Vakre Vikebygd – filmen lansert
VAKRE VIKEBYGD … vil DU bli ein av oss? Vikebygd Grendautval oppfordrar alle til å gå på Facebook (vikebygd.org) og Vikebygd filmen der. Dei trekkjer gåvekort frå Lady & Lord frisør og Joker Vikebygd den 20. desember på dei som har lika og delt innlegget på Facebook, og tagga den ❤️ du vil skal flytte til bygda, skriv Grendautvalet sin leiar, Solveig Hortman.
VAKRE VIKEBYGDVAKRE VIKEBYGD…. vil DU bli ein av oss? Tag den❤️du vil skal flytte til bygda. Lik og del! Vinn gåvekort frå Lady & Lord frisør og Joker Vikebygd, 20.des??.
Slået op af vikebygd.org i Mandag den 11. november 2019
Nå er filmen ferdig og vert presentert i ein hovedfilm på 2 1/2 minutt og 3 kortversjonar. Du kan sjå hovedfilmen (på to og eit halvt minutt) på vikebygd.no og dei 3 kortfilmane nedanfor her:
Vikebygd Grendeutval (VGU) har heile tida fokus på aktivitetar som kan bidra til å auka tilflytting til Vikebygd. Her er det mange element som har innverknad på den kontinuerlege prosessen for å gjera bygda betre kjent i regionen på ein positiv måte og med håp om auka innbyggjartal. Dette er viktig med tanke på å behalda både skule, barnehage og butikk i bygda.
Vikebygd-filmen er eit viktig bidrag i denne samanheng. Me håpar filmen blir godt mottatt og delt vidare i alle mogelege kanalar. Særleg viktig er det å dela filmen med utflytta Vikebuar som veit kva me snakkar om og kva me har å by på i bygda. Kanskje dei treng ei påminning om at bygda framleis ligg her og ventar på at dei skal venda tilbake.
Som ein kanskje veit heiter det:
Ein gong Vikebygd – Alltid Vikebygd.
Vikebygd-filmen er laga med støtte fra lokale verksemder, Vindafjord kommune og tildelte SØK-midlar. Du kan sjå hovedfilmen (på to og eit halvt minutt) her på vikebygd.no
Nye kommentarar