop-up konsertar i regnvêr eller musikkantar som dukkar fram bak brakebuskar langs vegen opp til Vikestølen. Jo, korpset er kreative. Og kjærkomment innslag i 17.mai-tog, kyrkjekonsertar og mange ulike arrangement i bygda. Dette er noko alle set stor pris på. At mange vaksne og erfarne er med sikrar høg kvalitet på musikken. - Laurdag skal me spela i Haugesund, fortalde Solveig. Då er vi invitert til å spela under Landsturnstemnet.

Og litt inntekter må ein ha for å dekka utgiftene.  God gammaldags åresal måtte til.  Solveig Hortman stilte seg oppå steinmuren i grillhytta og ropa opp nummer som om det var ein basar på bedehuset.

Medan dei eldste helst heldt seg godt påkledde i campingstolane sine så var det ein del ungdommar som fant fram badetøyet og stupte uti frå moloen. Er det sommar - så er det sommar. Då skal det badast.  For, som nokre bemerka - nå går det mot vinter igjen. Vi har runda midtsommars solkverv (21.-22. juni).  Bøndene var vel heller litt uroa for korleis dei skulle få slåtten i hamn.  Bakkane er så regnblaute at det er ikkje alle stader ein kan koma utpå med traktoren.  Så er det von om sol i neste veke.

Med straum frå båtlaget sitt bygg kunne Vikebuen også stille med nysteikte lappar med syltetøy og rømme til. Ingrid stod for steikinga under telttaket.

Då klokka nærma seg åtte endra vêret seg. Det vart både opplett og litt sol. Men då var familiefesten over og Vikebuen pakka ned. Det var nok dei som nemnde på at det var for tidleg å gå heim alt nå. Midtsommars og ferietid så kunne nok borna også vore ute til langt på kveld. 


Bål og lys i ein mørkare tidsalder
I tidlegare tider var det helst etter klokka ni om kvelden at bålet vart tent.  Det skulle lysa opp langs strendene når sola gjekk ned.  Nokre meinte det var for å halda borte heksene.  For den norske St. Hans feiringa har fleire opphav og innhald.  Rett nok kjem namnet frå katolsk tid og til minne om døyparen Johannes.  I Noreg var Jonsokdagen offentleg heilagdag på 1500 talet, etter Kristian den femtes norske lov, under namnet St. Hans Babtistæ Dag.

I ein mørkare tidsalder var også heksebrenning og frykt med på å danna ei ramme rundt midtsommarsmarkeringa. Det er ikkje så langt tilbake i tid at ein sette ei filledokke på toppen av bålet. Midtsommarsnatta vart rekna som ein av heksene sine hovudfestar. Oppfatninga gjekk ut på at heksene si kraft og aktivitet var ekstra sterk denne kvelden og natta. Dei var ute for å samla ingrediensar til trolldomsaktivitetar. Derfor blei bål tent for å beskytta dyr, avlingar og menneskje mot skadelege krefter. Elden skulle vera effektiv mot hekser, troll og dragar.

Men denne siste delen treng vi ikkje ta med oss vidare.  Kjekkare er det å ha familiefest med grilling, leik, musikkorps og smilande grannar som finn i saman på Bryggjebakken.

Og så, stille kom ein knoppsvanefamilie glidande langs land for å få med seg litt av feiringa dei òg.

 

 

Grunna få påmeldte ved fristen 16. juni må
Rolf Julsrud avlyse både
Vikebygd på Bryggjebakke

    - pga ingen påmeldte

Vikebygd i oppoverbakke
    - pga ingen påmeldte


men kva med Ola-bil-løpet
Vikebygd i nedoverbakke?
     - Ny siste frist for påmelding
       er torsdag 22. juni
       (mandag 19. var det kun 3 påmeldte)

       Har du lyst å delta?
       Påmelding til Askev W Julsrud
       pr. mail:
askwjul@gmail.com   

 

Men det skjer også mykje anna denne helga:

 


Utforkøyring på Ulvebne fredag 23.6.
Av Steinar Skartland 24.6.17
To personar er frakta til Haugesund sjukehus for sjekk etter ei utforkøyring like sør for Vikebygd fredag ettermiddag.

Fleire på veg til Vikebygd vart ståande i kø ei lita stund medan traktor heldt på å slepa bilen opp på vegen igjen.  Den hadde fått ein del skader då han enda utfor vegen rett før autovernet tok til.

Les meir om dette i Grannar.

 


Les også andre nyheiter frå Vikebygd


Sjå gamle bilete her


Likar du Vikebygd.org?

Følg med på Twitter
Totalt 117.003 besøk på vikebygd.org i 2016.

til hovudsida for Vikebygd


-
Kyrkja gjennom 800 år
Vikestølen gjennom 116 år
Vikebygd i Hgsd. Avis
Vikebygd i Grannar.no

Følg på Twitter - her


Vêrvarsel for Vikebygd
ORD FOR DAGEN I DAG
Ledig jobb i Vindafjord
Pollenvarsel YR.no

Andre nettstader

Frå tidlegare

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Fotoalbum
KFUK-M Speidarane

Anna Info

2017
Siste nytt frå bygda
Juli
30 sone i Plassavegen
Forskjellig frå juli 2017
Juni
Vikebygd i bilete
Jordskjelv 25.6.
Vikestølsmøtet
Nedoverbakke
Jonsok feiringa 23.6.
Dårleg stell av gravplass
Vossaplasset-vegen
Folketalet og skulen i bygda
Mai
17. Mai feiringa
Konfirmasjon i bygda
Merking av nye stiar
Dugnad på Årvik skule
April
Vikesprinten 30.4.2017
Vikeputten 29.4.2017
Nyopning av butikken
Rolf Alne i Kenya
På leit etter røtene i Vikebygd
Påsken 2017
Vikestølstur i sol
Fasteaksjonen
Mars
SØK inn i Haugaland Kraft
Vikebygd Amatørteater
Forskjellig frå febr.-mars
Februar
Planeten Venus i vest
Kulturettermiddag
Speidarfest og Nutastavar
Venneklubben i Vikebygd
Arquebus-filmen
Januar
Januar
Årsmøte i Grendautvalet


Tidlegare år
 2016
 2015
 2014
 2013
 2012

 2011
 2010
 2009

 

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2016
 2015
 2014
 2013
 2012

 2011
 2010
 2009
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.

Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org