Klikk her og gå til framsida av Vikebygd.org

Hendt i Vikebygd   

Facebook    -   Twitter

Januar 2017  

Sida er sist endra 19. febr. 2017

 
Søndagsskule og laurdagsklubb vart til Venneklubben

Lene, Line og Kjersti vidarefører aktivitet for born i Vikebygd, men nå annankvar fredags-ettermiddag på bedehuset, klokka 16:00 - 17:30.


Kunngjering:
Klikk her for å sjå større plakat


TYSDAGSKVELDAR PÅ LONGÅSDALS-HYTTA

Frå kl. 18:30 og utover kvelden vil det, siste tysdag i månaden i januar, februar, mars og april, vera fyr i omnen og servering av nykokt kaffi på Longåsdalshytta.

Ta på deg hovudlykt og få ein fin kveldstur og koseleg drøs på hytta. Datoar:  31.1., 28.02, 28.03 og 25.04
VELKOMMEN !
Styret for Longåsdalshytta
 


Vikebygd grendautval informerer
mottatt 19.1.2017

Nytt styre har nå konstituert seg, og ser ut om følgjande:

Leiar: Solveig Horman
Nestleiar: Elisabeth Winterhus Julsrud
Sekretær: Frode Tindeland
Kasserar: Kjetil Andrè Skartland
Styremedlem: Stein Andor Sundve
Vara: Ingrid Mathilde Sørvåg
   
Valgkomitè: Reidun Birkeland Bakkevik
Lauritz Bjørnevik
Frantz Lea


Ein kan nå Vikebygd grendautval på e-postadresse: post@vikebygd.no


JULETREBRENNING LØRDAG 14. JANUAR 2017

13. dag jul var på fredag den 6. januar. Fredag den 13. januar er det 20. dag jul. "Då kjem Knut og kaster jula ut".

-Nå har dei fleste rydda jula ut, fortalde Aud Jorunn Tordal i LioVel då ho inviterte til bygdearrangement på leikeplassen ved Liofelta.

Liovel inviterte også i år til felles juletrebrenning for alle i bygda på lekeplassen mellom felta.  Lørdag 14. januar møttes dei kl. 14:00 på lekeplassen for ei sosial samling.
Her vart det bål av juletrea frå i fjor og folk kunne kosa seg med lappar, kake, kaffi og kakao. Ein pris på 50,- kr pr. tre eller familie dekka servering.

Det vart fyra opp i bålpanna og dei som ville kunne ta med seg pølser eller anna å grilla
 


Årskavalkade - Det hendte i Vikebygd i 2016

Den gamle og så den nye tid - side om side på Dommarsnes

Oppå kaien ligg to gamle båtar utan eigar.  Den grøne og kvite berga Kystvakta i 2013. Seinare har den lege til forfall på Dommarsnes.  Les meir om dette her.

Grendautvalet med årsmøte 5. januar
Frantz Lea gir seg som leiar i Grendautvalet
av Steinar Skartland 5.1.2017 / oppdatert 8.1.16

Ein liten flokk hadde benka seg i eit kaldt lokale på bygdahuset torsdag 5.1. Men diskusjonane gjekk varmt og forslaga til folkeauke, tilflytting og aktivitet som Grendautvalet vil stå for, var gode og kreative. Årsmeldinga kunne syna både til mykje godt gjennomført arbeid og god økonomi i eit aktivt grendautval, som hadde sett seg gode mål for åra som kjem.

Ein evig smilande leiar viste til det dei hadde oppnådd og særskilt til at:
-Nå står lyktestolpane loddrett, men det tok over eitt år å få dei retta opp.  Heilt utruleg!

Frantz Lea og styret han har leia, har ikkje vore dei som har gitt opp om det kom motstand og det Frantz ser på som kommunal treghet som svar på dei mange innspela for å gjera bygda meir attraktiv. Likevel kunngjorde han at nå ville han gå av som leiar og slutte i grendautvalet. Han fekk både ros for arbeidet, blomar og ein varm klem av Solveig Hortman, som er nestleiar.

Nye styremedlemmer ved dette valet vart Frode Tindeland og Kjetil Andre Skartland, i tillegg til Solveig Hortman, Elisabeth Winterhus Juulsrud og Stein Andor Sundve. Grendautvalet konstituerer seg sjølv, men dei blir ikkje heilt fri for Frantz som nå går inn i valkomitèen.

Nå har kommunen sett veg med sykkel og gangsti forbi Vossaplasset på topp av prioriteringslista til Fylket og pressar på for å få oppstart alt i 2017 på prosjektet. Vossaplassbrua er på plass. Uteområdet Bryggjebakken er gjort mykje betre og grillhytte er sett opp, Informasjonsskilt ved Jokerbutikken og nettside med informasjon er på plass. Fleire andre saker står i årsmeldinga som: "Pågår".  Grendautvalet ga også ei støtte til innkjøp av projector på Bygdahuset og fortalde om ulike prosjekt dei har støtta.

Det nye Grendautvalet fekk med seg fylgjande handlingsplan for 2017-2019:

  • Vossasvingane - Gang- og sykkelsti til Vikebygd sentrum
  • Vidare arbeid med utbetring av Fv 734 Vikevegen (delutbetringar)
  • Gang- og sykkelsti frå Vossasvingbrua til Dommersnes m/lyktestolpar
  • Oppgradering og skoging rundt Plassaelva (etter avtale med grunneigar)
  • Gang- og sykkelsti m/lyktestolpar frå Bygdahuset til Kvamme
  • Dommarsnes Industriområde
  • Fleire innbyggjarar (barnefamiliar)
  • Reklamere for bygda, og vidare arbeid med nettstaden: www.vikebygd.no
  • Lys i eksisterande stolpar i Lio 2
  • Breiband i Nordabygda

På spørsmål om status for arbeidet med drivstoff-Tanken, så kunne Frantz orientere om at Motorbåtforeningen hadde signalisert ynskje om å få dette til, mest mtp. båtar på fjorden og medlemmer i båtlaget.   (Saksliste-Innkalling til årsmøtet Les årsmelding her

Les meir her frå årsmøtet og planane 


Klikk her for å få større tabell
Klikk på tabellen for å sjå større bilde av den.

Sjå gamle bilete her


Likar du Vikebygd.org?

Følg med på Twitter
Totalt 117.003 besøk på vikebygd.org i 2016.

til hovudsida for Vikebygd


-
Kyrkja gjennom 800 år
Vikestølen gjennom 116 år
Vikebygd i Hgsd. Avis
Vikebygd i Grannar.no

Følg på Twitter - her


Vêrvarsel for Vikebygd
ORD FOR DAGEN I DAG
Ledig jobb i Vindafjord
Pollenvarsel YR.no

Andre nettstader

Frå tidlegare

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Fotoalbum
KFUK-M Speidarane

Anna Info

2017
Februar
Arquebus-filmen
Januar
Årsmøte i Grendautvalet

20166
Desember
Forskjellig frå desember 2016
Omvisning på båten Wayfarer
Musikalsk julegudsteneste
Lokal julekonsert m fullt hus
Julekonsert med Scala
Lysmessa i kyrkja
November
Tenning av julegrana
Julemessa 2016
Globalaksjonen
Bibelmaraton i Skjold
Vikebygd Amatørteater?
November skjedde det
Oktober
Grendautvalet - ope møte
Lokal drivstoffløysing
Amatør teater i Vikebygd?
Longåsdals-dagen
Aktivitetsdag på idrettsbanen
September
Eigarskiftehelg på Joker
Folkerøystinga
Spennande gudsteneste
Vikestølsmarsjen med pop-up
August
Ny butikkeigar i bygda
Haustfest i Lio
Kommunesamanslåing?
Paul Harrison i Skjold kyrkje
Juli
Fotballkamp Vikebygd-Bjoa
Sommarsordførar
På attgrodde stiar
Dugnad for Bygdahuset
Juni
Vikestølsmøtet 26.6.
Nytt i Vikebygd i juni
Olabilløpet i Lio 24.6.
St.hans feiring 23.6.
Vigsel og dåp i parken
Dugnad på "Årvik skulehus"
Tre nye flytebryggjer
Dugnad i båthamna
Trafikksikring av Plassavegen
Mai
Speidarleir på Blikshamn
Sentrale tomter til sals
17. mai feiringa
Minnestøtta
Vikesprinten 1.5.2016
April
Vikeputten 30.4.2016
Garasjesaldagen
Christian Stejskal -
Nutakassane på plass.
Mars
Bedehusbasar og årsmøte.
Turorientering og postar.
Kulturettermiddag 15.3.
Konfirmantane med bøsser
Merka løype til Sætrefjellet
Årsfest for speidarane
Februar
Felles årsmøte Vik og Skjold
Vinter, sol og fjelltur
Idrettsliv i Vikebygd
Svaner på isen
Januar
Vinter i Vikebygd
Tur til Vikestølen
Juletrebrenning i Lio
Bilete frå farne tider i bygda
Ordførar sin Nyttårsfest 3.1.
Tidlegare år
 2015
 2014
 2013
 2012

 2011
 2010
 2009

 

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2016
 2015
 2014
 2013
 2012

 2011
 2010
 2009
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.

Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org