Klikk her og gå til framsida av Vikebygd.org

Vikebygd i dag 

Facebook    -   Twitter

November i Vikebygd

Sida er sist endra 10. nov. 2016


Sol og blå himmel over vakre Vikebygd
Ein flott tursøndag 1. søndag i advent

av Steinar 27.11.2016


Etter ein periode med regn og vind var det godt å få oppleva ein søndag der sola skein frå blå himmel igjen. Ein trong ikkje ta på seg fjellstøvlar og labba til fjells for å nyta dagen. Mange fekk seg ein fin rusletur langs landevegen eller gjennom sentrum av Vikebygd og kunne nyta det fine vêret.  Litt kald vind let det seg gjera å kle ute når sola veg opp for dette med sine gode stråler, lågt over horisonten i sør. Vi har ei vakker bygd, noko også tilreisande til fotballtreninga måtte understreka då dei tok seg ein runde gjennom bygda.


Grunn nok til å minna om at vi har byggjeklare tomter i sentrum av Vikebygd. Kort veg til skule, barnehage, butikk, kyrkje, bedehus, bygdahus eller treningsstudio. Og sjølvsagt kort veg til ein fiskerik fjord og mange oppmerka og tilrettelagde turløyper i fjellet.

Fristar det?  Så sjekk ut om dette kan bli bygda for deg og byggja ein heim i.


Endelig er lyset tilbake på
Vikebygd kyrkje

Steinar 2.11.2016 / 7.11.2016
Men fleire reagerer på at lyskastarar står litt feil og blendar både bilar som køyrer ned mot kyrkja på kveldstid og lyser inn i stovene til dei mest utsette.  Likevel seier alle at dei er glade for lys på kyrkja, men ber om at lysa blir justerte. Problema er melde inn til kyrkjeverja og soknerådet sin representant i fellesrådet.  Ei justering vil bli teke tak i slik at det er kyrkjebygget som får lyset.

Lyskastarane blir justerte på tirsdag, seier kyrkjeverje Inghart Lasse Tveit i ein SMS måndag ettermiddag.

Klikk for å sjå større bilde
Vi var i ferd med å gå inn i den andre vinteren utan lys på den kvite kyrkja i Vikebygd. Men nå er leidningane kopla og den skal få vera eit lyspunkt i bygda i stadig mørkare vinterkveldada


Flott vêr er varsla denne veka,
med kuldegrader om nettene.

I helga kom det snø på toppane i Vikebygd og det er meldt om 10 snøføre på Olalia.
I slutten av veka er det venta mildvêr igjen.  Sjå langtidsvarsel her

Rolf Julsrud inviterer til
Ope møte 24. november om
Vikebygd Amatørteater

Steinar 10.11.2016

Ein månad er gått sidan Rolf Julsrud, med hjelp av vikebygd.org, inviterte bygdefolket i Vikebygd til å bli med og starta amatørteater i bygda. Korleis har dette gått, Rolf?

- Med referanse til tidligere post på Vikebygd.org skal jeg være ærlig og si at det ikke har strømmet på med respons, fortel Rolf Julsrud.  - Likevel synes det at de som responderer er både positive og har idéer, tanker og energi å bruke på dette.

Rolf inviterer derfor til eit ope møte på Bygdahuset torsdag 24. november, der formålet er å avgjere om det er nok engasjement for å lage noko. Ting som han ynskjer avklart er m.a.:

  • Kva slags førestilling
    teaterstykke, revy, kabaret…?
  • Kva for ressursar kan ein gjera rekning med?
  • Folk på scenen, folk bak scenen
  • Tidslinje
Han oppfordrar dei som set inne med noko til å ta ein uforpliktande tur.

- Husk, du trenger ikke være skuespiller for å være med i amatørteater! seier Rolf Julsrud og minner om at

møtet blir på Bygdahuset,
Torsdag 24. nov. kl. 20:30.
Rolf Julsrud  -  rojuls@gmail.com  - Tlf. 949 86 959 Les også her

Klikk her for å sjå plakaten


Også denne hausten var det mulig å bidra - og mange sekker kom inn
Innsamling av klede til Ukraina i Vikebygd

Open Heart si årlege innsamlinga av brukte klede:

Vikebygd bedehus onsdag 26. oktober og torsdag 27. oktober, klokka 15:00 - 18:00.
Plastsekker med gode, brukte klede kan leverast til bedehuset saman med 50 kr pr sekk, som vil dekke kostnadar med frakt til Ukraina på lastebilar. 
Les om tidlegare innsamlingar her
 
 

Mange møtte i Ølen kyrkje 30. okt., for å ta avskjed med
Sokneprest Johannes Nedrelid
som tidlegare var sokneprest også i Vikebygd

Steinar 2.11.2016


Prost Rune Steensnæs Engedal saman med Haldis Djuve Nedrelid og Johannes Nedrelid etter avskjedsfesten på kyrkjetunet i Ølen. Her deltok 60-70 gjester frå kyrkjelydane der Johannes har hatt si teneste i 21 år. Det lengste same presten har vore tilsett her i våre kyrkjer.  Den siste tida var hovudtenesta i Ølen og Bjoa, men tidlegare var han også sokneprest for Vikebygd.  Nå går Johannes inn i ny teneste som sokneprest i Undheim kyrkje, i noko redusert stilling fram til pensjonsalderen.

Det er 4 søkjar på stillinga og Bispedømerådet skal tilsetje ny sokneprest fredag 5. november.  Med oppseiingstid vil denne vera på plass i tenesta innan mars 2017. Meir om Johannes kjem i neste utgåve av Hyrdingen.

  


Hyrdingen nr 5, 9MB pdf fil, oktober 2016 Kyrkjebladet Hyrdingen
Bak bladet står sokneråda for kyrkjene i Vindafjord.
I redaksjonen set: Steinar Skartland, Trygve Sandvik,
Hanne Haraldseid Brekke og Øivind Jønsson.

Torsdag 20. oktober kjem Hyrdingen nr 5 i år til alle husstandar i Vindafjord. Du kan også lasta ned bladet frå web.

For å kunna senda kyrkjebladet til alle husstandar seks gonger i året (+ på web) er vi avhengige av økonomisk støtte i frå dei som bur i kommunen i form av frivillige bladpengar eller gåver til drifta.
Ynskjer du å støtta arbeidet med å utgi bladet, kan du nytta
bankgiro konto 3201.53.18049
 
Innhaldet i Hyrdingen nr. 5 - 2016

 

Båten Elieser
Den Indre Sjømannsmisjon

Ligg i Haraldseidvågen og der er møte
tirsdag 8.11. kveld kl. 19:00

Velkommen ombord

 


Klikk her for å laste ned plakaten

Sjå fleire gamle bilete her


Likar du Vikebygd.org?

Følg med på Twitter
Totalt 140 079 besøk i 2015. Hits:  4 147 074.

til hovudsida for Vikebygd


-
Kommunereforma
Kyrkja gjennom 800 år
Vikestølen gjennom 116 år
Vikebygd i Hgsd. Avis
Vikebygd i Grannar.no

Følg på Twitter - her


Vêrvarsel for Vikebygd
ORD FOR DAGEN I DAG
Skuledagen 2015-2016
Ledig jobb i Vindafjord
Pollenvarsel YR.no

Andre nettstader

Frå tidlegare

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Fotoalbum
KFUK-M Speidarane

Anna Info

 
2016
Desember
Lysmessa i kyrkja
November
Tenning av julegrana
Julemessa 2016
Globalaksjonen
Bibelmaraton i Skjold
Vikebygd Amatørteater?
November skjedde det
Oktober
Avskilsgudst. for Nedrelid
Bygda takka Rolf
Grendautvalet - ope møte
Lokal drivstoffløysing
Amatør teater i Vikebygd?
Longåsdals-dagen
Aktivitetsdag på idrettsbanen
September
Eigarskiftehelg på Joker
Folkerøystinga
Spennande gudsteneste
Vikestølsmarsjen med pop-up
August
Ny butikkeigar i bygda
Haustfest i Lio
Kommunesamanslåing?
Paul Harrison i Skjold kyrkje
Juli
Fotballkamp Vikebygd-Bjoa
Sommarsordførar
På attgrodde stiar
Dugnad for Bygdahuset
Juni
Vikestølsmøtet 26.6.
Nytt i Vikebygd i juni
Olabilløpet i Lio 24.6.
St.hans feiring 23.6.
Vigsel og dåp i parken
Dugnad på "Årvik skulehus"
Tre nye flytebryggjer
Dugnad i båthamna
Trafikksikring av Plassavegen
Mai
Speidarleir på Blikshamn
Sentrale tomter til salgs
17. mai feiringa
Minnestøtta
Vikesprinten 1.5.2016
April
Vikeputten 30.4.2016
Garasjesaldagen
Christian Stejskal -
Nutakassane på plass.
Mars
Bedehusbasar og årsmøte.
Turorientering og postar.
Kulturettermiddag 15.3.
Konfirmantane med bøsser
Merka løype til Sætrefjellet
Årsfest for speidarane
Februar
Felles årsmøte Vik og Skjold
Vinter, sol og fjelltur
Idrettsliv i Vikebygd
Svaner på isen
Januar
Vinter i Vikebygd
Tur til Vikestølen
Juletrebrenning i Lio
Bilete frå farne tider i bygda
Ordførar sin Nyttårsfest 3.1.
2015
Desember
Tradisjonsrik juletrefest
Mann av huse til kyrkje
Konsert med lokale krefter
60 unge med levande lys
Konsert med koret Scala 4.12
Korpsmusikk og fakkeltog
Grendautval og flyktningar
November
Julemesse på Bygdahuset
Flyktningar til kommunen
 

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2016
 2015
 2014
 2013
 2012

 2011
 2010
 2009
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.

Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org