VIKEBYGD LANDHANDEL AS |
Sida er sist endra 22. juli 2017 | |||
Innehavar: Gunn Vikingstad
NB. Denne sida er ikkje oppdatert etter 2017 og informasjonen her kan vera utdatert! |
Telefon 5376 9169 | |||
Full av idear for daglegvarehandel i bygda Gunn Vikingstad overtok drifta av Vikebygd Landhandel av Steinar Skartland, 29.8.2016
Ei kreativ dame, som lokalt er aktiv både i musikkorpset og som styreleiar i Bygdahuset. Dette bygget har i seinare år fått ei kraftig oppgradering og fornying. Gode idear og pågangsmot struttar ut av den smilande dama som har gjort Vikebu av seg. Gunn Vikingstad er opphavleg frå Karmøy, men har slege seg til i Vikebygd med familien, ute i Naustvika. Nokre år var ho politikar i kommunestyret før ho vart tilsett som kommunalsjef i Vindafjord. I seinare tid ville ho starta med noko nytt for seg sjølv, m.a. med basis i planta ramslauk. Ho har vore å finna både på julemesser og andre samanhengar med produkta sine under logoen GunnSmak. I ein periode var ho også styreleiar i Øyane Asvo, ei bedrift med verna arbeidsplassar, eigd av kommunane Etne og Vindafjord i lag. - Etter at eg slutta i kommunen ga eg meg eitt
år på å finna ut kva eg ville bruka tida mi til, fortel ho. 100 % kvinner. Ein sosial møteplass - Det er viktig at butikken kan vera ein sosial møteplass og ha den funksjonen utover å handla varer. Derfor vil eg vidareføra Drøsestova, men med tida sjå kva eg kan gjera endå betre. Nå går dagane med til å læra seg mest mulig om
butikkdrifta før ho overtar. M.a. må ho ta kurs og eksamen for å få salsløyve
for alkoholhaldige drikkar og kurs hos Norsk Tipping for å fortsetja som
kommisjonær for dei. Mange ballar i lufta - Av og til må vi slutta med noko for å finna
tid til noko anna, men eg vil ikkje tenkja på dette ennå. Eg er van med å bruka
alle timane i døgnet godt, og det er som dei seier:
|
Vikevegen 1210 Opningstider: Eigarskifte-helga i 2016 Ny-opning av Landhandelen 2017 Joker-sida 10 gode grunnar til å handla lokalt Joker sine garantiar Bakaromn i butikken
| |||
10 gode grunnar for å handla lokalt i Vikebygd | ||||
Nyopning av Vikebygd Landhandel Skal nå ha ope til klokka 18:00, også laurdagar av Steinar Skartland 27.4.2017
Etter at butikken vart stengd laurdag har det vore
arbeida for fullt. Gunn rosa spesielt Ola Harald, som med sin
snikkererfaring stod for mykje av byggjearbeidet saman med fleire andre.
Det har vore svært travelt, måtte Gunn medgi. Dei tømde ut alt som var
i butikken for å kunna leggja nytt golv, plata og mala vegger, og få inn ny
innreiing. Endå til på opningsdagen var det full aktivitet heilt fram til
snora skulle klyppast. Ved sida av døra viser oppslag om opningstider at nå blir
det ope til klokka 18:00 også på laurdagane. Bygda har mange hytter og
i helgane aukar folketalet ein god del. Det må nyttast til å ha open
butikk. Innvendig er reolar snudde slik at det både blir betre
oversikt og lettare å koma seg fram med handlekorga. Drøsestova skal bestå
og Gunn vonar at butikken ikkje berre skal vera ein I kjellaren ligg treningssenter og butikken køyrer ut varer til dei som treng det. Så vonar vi butikken, som årleg omset for 7-8 millionar, kan bli nytta godt av folket i Vikebygd til daglegvarer dei treng. - Då er oppussinga ferdig og "den nye butikken" opna!
Me er storfornøyde med resultatet - og det var berre godord frå dagens
kundar også! skreiv Gunn på Facebook då kvelden endeleg kom. Og ho la
til:
| ||||
|
| |||
|
||||
vikebygd.no kyrkja.vikebygd.org vikebygdspeidaren.no skartland.vikebygd.org |
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd. Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon om kva som skjer i Vikebygd. Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland. |
vikebygd.org, Ansvarleg: Steinar Skartland 5568 VIKEBYGD. Tlf 53769128 steinar.skartland@vikebygd.org | ||