Lokalt bibliotek i
Gamlatunet
Ope onsdagar
17:00 - 19:30
Joker Vikebygd med
Bok i butikk
Last ned skjema for lånekort,
HER.
Send det til biblioteket, kom innom med det eller putt det i ein av
innleveringskassane.
Om nokon finn at tekst eller bilete på desse sidene er støytande eller ikkje
skulle vore offentleggjorde, så kontakt meg på tlf 908 73 170 eller ved å
klikka HER, så vil eg endra. Steinar Skartland
Du kan bidra
til denne web-sida
Dersom du har informasjon eller nytt frå Vikebygd som kan leggjast på desse sidene,
så send dei på e-mail til:
steinar.skartland@vikebygd.org
Folket i Vikebygd har bidratt med Kr 94.569 til Idrettslaget gjennom Grasrotandelen
(9.1.2012 SteinarS) Dei som spelar hos Norsk Tipping kan velja at ein del
av spelebeløpet skal gå til ein organisasjon som dei vel ut og som er godkjend
for dette. Vikebygd Idrettslag er godkjend for å motta den såkalla
"Grasrotandelen". 2011 vart eit rekordår der Norsk Tipping totalt kan
overføre 296 millionar kroner frå spelarane til lag og organisasjonar i Noreg.
Av dette går 35.215,50 til Vikebygd Idrettslag. Frå ordninga vart
oppretta har dermed heile kr 94.596,- hamna hjå idrettslaget vårt.
Idrettslaget
har 154 betalande medlemar. På det meste har 126 aktive tipparar
registrert seg slik at deira grasrotandel har kome Idrettslaget i bygda til
gode. Sjå statistikken her.
Norsk Tipping takkar alle som har støtta lokale lag og organisasjonar på
denne måten. Lurer du på kor mykje andre lag og foreiningar har fått
gjennom Grasrotandelen? Gå
inn på www.grasrotandelen.no
for å finna det ut.
Retningslinene for Grasrotandelen vert fastsett av ei forskrift frå Kultur- og
kyrkjede-partementet, som du kan lese
her.
Det er som kjend ein del aktive idrettsungdomar i Vikebygd som spelar fotball på
IL Skjoldar. Dette laget fekk Grasrotandel frå 146 tipparar, noko
som ga dei kr 67.377 i 2011.
Grasrotmottakarane vil motta midlar over Grasrotandelen tre gonger i året,
1.januar 1.mai og 1.september. Det vert ikkje lagd føringar på kva midlane skal
brukast til.
Grasrotandelen
Interessant å lesa om bygda i
eldre tid?? Få
med deg sogeblada - til sals i butikken Vindetreet:
Sogeskriftet for bygdane Imsland, Vikedal, Sandeid, Vats,
Skjold og Vikebygd
Kjøp Vindetreet over Internett
Rekord-besøk på vikebygd.org i 2011.
Total hits: 2.315.486 (i 2010: 1.791.947. Auke på 29,2%)
Total visits: 95.278 (i 2010: 63.635. Auke
på 49,7%) Gj.snittleg besøk pr dag i 2011: 261. Statistikk pr mnd, her.
Nyttårsfeiring og fyrverkeri i Vikebygd
Bakkebatteri ga flott markering av årsskiftet.
(1.1.2012 SteinarS) Ein og annan rakett gjekk av tidleg på kvelden slik
at dei minste borna skulle få sjå dette også, men då klokka slo 00:00 og året
2012 tok til, var det mykje krut som gjekk til himmels. Så kan vi endå ein gong
få ynskja alle: Godt Nytt År. Les meir her.
Bakkefyrverkeri over Skartland
Plantene forvirra
Krøll med klima og årstider (31.12.2011
Roald Årvik) På den siste dagen i året så har Snøsløyfa Iberis
Sempervirens byrja å blome, ei mengde knoppar ligg klar til å skyte ut til ein
blome.
Forsøk på å verve nye
innbyggjarar
Romjulsmesse i Ølen kulturhus (28.12.2011
SteinarS)
Rune Hetland, leiaren i Vikebygd Grendeutval, stilte opp i kulturhuset i
Ølen torsdag i romjula, for å verva nye Vikebuar. Han var ein av omlag 20
utstillarar som tok imot utfordringa frå Tomteselskapet og kommunen om å delta
på romjulsmessa.
Vindafjord
Tomteselskap, VAF og kommunen ville presentera ledige tomter,
arbeidsplassar og næringslivet. Rune var her for
å setja fokus på Vikebygd. Nyleg vart det opna 19 nye tomter i Vikebygd
som utviding av Lio 2.
-Vi har hatt folk innom som har vore
interessert i tomter i Vikebygd, kunne Rune fortelja.
Vikefjellet har tatt på julapynten. Foto: Roald
Årvik Parti frå Morgonsvatnet med Javnanuten i bakgrunnen,
ein sundag føremiddag (18.12.11). Fleire bilete her:
http://roald.vikebygd.org
Laurdagsklubben inviterte til
Juletrefest på bedehuset 30.
desember Omlag
60 born og vaksne var med då Laurdagsklubben inviterte til juletrefest på
bedehuset i Vikebygd. Kjersti Bjerga hadde andakten. Her fekk me høyra om
Jesus som vart fødd og måtte liggja i "matfatet til dyra" (krybba), om englane
som song og gjetarane som gjekk for å finna barnet. Julesongen tona flott
i møtesalen denne dagen. Etter eit julemåltid var det tid for leiker og
utlodding, før festen vart avslutta med alle i ring om juletreet og song av dei
kjende julesongane. Les her.
Grøn Jul
Ei våt julefeiring i Vikebygd (26.12.2011
SteinarS)
Det kom litt snø og kulde i adventstida, men vêret snudde om før jul.
Både juleafta og juledagane har det vore mildvêr og regn i Vikebygd. 2.
juledag viste termometeret 10 grader ute, og ein kunne undra seg på om det
snart var tid for å ta fram grasklypparen og stussa plenen litt.
Lengre nord på kysten var det stormen Dagmar som herja.
Litt merka ein nok og den i Vikebygd, men ikkje mykje. I år vart det nok
liten grunn for borna til å prøva akeutstyret sitt om dei fekk slikt til jul.
Likevel var det fleire som fekk høve til det då den nye leikeplassen i Vikebygd
vart opna 18. desember.
The
Skartland family Christmas card and song,
here it is.
Just click on the link.
Merry Christmas from all of us to all of you.
A Skartland Christmas |
FACEBOOK
Leif Skartland Sr - Vocals, Rhodes, Piano, guitar; Leif Skartland Jr - Drums,
Keys, Mixing; Danielle Devlin - Vocals; Tim Devlin - Bass;
Carla Skartland - Applauded :)
Stappfullt i Vikebygd kyrkje på Juleafta.
Familiegudsteneste
Juleafta,
24. 12, klokka 16:00.
Mest
imponerte aspirantane som hadde fått sine første instrument utdelt i September i
år, og som stilte opp og framførte "Bjelleklang" heilt åleine.
Det er
eit stort korps i Vikebygd, med musikkarar i alle aldrar. Dei fleste har
spela i mange år og er svært dyktige under leiing av Andreas Ulveraker.
Sokneprest Bjarne Hjelvik måtte saman-likna korpsmusikken med Bytunet når han
skulle rosa dei. Kyrkjelyden i den fullsette kyrkja applauderte godt for å
visa at dei sette pris på korpset si deltaking og musikalske innslag.
Arne Tveit spela kyrkjeorgel i lag med korpset på nokre
musikkstykke. Her var også andre innslag der Marie og Astrid Mortveit song
duett til musikk av Arne Tveit på piano. Helge Veastad framførte etterpå: "Mitt hjerte alltid vanker,"
på sologitar i samspel med kyrkjeorgelet.
Gudstenesta var ei flott innleiing til julehøgtida - der folket kunne køyra heim
til lyden av klokkene som ringde jula inn klokka 17:00. Les meir her.
Vikebygd Kyrkje
Ljosmessa 18.desember
(18.12.2011 SteinarS) I mange år har det vore
tradisjon for Vikebygd med ljosmesse i desember. Søndagskvelden den 18.
12. tok folk igjen ut frå heimane og samlast i kyrkja. 156 deltakarar
kunne Brit Nelly telja opp. I sentrum stod speidarane og konfirmantane.
Soknepresten kom inn med eit stort ljos. Ljoset vart delt med ei gruppe
speidarar som vart sende ut med sine ljos. Desse spreidde seg til fleire
og fleire. Så kom dei inn. Ei lang rekkje med speidarar toga så inn i den
mørklagde kyrkja. Kvar med sitt levande ljos. Til saman gjorde dei
det ljosare i kyrkja. Slik den glade bodskapen vert spreidd ut i verda.
Den fekk speidarar, konfirmantar og prest vera med og dela i kyrkja denne
kvelden. I tekstlesing, song og deltaking.
Dugnadsånd i Vikebygd.
Opning av ny leikeplass mellom Lio 1 og 2. (18.12.2011 SteinarS) Søndag 18.
desember kunne Lio Vel opna den nye leikeplassen i Vikebygd med program for borna og
grilling for heile familien. Dugnadsarbeidet har ført til
ein flott uteplass for bygda, som
kan nyttast både sommar og vinter. Lekeplassen er både ein naturtomt der terrenget har fått liggja slik det var,
men også tilrettelagt med ein hellelagt område i eine hjørna. Her er det
sett opp lèvegg og ei grillgryte er på plass. På opningsdagen sørgja Geir
Rasmussen for bål i grillen og steikte pølser til dei frammøtte. Foreldra
hadde også sørgja for ei gyte med kakao.
Til å tale på opninga
hadde komitèen invitert varaordførar Steinar Skartland.
Velforeininga har fått støtte i form av 10.000 av Vikebuen, 16.000 av VAF og 3.000 av SR-Bank. Utover det flotte
arbeidet Agnar Alne har gjort av entreprenørarbeid, så er alt anna gjort på dugnad.
- Vi har hatt nok fagfolk til at dette er gjort fagleg rett. Dei har fått
gode prisar på materialer. Les meir om opningsarrangementet her.
Vindafjord Kommune
Kulturstipendet til Per Øyvind Valen og Jane Espevoll.
(15.12.2011 SteinarS) Under ein pause i kommunestyret
den 13. desember vart det utdelt prisar frå kommunen til personar som hadde
utmerka seg innan ulike område. M.a. vart kulsturstipendet frå
Vindafjord Kommune delt mellom to
kandidatar:
Per
Øyvind Valen for hans idrettsinnsats. I tillegg til å ha kome langt
innan orientering, så går han nå 2. året på Haugaland Idrettsgymnas.
- Planane er å kunne delta på treningsleirar i inn- og utland, fortel Per Øyvind. Kulturstipendet på
15.000 kroner vil nok vera ei hjelp her.
Stipendet var i år delt på to, og den andre halvdelen gjekk
til Jane Espevoll, som driv med trening av gjetarhundar. Ho har delteke i
fleire EM og VM i tillegg til konkurransar i Noreg. Begge er med sin
innsats gode ambassadørar for Vindafjord.
Byggeskikksprisen gjekk til Magnar Frøyland.
Omsorgsprisen, som vart utdelt under ei tilstelning på
Vindafjordtunet, gjekk i år til "Dei frivillige på Vindafjordtunet."
Vidare fekk Jan Hegerland: Næringsprisen, Elisabeth Kallevik Nesheim: Kjerringsprisen og Lars Olav
Larsen: Kulturprisen. Les meir frå prisutdelinga HER
Vindafjord kommune sitt eige kor: KORe' Vindafjord, På kommunen sitt julebord i Ølen 2. desember fekk
koret gle dei festkledde
kommunetilsette og politikarar med ei rekkje flotte julesongar. Du kan
sjå eit klipp frå framføringa i Ølen fredag, Les meir HER
Desember er julebordsmånad
(11.12.2011
SteinarS) Det har vorte ein tradisjon i Noreg med julebord første
del av desember. Det er ikkje berre i julehelga at ein kan feita
seg opp
lengre. På Gamlatunet er det inkje unntak. Jakob Rødde har hatt
fleire julebord kvar veke.
Bonden med garden sin midt i bygda har synt at
han kan meir enn å stella jord og dyr. Det er berre godord å høyra om
maten som vert servert i dette gamle bygget han har restaurert, noko som ga han
kommunen sin byggjeskikks pris for nokre år sidan. Her er bibliotek, kafé
og selskapslokaler. - I helga har eg avløysar, men midt i veka blir det travelt,
seier Jakob som både må passa på dyra i fjosen og grytene på kjøkkenet. Les meir HER
Lynnedslag skada mobil og internett
(27.11.11/16.12.2011 SteinarS) Eit kraftig torevêr med
lynnedslag i Vikebygd natt til laurdag, sette Telenor sin mobilsendar ut av
spel. Fleire fekk skader på internett forbindelse og utstyr. Det gjekk to
veker før sendar, linjer og internettutstyr var i orden igjen.
Breiband og mobil tilbake i Nordabygda.
(16.12.2011 SteinarS) Endeleg er internett tilbake
igjen. I tillegg til feil på linjene og Telenor sin mobilsendar, vart modem
og anna datautstyr skada då lynet slo ned. Det var så mange skader at det
tok to veker å få ordna opp i alt. Det mest positive er at etter
reparasjonen har Telenor sin mobilsendar betre signal i Nordabygda og. Ein
test-tur viste at det var signal heile vegen frå Skartland til Toredalen.
Dette området har vore så godt som utan dekning i fleire år etter at Telenor
justerte sendaren for å gi signal til Årvik. Nå får vi sjå om dette held
fram.
Landhandelen i Vikebygd
Joker butikken held fram og utvidar opningstida
(27.11.2011 SteinarS)
Etter at
Vikebygd Landhandel vart avertert for sal i sommar, har
mange
vore urolege for at bygda skulle bli utan nærbutikk. Fleire interessentar
har vurdert å ta over butikken, men så langt vikebygd.org kjenner til har alle
desse trekt seg.
Rolf Alne, tok over butikken i 1999. Han har ikkje tenkt å
leggja inn årane ennå, og har konkludert med å halda fram drifta av Joker-butikken sjølv.
Les meir her
Kyrkjebladet Hyrdingen sitt julenr
Nr 6 av bladet kom i alle postkassane 8. desember, men kan også lesast på internett, her.
Som vanleg
inviterte Hyrdingen alle skulane i Vindafjord til å teikne med ein julesong som
tema. Dei beste barneteikningane er denne gongen på trykk i Hyrdingen.
Du kan også
sjå fleire av utgåvene her, og grafisk
framstilling av kor langt innsamlinga til ny kyrkjelydspedagog-stilling er
komen.
VIKEBUEN arrangerte julemesse 19. november
Fekk fullt hus på julemessa (19.11.2011 SteinarS)
Då Vikebuen opna julemessa si klokka 12 på laurdag 19. november,
var
det fullt hus i stor-salen. Omlag 150 var møtt fram for å sikra seg
julegåver, graut og drøs med sambygdingane. For julemesse i Vikebygd er
noko spesielt. Her var korpset med og innleia arrangementet. Lene Liodden hadde med seg ein jentegjeng som både kunne syngje og danse,
før Vegard Skartland entra scenen og song ei rekkje songar akkompagnert av Arne
Tveit på el piano. Det
var salsutstillingar både i den store salen og i grupperommet. - Det har vore mykje folk innom
og dei er flinke med å kjøpa, fortalde Hanne Jorunn Helgeland.
Les meir her
Fire damer satsa i Klokkargarden
(4.11.2011 SteinarS)
I eit lite hus ovanfor landhandelen i Vikebygd har dei innreia eit
koseleg butikklokale der dei sel husflidsartiklar, brukskunst, pynt og klede.
-Me skal ha ope på fredagar frå klokka 16:30 - 19:30 og
laurdagar klokka 10:00 - 14:00 fram til jul, men elles er det berre å ta kontakt, så opnar
me, fortel Hanne Jorunn. Les meir om
butikken her
Tomter i Vikebygd
Graveopning på Liofeltet
(17.11.2011
SteinarS)
Torsdag 17. november deltok ordførar og varaordførar då dagleg leiar i
Tomteselskapet, Leon Dyngeland, markerte "graveopning" i Liofeltet. 19
nye tomter vert klargjorde av Tveit Maskin og folk har alt meldt si interesse
for å byggja.
Tomtene har kort veg til butikk, skule,
idrettsanlegg og barnehage. Vikebygd er ei fantastisk bygd å busetja seg i. Gode
oppvekstvilkår, mange fritidsaktivitetar og du kan nytta muligheitene naturen
har på sjø og i fjell.
Les artikkelenHER.
Om tomtene i Vikebygd HER
Tom
Roger Aadland -
"En levende affære" (7.10.2011)
-Tom Roger Aad-land fra Vikebygd hadde
seks musik-ere i ryggen. Det ble en levende affære fra start til mål – og i
side-sporene underveis, skreiv
Haugesunds Avis sin anmeldar, Roar Eskild Jakobsen, etter å ha opplevd
konserten i Festiviteten torsdag saman med 300 andre Aadland fans. Les meir
her.
Konsert i Skjold Kyrkje 6.nov.
Vennskapskonsert-fullt hus
BILDE-ALBUM (6.11.2011 SteinarS)
Med nesten fulle benkerader kunne sokneprest Martin Ivar Arnesen ynskja
velkommen til over to timar med musikk av høg klasse og aktørar frå
fleire av bygdene i Vindafjord.
Fotballturnering som samla heile 76 lag i 2011 (69 i
2010) og 700 born frå heile distriktet, til ein dag med
fotballkampar frå morgon til kveld
LES MEIR HER
Vikesprinten 1.mai
Orienteringsløp for Haugalandet og Sunnhordland. SUNDAG 1.mai-11
Les HER
Årleg tradisjon frå år 1900. Her samlast folket frå dei fem kyrkjesokna Vikebygd, Bjoa, ølen, Skjold og Vats, men også frå andre bygder og byar. Les meir om møtet i 2011. 100 år på stølen
Årvisse arrangement
Vikebygd Festivalen
23. juli 2011
Utstillarar med saft, bær, brukskunst og anna. Her er tivoli og stor fiskekonkurranse.
Les meir. Sjå bileta HER.
Sjå
Invitasjon til 2011
Vikestølsmarsjen
1. søndag i september
Idrettslaga i Bjoa og Vikebygd arrangerer familietur til Vikestølen.
Les meir.
Familieidrettsdag
erstatta Kvamsåsen Rundt
Arrangert: 24. sept. 2011
Lesarane kan sjølv leggja inn kunngjeringar av arrangement direkte på web sida,
eller melding om nyheit,
klikk her. (Red.
kan endra i innlegg). PS. Denne spalta verkar best i Internet Explorer.
22.
jan: Familigudsteneste
kl 11:00 i Kyrkja. Biblar til 5.klassingane
Takkoffer
-------- 12. febr. 2012: VIKEBUEN Årsmøte
på .... kl 20:00 -------- 19.
febr: Gudsteneste
kl 11:00 i Kyrkja.
Takkoffer
-------- 18.
mars: Gudsteneste
kl 17:00 i Kyrkja.
Takkoffer
-------- 8.
april: Gudsteneste
1. påskedag.
kl 11:00 i Kyrkja.
Takkofferr
--------
Idrett
Volleyball for damer og herrar:
Vikebygd Bygdehus kvar onsdag frå kl 20:30-22:00.
Volleyball for ungdomar (f.o.m. 7. kl) og vaksne nybyrjarar, startar opp kl 19:30 - 20:30
-------- O-gruppa:
Eiga web-side
her
Vald på grendamøte 26.11.08: Rune Hetland, leiar Gunnar Birkeland Reidar Bjordal Aud Jorunn Tordal
Hanne Jorunn Helgeland Varamann: Rolf Alne Les meir om
Grendautvalet her.
9 turmål i Vindafjord
-i sommarhalvåret- Oppe i fjellet
og i skog og mark er det merka turløyper og nutakassar. Vindafjord Kommune har
utarbeida ei brosjyre med 9 turmål, eitt i kvar bygd. Du kan lasta ned ei
brosjyre om desse HER.
Nutatur i Vikefjell I Vikefjella
er merka turløyper. Speidarane set opp 6 nutakassar i sommarhalvåret. Du kan lesa
meir om dei HER.
Gjestehamner Med båt til gjestehamnene i Sunnhordland, Hardanger
og på Haugalandet.
Sjå her: Vikebygd Båthamn
Styret for Vikestølshytta:
Vikestølshytta er open for alle!
Om grupper ynskjer å overnatte her bør ein ringe og melde frå, for å unngå at det vert fleire større grupper same natt. Alle skal likevel kunne ha anledning til å overnatte, og ingen kan krevje å få vere åleine på denne hytta.
Ta kontakt med:
Ola Harald Alne,
- tlf 928 15 380, eller
Jarle Sandsgård,
- tlf 916 01 676.
Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland. -------------------- Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider, så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller Tilbakemeldingar om websida HER.
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon om kva som skjer i Vikebygd.
Lokale lag, grupper eller bedrifter som ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining
kan ta kontakt med web ansvarleg: Steinar Skartland:
tips@vikebygd.org
Web redaktør: Steinar Skartland 5568 VIKEBYGD. Tlf 53769128 - Mobil 908 73 170
tips@vikebygd.org