Klikk her og gå til framsida av Vikebygd.org

Vikebygd og kommunen Vindafjord 

Facebook    -   Twitter

Kommunestyret møte 20.12.2016.

Sida er sist endra 25. des. 2016

Kommunestyret hadde sitt årlege budsjettmøte 20. des.
Prioriterte førebyggjande arbeid for barn og unge

av Steinar Skartland 11.12.2016

Kommunen må gjennom ei omstilling pga endringar i inntektsgrunnlag og nedskjeringar i overføringar frå staten.  Over to år utgjer dette ein reduksjon på 17 millionar, samstundes som rådmannen tilrådde ein auke på 17 millionar, m.a. for å gjera lovpålagde oppgåver og pålaupte endringar. For å klara dette innafor dei prioriteringar kommunestyret har gjort gjennom fleire vedtak, måtte rådmannen auka eigedomsskatten med 1 promille, og skar kraftig ned i førebyggjande arbeid.

Fleirtalet i kommunestyret ville ha ein annan kurs og la inn igjen mykje av kutta i det førebyggjande arbeidet, som td. barne- og familierådgjevarane, SLT koordinator, frivilligsentralen og styrking av skulehelsetenesta. Det vart også fleirtal for å halda fram med rektor og barnehageleiar i Imsland.  Men dette medfører at pengar må hentast frå andre område. T.d. utsetjing av investeringar i barnehage ved å nytta eksisterande ledig kapasitet i Vats og Vikebygd og utsetjing av bedriftshytte til 2020. I fireårs perioden blir det 5 millionar mindre å overføre frå drift til investering då meir midlar vert nytta i drifta.

Mindre populære tiltak for å skaffa midlar til det førebyggjande arbeidet i kommunen og bygdene, er nok at eigedomsskatten blir på 3 promille og der fritaksperioden på nye hus vert kutta.

Eit alternativ er sjølvsagt å sjå på strukturar t.d. innan skulane, noko Høgre hadde i sitt budsjett.  Eit fleirtal i kommunestyret ynskjer ikkje å leggja ned skular og barnehagar, eit signal rådmannen har fått gjennom fleire vedtak i kommunestyret.  Ei anna sak som vart handsama i møtet var vedtak om å be rådmannen om å reforhandla avtalane med legane om drifta av legekontor i Ølen og Vikedal.  Eit resultat av dette kan vera at legekontora skal driftast som private verksemder med avtale med kommunen, tilsvarande som Skjold legekontor har vore gjennom mange år.  Kommunen byggjer nå ny brannstasjon og legevakt i Ølen.

Sjå video-opptak frå kommunestyremøtet (klikk på aktuell sak)


Folketal og busetnad i Vindafjord-bygdene
Tal frå SSB og kommunen

av Steinar Skartland 11.12.2016

Folketalsutviklinga i Vindafjord (Kjelde: Framlegg til økonomiplan)
Pr. 1. januar 2016 var det totalt 8 788 innbyggarar i Vindafjord kommune. Det er ein auke på 23 personar i høve til året før, og utgjer 0,26% vekst. Første halvår 2016 gjekk folketalet opp med 30 innbyggarar, slik at folketalet pr. 1. juli 2016 var 8 818 innbyggarar. Veksten i 2014 var på 0,2% medan 2015 hadde vekst på 1,5%. 2. kvartal 2016 har ein sterkare vekst enn dei føregåande kvartala. Dersom det er ein vedvarande trend, er ein tilbake til same vekst som i 2013. Det kan også vera tilfeldig. Vidare folketalsutvikling vil m.a. vera avhengig av arbeids- og bustadmarknaden.

(Kjelde: kommunen si årsmelding for 2015) Folketalet i Vikebygd har dei siste 10 åra auka med 19 personar og vi var ved årsskiftet 546 fast busette i bygda.


Omtrent alle fastbuande i Vikebygd bur i einebustadar, viser statistikk frå 2011:



Politiske saker - Kommunestyret har møte 20.12.
Korleis skal bygda og kommunen utvikla seg vidare?

Kommunestyret og Formannskapet skal i sitt møte den 20. desember drøfta fleire viktige spørsmål som gjeld nettopp dette.

  • Kommuneplanen. Denne har vore ute på høyring og Formannskapet skal drøfta dei innspel til endringar og motsegner frå overordna organ, som er komne inn i høyringa. Arealdelen seier m.a. kor vi skal ha bustadfelt og næringsområde. Innspel og motsegner går fram av saksdokumentet (saka vart utsett i sist møte).
    Elles skal Kommunestyret handsama:
  • Kommunal planstrategi er eit dokument som omhandlar kva planar det skal arbeidast vidare med i kommunen dei neste tre åra fram til 2019.
  • Prioritert handlingsprogram 2017-2020, Idrett, friluftsliv og kulturbygg.
  • Legekontora
  • Taksthefte
  • Budsjett og økonomiplan
  • Handlingsplan for Fylkesvegar 2018-2021. Dette er kommunen sine innspel til kva prioriteringar Rogaland Fylke skal gjera vedtak om. Her føreslår Vindafjord flg. prioritering:
    1. Utbetring av veg og gang/sykkelveg langs Fv734 i Vikebygd
    2. Generell opprusting av Fv. 46 (Knapphus-Ropeid)
    3. Toranesvegen Fv. 735
    4. Planlegging av ny veg mellom Sandeid og Vikedal, Fv 46
    5. Generell opprusting av Fv734 (Skjold-Vikebygd-Utbjoa)
    6. GS-veg frå Knapphus til Kårhus i Vats, Fv. 46
    7. GS-veg frå Lærdal til Økland, Fv. 514.
    (Sjå merknad nedanfor.)
Merknad: Om handlingsplan for Fylkesvegar seier utgreiinga av saka m.a.:
1. Utbetring av veg og GS- langs Fv 734 i Vikebygd
"Dette er eit trafikksikringstiltak som det er lokalt engasjement for, og som Vindafjord kommune ynskjer å prioritere. Utbetring av veg og bygging av GS-veg nærast sentrum bør sjåast i samanheng med legging av kablar for høgspent frå sør for Vossasvingen til Plassavegen, som skal byggast i 2017, og der ein treng rask avgjersle for å kunne utføre felles anleggsarbeid."
5. Generell opprusting av Fv734.
"Store deler av denne vegen er smal og har dårleg kurvatur. Mindre utbetringar på einskild strekk der vegen er så smal at det ikkje er råd for to køyretøy å passere vil vi ynskje å få med her. Viktig del er frå Isvik til Vikebygd, der vi også har næringsområde på Dommersnes."
Det er brei semje om prioriteringslista som vart samrøystes vedteken då den vart handsama i Utval for Drift, Utvikling og Kultur den 28.11.2016. 

Alle saksdokument kan lesast via møteplanen straks dokumenta er klar (1 veke før møtet).  Det er også mogeleg å fylgja drøftingane i kommunestyret direkte på web,
kommuneTV
Sjå her oversikt over alle møte i 2016, med saksdokument

 

 
Les meir frå Vindafjord kommune
 
 

Sjå gamle bilete her


Likar du Vikebygd.org?

Følg med på Twitter
Totalt 140 079 besøk i 2015. Hits:  4 147 074.

til hovudsida for Vikebygd


-
Kyrkja gjennom 800 år
Vikestølen gjennom 116 år
Vikebygd i Hgsd. Avis
Vikebygd i Grannar.no

Følg på Twitter - her


Vêrvarsel for Vikebygd
ORD FOR DAGEN I DAG
Ledig jobb i Vindafjord
Pollenvarsel YR.no

Andre nettstader

Frå tidlegare

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Fotoalbum
KFUK-M Speidarane

Anna Info

Les fleire nyheter
2016
Desember
Fulle benker på ei
    musikalsk julegudsteneste
Kommunestyre med budsjett
Lokal julekonsert m fullt hus
Folketalsutviklinga
Julekonsert med Scala
Lysmessa i kyrkja
November
Tenning av julegrana
Julemessa 2016
Globalaksjonen
Bibelmaraton i Skjold
Vikebygd Amatørteater?
November skjedde det
Oktober
Grendautvalet - ope møte
Lokal drivstoffløysing
Amatør teater i Vikebygd?
Longåsdals-dagen
Aktivitetsdag på idrettsbanen
September
Eigarskiftehelg på Joker
Folkerøystinga
Spennande gudsteneste
Vikestølsmarsjen med pop-up
August
Ny butikkeigar i bygda
Haustfest i Lio
Kommunesamanslåing?
Paul Harrison i Skjold kyrkje
Juli
Fotballkamp Vikebygd-Bjoa
Sommarsordførar
På attgrodde stiar
Dugnad for Bygdahuset
Juni
Vikestølsmøtet 26.6.
Nytt i Vikebygd i juni
Olabilløpet i Lio 24.6.
St.hans feiring 23.6.
Vigsel og dåp i parken
Dugnad på "Årvik skulehus"
Tre nye flytebryggjer
Dugnad i båthamna
Trafikksikring av Plassavegen
Mai
Speidarleir på Blikshamn
Sentrale tomter til salgs
17. mai feiringa
Minnestøtta
Vikesprinten 1.5.2016
April
Vikeputten 30.4.2016
Garasjesaldagen
Christian Stejskal -
Nutakassane på plass.
Mars
Bedehusbasar og årsmøte.
Turorientering og postar.
Kulturettermiddag 15.3.
Konfirmantane med bøsser
Merka løype til Sætrefjellet
Årsfest for speidarane
Februar
Felles årsmøte Vik og Skjold
Vinter, sol og fjelltur
Idrettsliv i Vikebygd
Svaner på isen
Januar
Vinter i Vikebygd
Tur til Vikestølen
Juletrebrenning i Lio
Bilete frå farne tider i bygda
Ordførar sin Nyttårsfest 3.1.
2015
Desember
Tradisjonsrik juletrefest
Mann av huse til kyrkje
Konsert med lokale krefter
60 unge med levande lys
Konsert med koret Scala 4.12
Korpsmusikk og fakkeltog
Grendautval og flyktningar
November
Julemesse på Bygdahuset
Flyktningar til kommunen
 

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2016
 2015
 2014
 2013
 2012

 2011
 2010
 2009
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.

Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org