Klikk her og gå til framsida av Vikebygd.org

Vikebygd:   

Facebook    -   Twitter

Konfirmantane 2017   

Sida er sist endra 15. mai 2017


Vi gratulerer årets konfirmantar frå Vikebygd med dagen
Konfirmasjon i Vikebygd 14. mai

av Steinar Skartland 14.05.2017


Konfirmantane frå Vikebygd (i alfabetisk rekkefølgje):
Ada Nagel-Alne, Andrè Fotland Fostenes, Even Larsen, Ingeborg Owe, Jørgen Vik, Mari Larsen (konfirmert i Skjold), Marlin Dommersnes Einarsen, Mirjam Liodden og Renate Frøvik Svendsbøe. Ingrid Handeland frå Skjold var med i konfirmasjonsgruppa i Vikebygd.

Det vart ei flott og spesiell gudsteneste som konfirmantane frå Vikebygd fekk vera del i denne søndagen. Gudstenesta starta med at to born vart døypte. Familie, gjester og bygdefolk til konfirmantar og dåpsbarn fylte benkene til siste plass. Både galleriet og sidebenkene vart nytta denne dagen.

I kyrkja er det også byggjearbeid på gong. Midt i kyrkjeskipet var det gjort plass både til rullestolbrukarar og til ljosgloben ved at nokre benker var korta ned i lengda. Dette gjer at dei som må ha med seg si eigen rullestol kan sitja i lag med dei andre, inne i benkeradene. I tillegg til at det tidlegare er bygd rullestolrampe ute ved hovudinngangen og tilrettelagt også med ein mobil rampe opp til koret og alterringen, så er kyrkja nå ennå meir universelt utforma. Det er også godkjent planar for toalett inne i kyrkja, i søndre delen av våpen-huset. Vassleidning er etablert og det er nok ikkje så lenge til at ein slepp å gå ut og ned til bårehuset for å finna toalett.

 

 

Stell av kyrkjegarden
av Steinar Skartland  5.6.2017

Fleire har reagert på at klypping av graset på kyrkjegarden i Vikebygd ikkje har vore utført slik det skal i seinare tid. Fellesrådet for kyrkjene har ansvar for drift og vedlikehald av dei kyrkjelege eigedommane, og kyrkjeverja skal syta for at dette skjer. Kyrkjene har inngått avtale med eit eksternt firma som skal utføra klypping etter ein fast plan, dvs. kvar 8. dag frå slutten av april. 

Underteikna, som også er representant for kommunen i Fellesrådet for kyrkjene, er lei meg for at dette ikkje har skjedd.  Derfor sende eg melding til kyrkjeverje og leiar i Fellesrådet om den manglande klyppinga, då eg vart gjort merksam på dette. Frå leiar i fellesrådet har eg fått tilbakemelding om at kyrkjeverja, som hadde motteke fleire klager,  tok synfaring på alle kyrkjegardane 28. mai. Dagen etter kalla han inn leiar i klyppeselskapet som lova at dette skulle ordnast opp i og at alle kyrkjegardane skulle klyppast i løpet av veka. Leiaren i klyppeselskapet hadde ikkje sjekka at dei han hadde leigd inn hadde vore på jobb.

Fellesrådet får drøfta kva som har svikta og gjera sitt til at vi får eit godt stell av kyrkjegardane våre.  


Les også andre nyheiter frå Vikebygd


Sjå gamle bilete her


Likar du Vikebygd.org?

Følg med på Twitter
Totalt 117.003 besøk på vikebygd.org i 2016.

til hovudsida for Vikebygd


-
Kyrkja gjennom 800 år
Vikestølen gjennom 116 år
Vikebygd i Hgsd. Avis
Vikebygd i Grannar.no

Følg på Twitter - her


Vêrvarsel for Vikebygd
ORD FOR DAGEN I DAG
Ledig jobb i Vindafjord
Pollenvarsel YR.no

Andre nettstader

Frå tidlegare

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Fotoalbum
KFUK-M Speidarane

Anna Info

2017
Siste nytt frå bygda

Juni
Jonsok feiringa 23.6.

Mai
17. Mai feiringa
Konfirmasjon i bygda
Chris og Øystein Show
Merking av nye stiar
Dugnad på Årvik skule
Tom Roger-konsert i kyrkja
April
Vikesprinten 30.4.2017
Vikeputten 29.4.2017
Nyopning av butikken
Rolf Alne i Kenya
På leit etter røtene i Vikebygd
Påsken 2017
Vikestølstur i sol
Fasteaksjonen
Mars
SØK inn i Haugaland Kraft
Vikebygd Amatørteater
Forskjellig frå febr.-mars
Februar
Planeten Venus i vest
Kulturettermiddag
Speidarfest og Nutastavar
Venneklubben i Vikebygd
Arquebus-filmen
Januar
Januar
Årsmøte i Grendautvalet


Tidlegare år
 2016
 2015
 2014
 2013
 2012

 2011
 2010
 2009

 

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2016
 2015
 2014
 2013
 2012

 2011
 2010
 2009
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.

Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org