Klikk her og gå til framsida av Vikebygd.org

Vikebygd i dag 

Facebook    -   Twitter

Julemessa i Vikebygd 2016

Sida er sist endra 26. nov. 2016


Ola Harald Alne og Gunn Vikingstad kåra til
Årets Vikebuar 2016

av Steinar 26.11.2016 / oppdatert 27.11.2016
For sitt lange og store engasjement for Vikebygd og frivillig arbeid gjennom mange år.
Utover søndagen var det ein straum av gratulasjonar på Facebook.  Det som gjekk igjen her var: "Gratulerer, Så flott, Vel fortent."


Ola Harald Alne og Gunn Vikingstad - Årets Vikebuar, velfortent heider på Vikebuen si julemesse i Vikebygd.

- Årets Vikebuar har gjennom fleire år vist seg både aktive og engasjerte på mange områder og vi kan nemne blant anna barne- og ungdomsarbeid og ved å setje Vikebygd på kartet, forsøke å sjå nye muligheiter for å trekke nye folk til bygda, innleia Aud Jorunn Tordal med då ho skulle avsløre kven Vikebuen hadde tildelt heidersprisen. Og ho heldt fram med å seie:
- Dei siste åra har dei lagt ned mange dugnadstimar for bygdahuset. Gunn og Ola Harald har brukt tid og sin energi til nytte for folk flest i bygda. Gunn og Ola Harald er årets vikebuar 2016.

Prisvinnarane var ikkje i salen då dette vart kunngjort, og dei måtte hentast inn for å motta blomar, diplom og anerkjenning. Så dermed måtte Aud Jorunn lese opp grunngjevinga ein gong til då vinnarane var på plass på scenen. Folket i salen kunne vere samde i at dette var velfortent.  Særleg sette mange pris på at Gunn Vikingstad tok over drifta av butikken slik at ein framleis har lokal daglegvarehandel i bygda.

Inger Katrine Sundve, som også er i styret for Vikebuen, kunne fortelje at det var komne inn forslag på fem kandidatar i år, men dei seier ikkje kven dei andre er. Engasjementet plar vera stort og med mange forslag, gjerne på same personar. Slik var det også i år, sjølv om det var litt færre som sende inn forslag.

Vikebuen, eit aktivt lag med arbeidsstyre.
- Det er omlag 100 medlemmer i Vikebuen, fortel Aud Jorunn og Inger Katrine.
- Me skulle gjerne ønskje oss at det var fleire yngre med.
Dei har ikkje leiar, men eit arbeidsstyre som planlegg og styrer aktiviteten.
- Me har ei lukke gruppe på Facebook der me kallar inn og deler informasjon, men styremøta har me heime hos eit av styremedlemmane, seier Aud Jorunn.

I år var det 32 utstillarar på julemessa. Mange hadde delteke før, og det var stor variasjon sjølv om mykje var innan handarbeid og mat. Vikebuen sine inntekter her kjem frå kafé og loddsal.  Alle utstillarar gir ein ting/produkt til utloddinga og i tillegg kjøpte dei inn litt. Gjennom året er det ei rekke aktivitetar som gir inntekter, men pengane blir ikkje sylta ned.

- Me deler ut pengane til gode formål som lag og foreiningar står for, fortel Aud Jorunn.
- Omlag 50.000 kroner i året kjem slik tilbake til bygda. Det går an søke laget om pengar, og av dei ting vi har delt ut til i seinare tid er m.a. leikeutstyr til leikeplassen, opprusting på Bryggjebakken med bord og benker, korpset, vask av båtforeninga sitt bygg og Bygdahuset.
- Inntektene frå bingoen har gått til utstyr og oppussing av kjøkkenet på Bygdahuset.

Julemessa opna med korpsmusikk
Aud Jorunn opna Julemessa klokka 12 og presenterte der bygda sitt eige korps.


- Dei er like unge ennå, dei som er med, men mange av korpsmedlemmene og inkludert dirigenten, er den same som då eg kom til bygda for mange år sidan, sa ho med skjemt.


Ett
erpå fekk publikummet som hadde benka seg rundt borda på Bygdahuset sanne at det er erfarne og dyktige musikkarar som utgjer korpset. Dirigent Ulveraker presenterte eit breitt utval av musikkstykke som dei framførte med stor dyktigheit.  Bygda er stolte over dette korpset som stiller opp både titt og ofte.

- Nå har me 15 i korpset og 2 aspirantar, fortel Inger Katrine Sundve.
I kommande veke skal dei spele ved Julegrantenning utanfor butikken tysdag kl 17:30, og på Gamlatunet etterpå. Dei skal også delta i kyrkjekonsert og i ei rekke andre samanhengar.
 

Heimelaga
Julemessa hadde i år 32 utstillarar og salsboder. I telt utanfor Bygdahuset fann vi fann vi Dag Hans Nagel-Alne som saman med sonen Birge, selde pinnekjøtt frå villsauer på eigen gard. I tillegg var det smaksprøvar, servert som ein liten middag.

I same teltet trefte vi også Rolf Julsrud, som saman med kona selde heimelaga eplesaft og eplemost frå Julsrud sitt eige safteri, Liobrygg.



- Me pressar først eplene og tar ut eplemost. Restane legg vi i vatn 3-4 dagar og får så ut resten av smaken og fargen som vert til saft, fortel Rolf. Og flaskene blir leverte i eigne trekassar påtrykt Liobrygg.
- Eg sagar til materialen, og så er ungane med og snikrar saman kassane, fortel Rolf som skjenkte opp smaksprøvar til alle som kom innom teltet.
 
 

Rebekka og Ola Harald med tjukkasar
I fleire år har Ola Harald og Gunn hatt fast plass med baking og sal av 'tjukkasar'. Det vesle bakeriet var på plass i år også, men Ola presiserte at nå var det dottera, Rebekka, som hadde teke over og han var berre assistent. Salet gjekk strykande og dei steikte i eitt.

- Me har planlagt fotballtur til England for å sjå Manchester United spela, fortalde Rebekka på spørsmålet om kva inntekta skulle gå til.  

Andre hadde med seg handarbeid dei hadde laga, og her var utvalet stort. Strikking, hekling, støypte lys, knivsmedarbeid, kransar, og ulike treskjeringsprodukt kunne ein finne mykje av.  Det var nok ikkje alle som fekk seld ut det dei hadde med seg, men alle var glade og nøgde med dagen og resultata. Fleire ga uttrykk for at det ikkje var fortenesta dei var ute etter, men dette var ein hobby dei hadde, og så fekk dei høve til å selja noko av dette på julemessa i Vikebygd.  For fleire var dette den einaste julemessa dei deltok på med sal av handarbeidet sitt. At kreativiteten og skaparevna er stor i bygda, er det ikkje tvil om.

Og skulle det ennå vere nokon som ikkje fekk kjøpe nok på julemessa, så kan ein ta turen opp til Klokkargarden (opp vegen ved butikken) der ein finn utsal av husflidartiklar og heimelaga julegåver. Eller kanskje ta kontakt med Liobrygg eller Dag Nagel-Alne for å handle meir?  Vi har dei i bygda.


Variert innan flott handarbeid

7. klasse elevar selde julekaker til inntekt for klassetur

Slutt med kontantar, men Vipps, så var det betalt.
Elektronisk betaling hos bakaren

av Steinar Skartland 27.11.2016

Pensjonert bakarmeister Jan Arne Tjomsland er fast deltakar på julemessa med sine påsmurte lefser, tørre lefser og flatbrød. Han hadde mykje med seg og var ein av dei som kunne telja opp stor omsetnad på Bygdahuset denne laurdagen i november.

Vi kjenner alle til korleis det er på eit bygdahus ute på landsbygda. Har du ikkje sikra deg kontantar - så er det å gå rundt og lengte etter noko av det fine som er utstilt - men..
Men ikkje i år. Betaling med mobiltelefonen med VIPPS hadde fått innpass for fullt, også hos den pensjonerte bakarmeisteren og fleire andre. Det var berre ei utfordring.  Akkurat denne laurdagen oppstod det problem med VIPPS nettet hos DnB. Tjomsland hadde i tillegg bankterminal via mobil. Han måtte flytta seg litt rundt for å finna ein plass med god dekning, så ordna det seg så folk fekk fylla posane med gode lefser.

Flatbrøda er spesielle.  Bakt etter god gammal oppskrift frå Sør-Trøndelag.



Last ned programmet for julemessa her


 
 
 
 
 

Sjå fleire gamle bilete her


Likar du Vikebygd.org?

Følg med på Twitter
Totalt 140 079 besøk i 2015. Hits:  4 147 074.

til hovudsida for Vikebygd


-
Kommunereforma
Kyrkja gjennom 800 år
Vikestølen gjennom 116 år
Vikebygd i Hgsd. Avis
Vikebygd i Grannar.no

Følg på Twitter - her


Vêrvarsel for Vikebygd
ORD FOR DAGEN I DAG
Skuledagen 2015-2016
Ledig jobb i Vindafjord
Pollenvarsel YR.no

Andre nettstader

Frå tidlegare

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Fotoalbum
KFUK-M Speidarane

Anna Info

Lefsebakaren 
Heimelaga 
Rebekka
2016
November
Julemessa 2016
Vikebygd Amatørteater?
November skjedde det
Oktober
Grendautvalet - ope møte
Lokal drivstoffløysing
Amatør teater i Vikebygd?
Longåsdals-dagen
Aktivitetsdag på idrettsbanen
September
Eigarskiftehelg på Joker
Folkerøystinga
Spennande gudsteneste
Vikestølsmarsjen med pop-up
August
Ny butikkeigar i bygda
Haustfest i Lio
Kommunesamanslåing?
Paul Harrison i Skjold kyrkje
Juli
Fotballkamp Vikebygd-Bjoa
Sommarsordførar
På attgrodde stiar
Dugnad for Bygdahuset
Juni
Vikestølsmøtet 26.6.
Nytt i Vikebygd i juni
Olabilløpet i Lio 24.6.
St.hans feiring 23.6.
Vigsel og dåp i parken
Dugnad på "Årvik skulehus"
Tre nye flytebryggjer
Dugnad i båthamna
Trafikksikring av Plassavegen
Mai
Speidarleir på Blikshamn
Sentrale tomter til salgs
17. mai feiringa
Minnestøtta
Vikesprinten 1.5.2016
April
Vikeputten 30.4.2016
Garasjesaldagen
Christian Stejskal -
Nutakassane på plass.
Mars
Bedehusbasar og årsmøte.
Turorientering og postar.
Kulturettermiddag 15.3.
Konfirmantane med bøsser
Merka løype til Sætrefjellet
Årsfest for speidarane
Februar
Felles årsmøte Vik og Skjold
Vinter, sol og fjelltur
Idrettsliv i Vikebygd
Svaner på isen
Januar
Vinter i Vikebygd
Tur til Vikestølen
Juletrebrenning i Lio
Bilete frå farne tider i bygda
Ordførar sin Nyttårsfest 3.1.
2015
Desember
Tradisjonsrik juletrefest
Mann av huse til kyrkje
Konsert med lokale krefter
60 unge med levande lys
Konsert med koret Scala 4.12
Korpsmusikk og fakkeltog
Grendautval og flyktningar
November
Julemesse på Bygdahuset
Flyktningar til kommunen
 

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2016
 2015
 2014
 2013
 2012

 2011
 2010
 2009
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.

Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org