Klikk her og gå til framsida av Vikebygd.org

Vikebygd i dag 

Facebook    -   Twitter

Ope møte i Grendautvalet 18. oktober

Sida er sist endra 18. okt. 2016


Grendautvalet med kreativt møte
i nyoppussa Litlesal på Bygdahuset

(Steinar 18.10.16)

Overrekte pengegåve til Bygdahuset ved styreleiar som støtte til oppussisinga, med ros av både styret og dugnadsfolka for arbeidet.
- Nå startar vi Gondolbanens venner som eit kreativt forum, sa den optimistiske og sprudlande Frantz Lea, leiaren i Grendautvalet, til bygdefolket som var møtt fram.
- Dette har eg tru på, eg kjem til å senda invitasjon til folk som har gode, kreative idear.


Grendautvalet og bygdefolk samla i den nyoppussa Litlesalen.

Grendautvalet kombinerte styremøtet denne kvelden med å invitera inn bygdefolket til ope møte med innspel til nye prosjekt og idear med kreativitet i fokus.  Frantz Lea innleia med å trekkja fram alt dei hadde fått til siste året, og utfordringar som må gjerast framover. Nye busskur er sette opp for busspassasjerar og skuleungdom; lysstolpane langs vegen er retta opp og dei har hatt møte med vegvesenet og fått fram utkast til ein plan for utbetring av vegen.

- Nå er det opp til kommunen og politikarane å få setja vegen på førsteplass på prioriteringslista som skal sendast inn til fylket, minna Frantz på.

Men her er også utfordringar.  Vegen er svært ujamn og med humpar etter at det er grove grøfter under vegen fleire plassar.  Frantz lova Gunn Vikingstad mottek støtte frå Grendautvaletat Grendautvalet framleis skal stå på og masa på vegvesen, kommuneadministrasjon og politikarar, for å få framgang i sakene.  Det er bra, for med knappe ressursar kan prosjekt lett bli nedprioriterte om det ikkje er nokon som etterspør framdrift. 

Gunn Vikingstad måtte fram på golvet til Frantz som rosa henne for arbeidet med oppussing av Bygdahuset og kunne overrekka ein "sjekk" på kr 2000 som støtte til huset.

Han nytta også høvet til å rosa henne for at ho hadde sikra framleis butikkdrift i bygda.
- Utan Jokeren døyr bygda, var Frantz sin konklusjon då han oppfordra alle til å kjøpa alt dei trong hos Gunn på joker butikken i bygda.

Bensin som franchisse?
Grendautvalet vil noko. Dei har gode idear og vågar å bera dei fram og stå på for gode løysingar. Det er flott, og det treng bygda.
Gunn Vikingstad takkar for støtte til Bygdahuset  

Som varsla i plakatar og på web la Grendautvalet fram planar og kalkylar for oppretting av lokal løysing for drivstoffsal i bygda. Kanskje noko som butikken kunne stå for med leasa tank og pumper? Eit aktuelt tilbod til båtfolket og lokale bønder? Spennande tankar som kan vera med å auka aktiviteten i bygda også. Men skal dette løne seg må ein selja minst 1000 L / dag.

Av andre gode forslag som kom inn var å få til månadleg pubkveld, lokal brannberedskap og tiltak for å få framgang bygging av sykkel og gangsti gjennom Vossaplasset og til butikken.  Grendautvalet har pressa på og hatt møte med vegvesenet. Dette bør vera ei prioritert oppgåve.   Fleire ville starta opp igjen med fiskefestivalen som både er eit trivselstiltak og ein måte å setja bygda på kartet. Dei som starta opp denne for 40 år sidan meinte at dei nå var meir modne for rullatorløp rundt nullen. Dette fekk fram smilet hos fleire, men vi treng vel tenkja kreativt for å skapa noko nytt.

Andre kunne fortelja at alle langs Naustvikvegen hadde fått e-post frå kommunen med krav om å klyppe tre og fjerna greiner som stikk ut i kommunevegane. Grendautvalet oppfordra alle til å følgja opp dette slik at det vart tryggare å ferdast langs vegane til fots, men dei ville også minna på at det var viktig å bruka refleks når ein gjekk til fots i haustmørkret.

Det skal bli fleire slike opne møte, lova Frantz og inviterte til årsmøte 5. januar.
 


Lokal drivstoffløysing i Vikebygd?
(Steinar 13.10.16)

- Grendautvalget har beslutta å undersøkja om det er interesse for å oppretta ei lokal drivstoffløysing i Vikebygd, skriv Frantz Lea, leiar i Vikebygd Grendautvalg.

Dersom dei registrerer slik interesse, på neste fellesmøte i Grendautvalget, vil dei arbeida vidare med å sjå på ulike muligheiter rundt dette. Grendautvalet inviterer til å komma med innspel, synspunkt og kommentarar før det opne møtet dei skal ha på Bygdahuset tirsdag, den 18. oktober kl. 19:00.  (Last ned informasjon her)

For kommentarar og idear til Grendautvalet kan ein nytta e-post: post@vikebygd.no
eller kontaktskjemaet på nettsida:  vikebygd.no/kontakt-grendautvalget

Opne plakaten med eit klikk her
 
 
 
 
 

Sjå fleire gamle bilete her


Likar du Vikebygd.org?

Følg med på Twitter
Totalt 140 079 besøk i 2015. Hits:  4 147 074.

til hovudsida for Vikebygd


-
Kommunereforma
Kyrkja gjennom 800 år
Vikestølen gjennom 116 år
Vikebygd i Hgsd. Avis
Vikebygd i Grannar.no

Følg på Twitter - her


Vêrvarsel for Vikebygd
ORD FOR DAGEN I DAG
Skuledagen 2015-2016
Ledig jobb i Vindafjord
Pollenvarsel YR.no

Andre nettstader

Frå tidlegare

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Fotoalbum
KFUK-M Speidarane

Anna Info

 
2016
November
Vikebygd Amatørteater?
November skjedde det
Oktober
Grendautvalet - ope møte
Lokal drivstoffløysing
Amatør teater i Vikebygd?
Longåsdals-dagen
Aktivitetsdag på idrettsbanen
September
Eigarskiftehelg på Joker
Folkerøystinga
Spennande gudsteneste
Vikestølsmarsjen med pop-up
August
Ny butikkeigar i bygda
Haustfest i Lio
Kommunesamanslåing?
Paul Harrison i Skjold kyrkje
Juli
Fotballkamp Vikebygd-Bjoa
Sommarsordførar
På attgrodde stiar
Dugnad for Bygdahuset
Juni
Vikestølsmøtet 26.6.
Nytt i Vikebygd i juni
Olabilløpet i Lio 24.6.
St.hans feiring 23.6.
Vigsel og dåp i parken
Dugnad på "Årvik skulehus"
Tre nye flytebryggjer
Dugnad i båthamna
Trafikksikring av Plassavegen
Mai
Speidarleir på Blikshamn
Sentrale tomter til salgs
17. mai feiringa
Minnestøtta
Vikesprinten 1.5.2016
April
Vikeputten 30.4.2016
Garasjesaldagen
Christian Stejskal -
Nutakassane på plass.
Mars
Bedehusbasar og årsmøte.
Turorientering og postar.
Kulturettermiddag 15.3.
Konfirmantane med bøsser
Merka løype til Sætrefjellet
Årsfest for speidarane
Februar
Felles årsmøte Vik og Skjold
Vinter, sol og fjelltur
Idrettsliv i Vikebygd
Svaner på isen
Januar
Vinter i Vikebygd
Tur til Vikestølen
Juletrebrenning i Lio
Bilete frå farne tider i bygda
Ordførar sin Nyttårsfest 3.1.
2015
Desember
Tradisjonsrik juletrefest
Mann av huse til kyrkje
Konsert med lokale krefter
60 unge med levande lys
Konsert med koret Scala 4.12
Korpsmusikk og fakkeltog
Grendautval og flyktningar
November
Julemesse på Bygdahuset
Flyktningar til kommunen
 

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2016
 2015
 2014
 2013
 2012

 2011
 2010
 2009
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.

Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org