Klikk her og gå til framsida av Vikebygd.org

Vikebygd i dag 

Facebook    -   Twitter

Aktivitetsdag på idrettsplassen i Vikebygd

Sida er sist endra 1. okt. 2016

 
Familiedag på idrettsbanen med store og små
Tonje Hausberg Bjerga fekk innsatspokalen

av Steinar Skartland 1. oktober

Gamle og nye aktivitetar var tilbodet for familiane som deltok på idrettslaget sin aktivitetsdag laurdag 1. oktober.  Det var kø med alle postar der deltakarane også vart premierte, ikkje med gull, sølv og bronse, men med ein nyttig ting som premie, uansett resultat. 

Men for ein av dei som møtte var det ein ekstra flott premie i vente. Dagen starta med at idrettslaget sin leiar, Odd Nesse, overrekte idrettslaget sin innsatspokal til Tonje Hausberg Bjerga. 

Tonje (15 år) fekk innsatspokalen
"Statuttane seier at pokalen går til den som har vist størst idrettsleg  og/eller administrativ innsats i Vikebygd Idrettslag sidan sist årsmøte, og som på årsmøtet enda ikkje har fylt 20 år."

Grunngjevinga som O-gruppa ga i si tilråding, var:

  • Tonje Bjerga har utmerka seg både med sportsleg og administrativ innsats:
  • Ho var einaste løpar frå Vikebygd IL som stilte til start i NM i år.
    Der vart ho nr. 62 på sprintdistansen i D14 klassen.
  • Ho tok bronsemedalje på KM langdistanse i Sauda i juni i klasse D13-14.
  • Ho har siste åra deltatt på ungdomssamlingar for satsande ungdom i
    Rogaland o-krets (ROOTS-leirar).
  • Ho har vore med og arrangert grannekaruselløp i orientering frå Bjordal hausten 2015.
  • Ho har gjort dugnad ved å henta inn turorienteringspostar etter sesongslutt.
  • Ho er generelt eit flott førebilete for dei andre ungdommane ved at ho:
    • Aldri gir opp sjølv om ho kan bomma i o-løypa
    • Er med på å arrangera innetreningar i gymsalen om vinteren
    • Er med på å arrangera treningsløp/rekruttløp ute om våren før sesongstart
Vi gratulerer med pokalen!


Så kunne idrettsaktivitetane ta til med ei rekkje postar, og med Anne Marte Tveit som kommentator over høgtalaranlegget gjennom dagen. Å skyta blink med fotball på flasker, var populært.

Nytt ar året var skyting både med 'pil og bue' og armbrøst; sykkelritt med to rundar rundt idrettsbanen, på sti og på grusveg; og keepertrening. 

Dette var veldig populært, men også dei andre aktivvitetane som lengdehopp, kulekast, orientering, 60 meter løp, fotballferdigheiter og sykkelferdigheiter. triatlon-stafett (stylter, 60 m løp og sykling) og 400 meter baneløp.

400 meter baneløp samla deltakarar med stor breidde i alder, born ungdom og foreldre.

Første i mål her vart Andre Fostenes, tett følgd av Birge Nagel Alne.
 

Solveig Hortman har gjennom stillinga i brannvesenet, kurs i køyring av utrykkingskøyrety med blålys. Kanskje grunnen til at ho raskt la seg i tet då ho sykla tredje etappe på triatlon stafetten. På grunn av lite deltakarar frå Nordabygda var grensa mellom Midtbygdlaget og Nordabygdlaget, trekt sør for Alnavegen. Med denne forsterkinga sikra Nordabygda seg sigeren, tett følgd av Mona Fostenes, som sykla for Sørabygda og Lene Bjerga for Midtbygda.


Det var heile tida kø ved skytebanen. Odin hadde erfaring frå luftgevær og kunne teknikken med å sikta, noko som gjorde at pilene trefte blinken fleire gonger, også på 100-talet i midten. Litt verre var det å få treffa med bue skyting. Men gøy var det og borna stilte seg bak igjen i køen når dei hadde skote sine tre piler.

Denne dagen var eit flott tiltak frå idrettslaget, som fekk heile familien ut i lag i det fine vêret. Nokre av dei vaksne deltok saman med borna i aktivitetane, men ein kunne også sitja og nyta dagen som tilskodar ved bord og benker, med kake, kaffi, hamburgar eller pølse frå kiosken.

 
 
 
 

Sjå fleire gamle bilete her


Likar du Vikebygd.org?

Følg med på Twitter
Totalt 140 079 besøk i 2015. Hits:  4 147 074.

til hovudsida for Vikebygd


-
Kommunereforma
Kyrkja gjennom 800 år
Vikestølen gjennom 116 år
Vikebygd i Hgsd. Avis
Vikebygd i Grannar.no

Følg på Twitter - her


Vêrvarsel for Vikebygd
ORD FOR DAGEN I DAG
Skuledagen 2015-2016
Ledig jobb i Vindafjord
Pollenvarsel YR.no

Andre nettstader

Frå tidlegare

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Fotoalbum
KFUK-M Speidarane

Anna Info

 
2016
Oktober
Aktivitetsdag på idrettsbanen
September
Eigarskiftehelg på Joker
Folkerøystinga
Spennande gudsteneste
Vikestølsmarsjen med pop-up
August
Ny butikkeigar i bygda
Haustfest i Lio
Kommunesamanslåing?
Paul Harrison i Skjold kyrkje
Juli
Fotballkamp Vikebygd-Bjoa
Sommarsordførar
På attgrodde stiar
Dugnad for Bygdahuset
Juni
Vikestølsmøtet 26.6.
Nytt i Vikebygd i juni
Olabilløpet i Lio 24.6.
St.hans feiring 23.6.
Vigsel og dåp i parken
Dugnad på "Årvik skulehus"
Tre nye flytebryggjer
Dugnad i båthamna
Trafikksikring av Plassavegen
Mai
Speidarleir på Blikshamn
Sentrale tomter til salgs
17. mai feiringa
Minnestøtta
Vikesprinten 1.5.2016
April
Vikeputten 30.4.2016
Garasjesaldagen
Christian Stejskal -
Nutakassane på plass.
Mars
Bedehusbasar og årsmøte.
Turorientering og postar.
Kulturettermiddag 15.3.
Konfirmantane med bøsser
Merka løype til Sætrefjellet
Årsfest for speidarane
Februar
Felles årsmøte Vik og Skjold
Vinter, sol og fjelltur
Idrettsliv i Vikebygd
Svaner på isen
Januar
Vinter i Vikebygd
Tur til Vikestølen
Juletrebrenning i Lio
Bilete frå farne tider i bygda
Ordførar sin Nyttårsfest 3.1.
2015
Desember
Tradisjonsrik juletrefest
Mann av huse til kyrkje
Konsert med lokale krefter
60 unge med levande lys
Konsert med koret Scala 4.12
Korpsmusikk og fakkeltog
Grendautval og flyktningar
November
Julemesse på Bygdahuset
Flyktningar til kommunen
 

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2016
 2015
 2014
 2013
 2012

 2011
 2010
 2009
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.

Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org