Klikk her og gå til framsida av Vikebygd.org

Vikebygd i dag 

Facebook    -   Twitter

17. mai feiring i Vikebygd 2017

Sida er sist endra 17. mai 2017


Tusen takk til alle som gjorde vår nasjonaldag til
ein glede-fest i bygda

av Steinar Skartland 17.5.2017

Spesielt tenkjer eg på

  • Takk til dei som heiste og firte flagget på Trodlanibba!
  • Det flotte korpset vårt.  Kva er vel 17. mai utan korpsmusikk? Dei var med heile dagen. I parken, i kyrkja, ved kransenedlegging, i toget, ved aldersbustadane og bygdahuset. På scenen under festen. Tusen takk til alle gamle korpsmedlemmer som stiller opp ekstra. Fire trommeslagarar sørgja for både takt og 17-mai stemning i tillegg til all hornmusikken.
  • Takk til flaggberarar. Både store og små. 
  • Takk til speidarane som stod for seremoni med flaggheising i parken, flaggborg i kyrkje og ved kransenedlegging.
  • Takk til 7.-klassingane for ein kjempegod tale og kransenedlegging ved kyrkja.
  • Takk til Eldbjørg Andreassen for ei flott gudsteneste
  • Takk til dei som laga mat, stod for leiker og konkurransar, arrangerte festen på dagen
  • Takk til den gode talaren på folkefesten, Gunnar Listog
  • Takk til alle som deltok med mange ulike oppgåver og dei som ikkje alt er nemnde
  • Takk for flott vêr

Speidarane heiser flagget i parken kl 9:45
Speidarane heiste flagget i parken klokka 9:45


Korpset deltok under gudstenesta som bunadskledde Eldbjørg Andreassen leia. Musikk til salmesong og nasjonalsong var det bygda sin eigen organist, Arne Tveit, som sytte for.

Prostiprest Eldbjørg Andreassen hadde fått dispensasjon frå prosten til å nytta bunad i staden for prestekjolen i denne gudstenesta. Speidarane bytte på å stå med flagga. Medliturg var Brit Nelly Ness Tveit.


Caroline (la ned kransen), Asgeir (flagg) Alida og Undine (talarar) og Tonje (flagg).


Folketoget starta ved kyrkja og gjekk til Bygdahuset. Flaggborg og barnehage først med eit godt korps etter seg før skulen og alle andre. 

Folketoget i Vikebygd.  Klikk her for større bilde
Toget gjekk turen forbi aldersbustadane og til bygdahuset.  Der var det tid for lapskaus, kjempegode kaker, leiker, konkurransar og fest med tale for dagen. Gunnar Listog fekk mykje skryt for denne talen.  Og for dei som ikkje har følgd med i kvardagen, så var ei nyhetsoppdatering med Solveig Hortman og Gunn Vikingstad på sin plass, før premiar for alle konkurransane og ei avslutning med allsong og korpsmusikk.

Ein festdag for born og vaksne, der vi ikkje såg korkje bevæpna politi eller millitære paradar.  Det nærmaste ein kom slikt var vel fredeleg blinkskyting på loftet.
 


Vikebygdsongen
Tekst: Birgit Veastad Helland,   Melodi: Dei gamle fjelli (Ivar Aasen)

Å Vikebygd vår fagre bygd så ven ei bygd å sjå.
Ho ligg her lunt i livd og trygd av gamle fjella grå.
Og fjorden fin i storm og smil er med og hegnar inn
den bygda som me stundar til og elskar i vårt sinn.

Så vent det er vel ingen stad som her i bygda vår
og hugen vert så lett og glad når me på fjellet står.
Og ser dei gilde heimar her som lunt er kransa inn
av lønn og hegg og bjørketrær, ja gran og furu fin.

Og folket dyrkar jorda trutt, dei byggjer, plantar, sår.
Og sikkert vert her mykje rudt for kvart eit år som går.
Og alle gled seg når her er litt framgang i vår bygd -
Og kjenner at me har så kjær vår heimstad: Vikebygd.

Og alle dei som reiste ut dei lengtar ofte heim
til fjell og li og høgste nut, ja til kvar stubb og stein.
Så jamt i tankar bygda stig framfor det indre syn
når ho i soleglad her ligg i glans frå bryn til bryn.

Gud signe då vår fagre bygd sign folket som her bur
og lever her så godt og trygt hjelp at dei på deg trur
Sign alle dei som ute er og lengta mot sin heim
ver med din sterke arm dei nær Gud vara alle dei.

I kvardag, helg; i glede, sorg, det er så godt å gå
til Gud som er vår faste borg og som oss verja må.
Når kyrkja med sin klokkeljom oss kallar mildt derinn.
Ut over bygda tonar: Kom! Då vegen dit me finn.


  

Les også andre nyheiter frå Vikebygd


Sjå gamle bilete her


Likar du Vikebygd.org?

Følg med på Twitter
Totalt 117.003 besøk på vikebygd.org i 2016.

til hovudsida for Vikebygd


-
Kyrkja gjennom 800 år
Vikestølen gjennom 116 år
Vikebygd i Hgsd. Avis
Vikebygd i Grannar.no

Følg på Twitter - her


Vêrvarsel for Vikebygd
ORD FOR DAGEN I DAG
Ledig jobb i Vindafjord
Pollenvarsel YR.no

Andre nettstader

Frå tidlegare

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Fotoalbum
KFUK-M Speidarane

Anna Info

2017
Siste nytt frå bygda
Juni
Jonsok feiringa 23.6.
Folketalet og skulen i bygda

Mai
17. Mai feiringa
Konfirmasjon i bygda
Chris og Øystein Show
Merking av nye stiar
Dugnad på Årvik skule
Tom Roger-konsert i kyrkja

April
Vikesprinten 30.4.2017
Vikeputten 29.4.2017
Nyopning av butikken
Rolf Alne i Kenya
På leit etter røtene i Vikebygd
Påsken 2017
Vikestølstur i sol
Fasteaksjonen
Mars
SØK inn i Haugaland Kraft
Vikebygd Amatørteater
Forskjellig frå febr.-mars
Februar
Planeten Venus i vest
Kulturettermiddag
Speidarfest og Nutastavar
Venneklubben i Vikebygd
Arquebus-filmen
Januar
Januar
Årsmøte i Grendautvalet


Tidlegare år
 2016
 2015
 2014
 2013
 2012

 2011
 2010
 2009

 

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2016
 2015
 2014
 2013
 2012

 2011
 2010
 2009
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.

Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org