Klikk her og gå til framsida av Vikebygd.org

Vikebygd:   

Facebook    -   Twitter

Tom Roger med konsert i kyrkja 4. mai   

Sida er sist endra 4. mai 2017


Tom Roger Ådland med kyrkjekonsert i Vikebygd
av Steinar Skartland 14.5.2017, foto Berit R. S

Det var første gong Tom Roger hadde eigen kyrkjekonsert i Vikebygd. Og at dette fall i smak tyder nok det at 81 betalande møtte opp for å høyra på.  Det mangla ikkje på lovord frå dei som sat i salen og fekk med seg eit breitt repertoar med song og musikk frå fleire av Cd'ane som Tom Roger Ådland har gjeve ut dei siste åra, også den nyaste som er under produksjon nå.

Vikebygd har ei vakker kyrkje, vel eigna for musikalsk opptreden. Gudstenester er der berre 15-16 gonger i året nå, og kanskje ein 8-10 gravferder og bryllaup. Så mange dagar står bygget tomt.  Då høver det godt at soknerådet kan sjå på ulike former for tiltak for å få nytta dette vakre bygget.  Gi folk høve til å koma der og nyta musikk.

 

 


Konsert i Vikebygd kyrkje
4. mai, klokka 19:30
Billettar kr 200,-

Arr.: Kulturutvalet i Skjold og Vikebygd sokneråd

KRITIKAR-ROST DYLAN-GJENDIKTING
(Innsendt av Tom Roger Aadland via Soknerådet / Bente Helen)

Rockepoeten Tom Roger Aadlands nye album «Blondt i blondt» (Bob Dylans meisterverk «Blonde on Blonde» gjendikta til nynorsk) har fått ei strålande mottaking av eit samla kritikarkorps. «Suveren nynorsk utgåve av Bob Dylan-klassikar», skreiv Fredrik Wandrup i Dagbladet då plata kom ut, mens NRK P1 Norsk på norsk kåra «Blondt i blondt» til årets album, med følgjande kommentar: «Av og til kommer det skiver som tar pusten fra deg, rett og slett fordi de er så intense og vakre. Dette var en slik oppleving».

Singelen «Eg må ha deg» (ein energisk pop-rock-versjon av «I Want You») har fått mykje speletid på P1, og blei hylla av artistkollegaer då han kom ut. «Bravo!!», skreiv Sivert Høyem på Facebook, og Hellbillies’ Aslag Haugen kommenterte at: «alle som driv i faget låtskriving, veit at fallhøgda her er ekstrem... Tom Roger gjer dette på sitt eige morsmål på meisterlig vis!».

Den siste hausten har Aadland sunge Dylan på nynorsk for fulle hus over heile landet. Og midt oppi det heile, blei altså Bob Dylan tildelt Nobelprisen i Litteratur.

Tom Roger Aadland hadde stor suksess med albumet «Blod på spora» (Dylans «Blood on the Tracks» gjendikta til nynorsk) i 2009. Omfattande turnering over heile landet, universitetsføredrag og bokutgjeving følgde i kjølvatnet, og Tidal kåra opningssporet «Vikla inn i blått» til ein av tidenes beste norske coverlåtar. Aadland har gjeve ut seks kritikarroste album som soloartist, og er kjent for radiolåtar som «Min beste ven på ein dårleg dag» og «Like til mi dør». Han har også skrive tekstane til åtte av tolv låtar på Hellbillies’ nye album «Søvnlaus», mellom anna radiohitane «20 år på vegen» og «Søvnlaus».
 

 

 
 
 
 
 

Les også andre nyheiter frå Vikebygd


Sjå gamle bilete her


Likar du Vikebygd.org?

Følg med på Twitter
Totalt 117.003 besøk på vikebygd.org i 2016.

til hovudsida for Vikebygd


-
Kyrkja gjennom 800 år
Vikestølen gjennom 116 år
Vikebygd i Hgsd. Avis
Vikebygd i Grannar.no

Følg på Twitter - her


Vêrvarsel for Vikebygd
ORD FOR DAGEN I DAG
Ledig jobb i Vindafjord
Pollenvarsel YR.no

Andre nettstader

Frå tidlegare

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Fotoalbum
KFUK-M Speidarane

Anna Info

2017
Siste nytt frå bygda
Juni
Jonsok feiringa 23.6.
Mai
17. Mai feiringa
Konfirmasjon i bygda
Merking av nye stiar
Dugnad på Årvik skule
Tom Roger-konsert i kyrkja
April
Vikesprinten 30.4.2017
Vikeputten 29.4.2017
Nyopning av butikken
Rolf Alne i Kenya
På leit etter røtene i Vikebygd
Påsken 2017
Vikestølstur i sol
Fasteaksjonen
Mars
SØK inn i Haugaland Kraft
Vikebygd Amatørteater
Forskjellig frå febr.-mars
Februar
Planeten Venus i vest
Kulturettermiddag
Speidarfest og Nutastavar
Venneklubben i Vikebygd
Arquebus-filmen
Januar
Januar
Årsmøte i Grendautvalet


Tidlegare år
 2016
 2015
 2014
 2013
 2012

 2011
 2010
 2009

 

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2016
 2015
 2014
 2013
 2012

 2011
 2010
 2009
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.

Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org