På tur i Vikefjella

Nutakassane blir sett ut rett etter påske kvart år, noko dei har gjort heilt frå 1996!
Dei blir stå-ande på seks fjelltoppar i fjella her i Vikebygd, heilt til seinhaustes.

Bli med ut på tur i sommar du òg!

 

Såta: (250 moh, aust for Skartland). Merka sti frå Skartland.
Start frå traktorveien nord på Skartland.
Trollanibba: (536 moh, aust for sentrum). 
Merka sti frå Bygdahuset i Vik.
Trollafjellet: (637 moh, vest for Vikestølen). 
Merka sti frå enden av gardsvegen 
som går austover frå kyrkjevegen.
Sætrafjell: (536 moh, rett aust for Dommersnes). 
Det er ikkje merka sti, men du kan 
gå opp frå Kolthaug eller Ulvebne.
Ulserhaug: (631 moh, nord for Longåsdalen) 
Merka sti frå Bjordal.
Bårefjell: (400 moh, nord for Bjordal) 
Følg merka sti mot Ulserhaug og 
ta mot vest på toppen av lia.

God tur !!