Dei 5 kyrkjene i Vikebygd
|
|
|
Austre Vikebygd har
vore ein gamal kyrkjestad. I alt kjenner vi til 5 kyrkjer opp
gjennom tidene i bygda vår.
Fyrste gongen Vikebygd kyrkje er nemnd i skriftleg materiale, er
i året 1315 (eller 1313), og var då kalla "Viksar kyrkje."
Vi kjenner ikkje til kva tid denne vart bygd, men det var truleg
på 1200-talet, og var bygd som ei stavkyrkje. Ho skal ha stade på
same staden som kyrkja vår står i dag, heilt fram til året
1682. Då vart ho nedriven og ei ny kyrkje vart bygd. I året
1431 er soknet kalla "Vika."
Frå reformasjonen høyrde
Vikebygd til Fjelberg prestegjeld, og det var presten i Fjelberg,
Peder Heltberg, som kosta kyrkja, som kom på 74 RiksDalar, 1
Mark og 8 Shilling. Denne kyrkja hadde óg eit lite tårn og våpenhus,
og vart bygd på same staden som den fyrste. Ho stod der til året
1873, då ho vart nedreven og seld.
Om denne kyrkja var sagt (etter eit notat i Haugesunds Avis i
1926:)
" ... Kirken eides av gåbruker Lars Selsaas. Gamle folk
forteller at den for 200 år siden ble oppbygget av to jenter som
foraerte den bort. I 1870 ble den nedrevet og solgt paa auksjon,
og deler av den er spredt for alle vinder. Omkring paa gaardene i
Vikebygd ligger det saaledes og slenger adskillige verdifylle
gjenstander fra det gamle gudshus." (Ei av dørene skal vera
på Plassabakeriet i Vikebygd den dag i dag.)
|
|
Kyrkja fekk
orgel, bygd av Landrog i Haugesund, og sett inn i eit
sidegalleri tårnet. Dette orgelet var i bruk fram til
slutten av 80-talet, då kyrkjelyden og kommunen i saman
investerte i nytt orgel. Dette er bygd i Holland. Som ein
kuriositet kan nemnast at det gamle orgelet framleis kan
spelast på, og er utstyrt endå i dag med belg som ein
kan pumpa med fotpedal. Av og til tek entusiastar og set seg på
orgelkrakken der, kanhende får dei ein til å trø belgen for seg og. Diverre er det noko ustemt og
ikkje heilt i orden, så nå får det nyta pensjonisttilveret, og vert
ikkje nytta i gudstenestene. |
Folket i Vikebygd er glade i den vakre kyrka, som kallar dei inn til helg og høgtid, glede og sorg. Her ber ein borna til dåpen, her står dei konfirmant. Her giftar dei seg og her samalst dei for å feira gudstenesta saman og for å ta med seg gudsordet i dei store høgtidene. Ja, og her ber dei sine vener og slektningar til den siste kvilestaden på den vakre og velstelde kyrkjegarden.
Tilreisande prestar og gjester til bygda slår hendene saman og rosar den vakre kvite kyrkja, som stundom vert kalla "katedralen i kommunen."
Velkomen du og til kyrkja
Informasjon om kjelder og
utfyllande
informasjon om kyrkjene. |
Nyheter frå Vikebygd i Vindafjord: Vikebygd.org
Anna informasjon om Vikebygd:
vikebygd.no
Kyrkjebladet Hyrdingen - utgjeve av
kyrkjene i Vindafjord
Read this text
in English
(Utarbeidd av
Steinar Skartland )