Klikk her og gå til framsida av Vikebygd.org

Vikebygd i dag 

Facebook    -   Twitter

Vikebygd Landhandel på nye hender

Sida er sist endra 30. sept. 2016

Bygda takka Rolf Alne som slutta av

  Joker Vikebygd ”EIGARSKIFTEHELG”
 
Fredag 30.09.2016 var Rolf sin siste arbeids-dag som Jokerkjøpmann og det er tid for å takke han for innsatsen!

Laurdag 01.10.2016 er det Gunn som ”står ved roret” i butikken.  Både for avtroppande og påtroppande butikksjef var dette spesielle dagar som dei ville dela med resten av bygda!

Læretida er over for den nye butikksjefen, Gunn Vikingstad. Frå 1.10. ligg ansvaret på hennar skuldrer, men truleg også gleda over å lukkast i møte med blide kundar. 

Vikebygd Landhandel på Lørdag
Fredag og lørdag stod kake og kaffi klar til alle som ville ha. I butikken var det ektratilbod og ulike overraskingar til kundane.
Les meir her

Og les om korleis Grendautvalet og den nye butikksjefen takka Rolf Alne.


Eigarskifte ved Vikebygd Landhandel
Takka Rolf med korpsmusikk, gåver og talar

av Steinar Skartland 30. september 2016 Vikebygd


Det var mest 17. mai stemning i Vikebygd då Grendautvalet og korpset inviterte bygde-folket til å bli med i tog frå bedehuset til Landhandelen, fredag 30. september. Dette var siste dagen at den tidlegare sjømannen, Rolf Alne, stod til rors i skuta: Vikebygd Landhandel. Nå har han overlete styringa til svigerinna, Gunn.


- Eg plar alltid slutta klokka tre på fredagen, sa Rolf då han vart kidnappa av broren Ola Harald, og frakta opp til butikken igjen i halv seks tida, og meinte at han faktisk hadde jobba overtid denne dagen før han kom seg heim.
- Eg hadde nett kome ut av dusjen og fått kokt kaffi, så kom dei og ville ha meg med.

Rolf er ikkje på Facebook, så Solveig Hortman og fleire hadde invitert alle som ville hylla Rolf for arbeidet med butikken med ein open invitasjon. Korpset hadde førebudd seg og banner var laga med teksten: "Bygda takkar deg".  Det var ikkje fritt for at Rolf fekk tårer i augene då korpset kom spelande i teten for eit tog pryda med norske flagg. Fremst i korpset gjekk også den nye butikkeigaren, Gunn Vikingstad, spelande på trombonen.

Både Solveig Hortman og leiaren i Grendautvalet,  Frantz Lea, heldt takketalar og overrekka gåver til kjøpmannen. Nokre av bygdefolket følgde opp, anten med gåve, gode ord eller ein klem. Dei vart det mange av. Rolf sitt ansikt skifte mellom strålande smil, glad latter og nokre tilfeller der tårene kom fram i augene. Det var tydeleg han sette pris på dei gode orda og takken etter å ha brukt mange lange dagar i butikken dei siste åra.

Frantz LeaFrantz Lea overrekka i tillegg ein innrama diplom som lova Rolf gratis tur med gondolbanen opp til Trodlanibba, og med gratis kaffi og konjakk mens han nytte utsikten derfrå. Dette hadde livslang gyldigheit. Men ei slik gåve forpliktar også, så vi reknar med at Frantz snart får teke første spadestikket til mastene for Gondolbanen.

Det vanka også takk til Gunn Vikingstad for at ho valde å kjøpa butikken og halda fram drifta.  Ein slik landhandel i bygda er ikkje berre ein stad å kjøpa brød, men også ein sosial møtestad som er med og aukar trivselen for både fastbuande og hyttefolk. Kjenner vi Gunn rett så er ho ei kreativ dame, full av gode idear som nok vil bli realisert dei neste åra.
Franz Lea ønskjer Gunn Vikingstad velkommen i butikken.
Franz Lea i Grendautvalet ynskjer Gunn Vikingstad velkommen i butikken.

Solveig Hortman trekte fram dei mange koppane med kaffi ho hadde fått i butikken, der drøsestova også er ein samlingsstad. Ho var litt urolegg for korleis dei nå skulle få gode smørbrød til arrangement i bygda, og oppfordra Rolf til å stilla opp og hjelpa til med det også frametter.

Rolf sjølv har kunngjort at han nå skal ta det med ro ein periode, men vi tvilar på at han vert sitjande i gyngestolen for mykje. Bygda takkar han stort for jobben han har gjort og ynskjer han alt vel framover.

Vi set alle stor pris på Gunn som tok ballen og fører vidare butikkdrifta i Vikebygd. Den beste måten vi kan syna takksemd for dette på er at alle kjøper det dei treng av daglegvarer nettopp her, og kanskje tek seg tid til ein kaffikopp og ein drøs i med naboen også.    Sjå film frå arrangementet her.


Joker Vikebygd
”EIGARSKIFTEHELG”


Fredag 30.09.2016 er Rolf sin siste arbeidsdag som Jokerkjøpmann og det er tid for å takke han for innsatsen! Lørdag 01.10.2016 er det Gunn som ”står ved roret” i butikken.
Både for avtroppande og påtroppande butikksjef blir dette spesielle dagar og me vil gjerne dele dei med resten av bygda!

Fredag og lørdag står kake og kaffi klar til alle som vil ha. I butikken blir det ektratilbod og ulike overraskingar til kundane. Me håpar å sjå deg i løpet av helga!
Velkommen!!

Rolf og Gunn
 

Full av idear for daglegvarehandel i bygda
Gunn Vikingstad overtar drifta av Vikebygd Landhandel

av Steinar Skartland, 29.8.2016

Gunn Vikingstad
Gunn Vikingstad, som tidlegare dreiv Smart-Klær AS saman med med søstera si på Karmøy, blir den nye Joker-sjefen i bygda frå 1. oktober.

   Gunn Vikingstad er opphavleg frå Karmøy, men har slege seg til i Vikebygd med familien, ute i Naustvika. Nokre år var ho politikar i kommunestyret før ho vart tilsett som kommunalsjef i Vindafjord. I seinare tid ville ho starta med noko nytt for seg sjølv, m.a. med basis i planta ramslauk. Ho har vore å finna både på julemesser og andre samanhengar med produkta sine under logoen GunnSmak. Men om ho ikkje er tilsett i kommunen nå, så er ho vald til styreleiar i Øyane Asvo, ei bedrift med verna arbeidsplassar, eigd av kommunane Etne og Vindafjord i lag.

   Ei kreativ dame, som lokalt er aktiv både i musikkorpset og som styreleiar i Bygdahuset. Dette har i seinare tid har fått ei kraftig oppgradering og fornying. Gode idear og pågangsmot struttar ut av den smilande dama som har gjort Vikebu av seg.

   - Etter at eg slutta i kommunen ga eg meg eitt år på å finna ut kva eg ville bruka tida mi til, fortel ho.
   - Eigentleg hadde eg tenkt å satsa på produkt av ramslauk og ikkje tenkt på butikken i det heile tatt. Men når Rolf tok kontakt og lufta dette, så tenkte eg at det kanskje ikkje var så dumt.

100 % kvinner.
   Ho rosar dei gode tilsette i butikken og vil gjerne ha desse med seg vidare. Når Rolf sluttar blir det berre damer igjen i arbeidsstokken. Då blir det kreativiteten til Gunn og dei andre damene i butikken som avgjer utviklinga vidare. Ho har idear og vil lufta desse med dei andre når tida er den rette.
   - Utfordringa er å gjera dette saman med dei damene som er der slik at folk kan finna seg til rette i butikken, seier ho. - Eg vil ta dette opp med dei andre etter kvart, men har ikkje hatt tid til det ennå. 

Ein sosial møteplass
   Ho fortel også at planen er å halda fram med utkøyring av varer til dei som ynskjer dette, og sjølvsagt vil samarbeidet med posten halda fram, med utlevering av pakkepost.

- Det er viktig at butikken kan vera ein sosial møteplass og ha den funksjonen utover å handla varer. Derfor vil eg vidareføra Drøsestova, men med tida sjå kva eg kan gjera endå betre.

   Nå går dagane med til å læra seg mest mulig om butikkdrifta før ho overtar. M.a. må ho ta kurs og eksamen for å få salsløyve for alkoholhaldige drikkar og kurs hos Norsk Tipping for å fortsetja som kommisjonær for dei.
   - Butikkjeda har også kurs og tilbod om opplæring, fortel Gunn og er bestemt på at butikken skal halda fram som ein Joker butikk og vil tvihalda på det konseptet.

Mange ballar i lufta
   Gunn har alltid mange ballar i lufta og er nett heimkomen frå tur med korpset til "Edinburgh Military Tattoo" i Scotland. - Eg er med i korpset og i styret for Bygdahuset fordi eg synes det er kjekt, understrekar ho!

   - Av og til må vi slutta med noko for å finna tid til noko anna, men eg vil ikkje tenkja på dette ennå. Eg er van med å bruka alle timane i døgnet godt, og det er som dei seier:
   - Vil du ha noko gjort må du spørja dei som har det travelt, sluttar Gunn av samtalen med.
   Vi ynskjer henne lukke til med butikken og den nye arbeidsplassen hennar.


Den tidlegare sjømannen legg inn årane
Joker Vikebygd over på ny eigar

av Steinar Skartland, 28.8.2016

Vikebygd LandhandelEtter snart 17 år som dagleg leiar for Vikebygd Landhandel AS, har den tidlegare sjømannen, Rolf Alne, bestemt seg for å leggja inn årane.  30. september er siste dagen. Då overtar ny eigar drifta.

- Eg har seld aksjene i AS'et som eit "going concern", fortel Rolf og seier seg svært glad for at nye har vilja ta over drifta slik at det ikkje blir stans i verksemda. Dette inkluderer også eigedom, bygg og treningsstudio i kjellaren.

- Eg overtok butikken 1. januar 1999, men då hadde eg alt vore på opplæring ei tid hos Emberland som dreiv butikken før dette, fortel Rolf som nå har fått ein ny butikkeigar på opplæring.  Gunn Vikingstad har alt teke til på opplæringa i butikken. Rolf er glad for at lokale folk vil overta slik at butikken ikkje får avbrot.

Det er helsemessige grunnar som gjer at Rolf vel å slutte som kjøpmann i Vikebygd.
- Først skal eg ha meg ein lang ferie og opptreningsperiode, så får eg sjå kva eg gjer vidare, seier Rolf. Åra på butikken har vore travle med lite fri, utanom dei raude dagane.
- Så har eg unt meg 14 dagars ferie i utlandet i året. Det er godt å ha ein god kollega å reisa saman med då.  Nå skal det vera godt å sleppa å stå opp halv sju kvar morgon, seier Rolf som slit med diabetes.

Åra i butikken har stort sett gått i balanse. Nokre år med underskot, andre med overskott, men han er takksam for alle dei lojale kundane som har støtta opp og er bevisste på at dei treng ein lokal butikk om bygda skal fungera. Og med mange gode kundar, både fastbuande og hyttefolk, så meiner han butikken godt klarer å overleve av det dei omset.

Rolf Alne, då han fullførte
Hårfagrerittet i 2011


- Eg har ikkje kunna konkurrera på pris med lågprisbutikkar som gjerne har ope utover kvelden, men vi slår dei på service og vareutlevering, seier Rolf og rosar godt samarbeid i Joker-kjeda. 

Rolf har hatt 10-12 kundar som han køyrer varer til, mange av dei er eldre folk. I ein periode då butikken på Bjoa var nedlagd fekk han også mange kundar derifrå, men nå er den på plass igjen på Innbjoa.

30. september blir det overtaking og markering med kake og kaffi, der han har invitert Joker kjeda til å koma på besøk.

 

Vikebygd Landhandel AS
Butikken ligg i sentrum av Vikebygd, ved Ålfjorden. Dei sel blomar, lokalmat fra kjøtbedrifta Toma i Haugesund og har utlevering av mat som snittar, smørbrød m.m. til alle høve. Butikken tilbyr også varekøyring kvar fredag til dei som ønskjer det. I kjellaren har dei eige treningssenter for kropp og velvære til ein overkommeleg pris. Butikken har vore i same lokale sidan 1958 og starta opp som eit samvirkelag, seinare overtatt som lokaleigd, kjøpmannstilknytt butikk, og frå 2004 som Joker-butikk.

Rolf Alne har dreve butikken sidan 1999 med bakgrunn som kokk og forpleinings-sjef i handelsflåten i 22 år world wide. Han innreia drøsestove med kaffi og internett-tilgang. Dei har ein hyggeleg betjening som gjer alt for at kunden skal trivast i butikken og komme tilbake til nye opplevingar.

 


Kjemperespons på artikkel om Gunn Vikingstad som ny butikkeigar i Vikebygd
16 500 har lest nyheita om Gunn tysdagen

av Steinar Skartland, 30.8.2016

16.500 såg meldinga på Facebook profilen til vikebygd.org tysdag 30.8., og
omlag 4200 var inne på www.vikebygd.org og las heile artikkelen.
3878 klikka seg direkte til denne artikkelen frå Facebook profilen: vikebygd1.
Det er bra for ei bygd med 560 innbyggjarar.
 

 
 
 

Sjå fleire gamle bilete her


Likar du Vikebygd.org?

Følg med på Twitter
Totalt 140 079 besøk i 2015. Hits:  4 147 074.

til hovudsida for Vikebygd


-
Kommunereforma
Kyrkja gjennom 800 år
Vikestølen gjennom 116 år
Vikebygd i Hgsd. Avis
Vikebygd i Grannar.no

Følg på Twitter - her


Vêrvarsel for Vikebygd
ORD FOR DAGEN I DAG
Skuledagen 2015-2016
Ledig jobb i Vindafjord
Pollenvarsel YR.no

Andre nettstader

Frå tidlegare

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Fotoalbum
KFUK-M Speidarane

Anna Info

 
2016
November
Vikebygd Amatørteater?
Oktober
Bygda takka Rolf
Grendautvalet - ope møte
Lokal drivstoffløysing
Amatør teater i Vikebygd?
Longåsdals-dagen
Aktivitetsdag på idrettsbanen
September
Eigarskiftehelg på Joker
Folkerøystinga
Spennande gudsteneste
Vikestølsmarsjen med pop-up
August
Ny butikkeigar i bygda
Haustfest i Lio
Kommunesamanslåing?
Paul Harrison i Skjold kyrkje
Juli
Fotballkamp Vikebygd-Bjoa
Sommarsordførar
På attgrodde stiar
Dugnad for Bygdahuset
Juni
Vikestølsmøtet 26.6.
Nytt i Vikebygd i juni
Olabilløpet i Lio 24.6.
St.hans feiring 23.6.
Vigsel og dåp i parken
Dugnad på "Årvik skulehus"
Tre nye flytebryggjer
Dugnad i båthamna
Trafikksikring av Plassavegen
Mai
Speidarleir på Blikshamn
Sentrale tomter til salgs
17. mai feiringa
Minnestøtta
Vikesprinten 1.5.2016
April
Vikeputten 30.4.2016
Garasjesaldagen
Christian Stejskal -
Nutakassane på plass.
Mars
Bedehusbasar og årsmøte.
Turorientering og postar.
Kulturettermiddag 15.3.
Konfirmantane med bøsser
Merka løype til Sætrefjellet
Årsfest for speidarane
Februar
Felles årsmøte Vik og Skjold
Vinter, sol og fjelltur
Idrettsliv i Vikebygd
Svaner på isen
Januar
Vinter i Vikebygd
Tur til Vikestølen
Juletrebrenning i Lio
Bilete frå farne tider i bygda
Ordførar sin Nyttårsfest 3.1.
2015
Desember
Tradisjonsrik juletrefest
Mann av huse til kyrkje
Konsert med lokale krefter
60 unge med levande lys
Konsert med koret Scala 4.12
Korpsmusikk og fakkeltog
Grendautval og flyktningar
November
Julemesse på Bygdahuset
Flyktningar til kommunen
 

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2016
 2015
 2014
 2013
 2012

 2011
 2010
 2009
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.

Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org