Klikk her og gå til framsida av Vikebygd.org

Vikebygd i dag 

Facebook    -   Twitter

Kommunesamanslåing Etne+Vindafjord ?

Sida er sist endra 26. sept. 2016

47% røysta. 24,76% sa ja.  74,36% røysta nei til samanslåing med Etne
Folket i Vindafjord og Etne sa NEI

av Steinar Skartland 26.9.2016

Såvidt under halvparten av dei røysteføre deltok og ga sitt råd til politikarane.  Om nokre var skuffa over at det ikkje vart ja, medan andre jubla, så var det likevel godt for alle parter å ha ei så klar avgjerd som det her vart.  Det er ikkje lett å overbevise folk om at ein treng endringar, når dei fleste i kommunen opplever Vindafjord som ein god kommune å bu i.  Samanslåinga i 2006 mellom Ølen og Vindafjord var vellukka og kommunen snudde ein dårleg økonomi til pluss i åra etterpå.

Denne gong var det eit tydeleg fleirtal både i Vindafjord og Etne til å halda fram som sjølvstendige kommunar, kvar i sitt fylke. Så får vi bretta opp ermane og gjera kvar vårt til at kommunen vert ein sterk kommune også i framtida. Utfordringane står for tur.

Bygd JA % Nei % Røyster
Skjold 13,6 85,1 516
Vats 32,6 66,8 368
Sandeid 22,3 76,6 368
Vikedal 14,3 85,3 286
Imsland 10,7 88,5 131
Ølen 37,2 62,2 481
Vågen 41,2 58,4 233
Bjoa 25,8 72,3 155
Vikebygd 25,9 73,4 158
Førehandsrøyster 20,6 78,4 388
Samla 24,7 % 74,4 % 3084

I Etnesjøen vart det eit JA for samanslåing, men med stort NEI i dei andre bygdene i kommunen, enda også Etne kommune på eit NEI med 57,8% og Ja: 41,0.
(962 røysta Nei; 689 Ja)

Dermed er det eit klart NEI i begge kommunane. Formelt er det kommunestyra som skal ta den endelege avgjerda, men partia har alle sagt at dei vil lytta til det rådet folk gir og fylgja det. Så dermed er prosessen lagt død for denne gang. 

Les meir i Grannar 1 og Grannar 2 
 

Skal Etne og Vindafjord bli ein kommune?
Opne folkemøte i Vindafjord er planlagt slik:

Skjold Arena:  Måndag 5. sept. klokka 19:00
Vikedal bygdahus: Måndag 12. sept. klokka 19:00
Ølen kulturhus:  Tysdag 20. sept. klokka 19:00

Programmet i folkemøta blir at rådmann og ordførar orienterer om avtale og utfordringar framover, før kvart parti får koma med sitt innlegg på omlag 5 minutt kvar, før salen slepp til med spørsmål og innspel. Så er det opp til folket i dei to kommunane å gi sine råd til den vidare politiske handsaminga, i folkerøystinga den 26. september. Her kan folket røysta alternativt:  JA, NEI, Blankt. 

Kommunen oppfordrar alle til å møta fram på folkemøta, og ved folkerøystinga der dei kan gje politikarane sitt råd for kva som skal skje vidare.


Ekstraordinært møte i styringsgruppa for kommunesamanslåing tysdag kveld
Intensjonsavtalen om kommunenamn annullert
av Steinar Skartland 20.9.2016

Les også i GrannarVal av namnet Etne på den nye kommunen sette fart i debatten. Ein del har vore meir opptekne av namnet, enn av kva kommunen ville bety for dei, med eller utan kommunesamanslåing. Ein interpellasjon frå Lars Olav Bergsvåg (Høgre) i Etne kommunestyre tysdag 20. september, føreslo at avtalen om namnet vart annullert.  Dette fekk støtte i Etne kommunestyre og dermed vart styringsgruppa for kommunesamanslåinga kalla inn til eit møte klokka 21:15.

Styringsgruppa, som er sett saman av formannskapa i begge kommunane, rådmenna og to tillitsvalde frå kvar kommune, vedtok samrøystes å annullera vedtaket om kommunenamn og utsetja dette til ein grundig prosess etter folkerøystinga, dersom det blir fleirtal for eit ja.

Fullt hus i Ølen kulturhus tysdag 20.9.
Ole Johan Vierdal, Bilete frå tidlegare folkemøte
Frå klokka 19:00 tysdag var det ope møte med informasjon om kommunesamanslåinga, i Ølen kulturhus. Her var det fullt i alle benker, og med folk sitjande i midtgangen. Meldinga om at det vart nytt møte om kommunenamnet vakte applaus. Mange ville ha ordet og det kom innlegg både for og imot samanslåinga.  Rådmannen peika m.a. i si gjennomgang av rapportane som er utarbeida, at Status Quo ikkje er eit alternativ. Andre peika på at kommunen står overfor mørke skyer og vesentleg reduksjon i kommunen sine inntekter, alt frå komande år.

Skulle kommunane, på bakgrunn av nei i folkerøystinga, vedta nei til samanslåing, vil dette medføra reduksjon i tenestetilbodet i kommunen. Konkret kan ein då vera nøydt til å sjå på strukturar innan dei tunge oppgåvene kommunen har, som skule, pleie og omsorg. Samanslåing vil gjera det mulig å redusera kostnadar der ein ikkje treng to kontor, men berre eitt, i tillegg til ekstra tilskott i samband med samanslåinga.

Ein ting var alle samde om: Dei oppfordra til at alle bør møta opp og stemma, uansett kva dei vel av alternativa: Ja, Nei eller blankt. Politikarane ynskjer folket sitt råd om vegen vidare gjennom folkerøystinga.


Laurdag var debatt om kommunesamanslåing i Ølen
kl 13:30, under Sjoardagen

Forslaget om Etne som kommunenamn sette fart i diskusjonen om kommunesamanslåing. Møt opp i laurdag 27.aug. Høyr meiningar og still spørsmål om dette og andre viktigare, deler av debatten.

Les også i GrannarPaneldeltakarar var:
Ole Johan Vierdal, ordførar Vindafjord
Siri Klokkerstuen, ordførar Etne
Terje Halleland, statssekretær LMD
Øystein Matre, næringslivsleiar
Celine Vik Thorson, ungdom frå Etne
Debattleiar: Aslaug Mala, tidl. redaktør Grannar


Celine Vik Thorson, Aslaug Olden Mala, Siri  Klokkerstuen, Ole Johan Vierdal, Terje Halleland
og Øystein Matre.


Godt frammøte under debatten. Dei få som bad om ordet til kommentar var mest opptekne av namnet, men fleire meinte også at dei ikkje var imot kommunesamanslåing. Ordførarane oppfordra folket til å møta fram på folkemøter og ved folkerøystinga og gje uttrykk for kva dei ynskjer å gje av råd til politikarane i den vidare prosessen.


Kommentar frå Steinar Skartland:
Treng vi å slå saman kommunane?
Regjeringa har varsla kraftige reduksjonar i overføringane til Vindafjord og Etne. Dersom kommunane slår seg saman vil dei få oppretthalda dei overføringar kommunane har i dag og få eit årleg ekstra tilskott i 15 år på 5 mill i året, (+ eingongsstønad på 20 mill). 

Vindafjord har alt fått nedskjeringar på omlag 4-5 mill., og ytterlegare nedskjeringar neste år på 7 mill (halve botntilskottet), er meldinga frå regjeringa. Utan samanslåing vil vi stå overfor nedskjeringar på omlag 12-15 mill kr i året. I tillegg vil det tilskottet vi fekk ved sist kommunesamanslåing (6-7 mill/år) bli trappa ned frå 2021.  Samla snakkar vi då om inntektsreduksjon på 18-20 mill/år. Dette kan få drastiske konsekvensar for tenestetilbodet. Ein kan stå over for både nedleggingar av skular og reduksjonar innan pleie og omsorg, då tenestene må tilpassast inntektene.

For å unngå dette og for å sikra at vi kan oppretthalda eit godt tenestetilbod også i framtida, er samanslåing av kommunar vurdert som aktuelt.  Samanslåing av administrasjon og tenester og samordning av desse mellom Etne og Vindafjord vil også gi innsparingar som kan gi rom for betre tenester enn vi har i dag.

For nokre er namnet viktigast. For meg og mange av politikarane er å kunna oppretthalda levande bygder og eit godt tenestetilbod til innbyggjarane, det som er viktig og avgjerande. Folket sin identitet vil vera i bygda dei bur i. Dei vil vera vikebuar, skjoldabuar, vikedølar og etnebuar. Men utad treng vi eit godt og kjent "varemerke". Eit namn som er kjent og har historiske røter.  Etne er eit slikt namn. Men eg vil framleis vera ein vikebu, som har det viktigaste målet: Kva kan vi byggja og skapa i saman av gode tenester og tilbod.

Vi ser ei stadig aukande urbanisering. Folk flyttar frå utkantane og inn til større sentra. Gjennom arbeidet med å byggja eit sterkare senter for handel, næring, utdanning og kultur med utgangspunkt i Ølen og Etne, vil vi motverka dette, noko som også vil gjera det leveleg i dei andre bygdene som ligg rundt omkring i Vindafjord og Etne.

Les Intensjonsavtalen her 


Kommunesamanslåing Etne Vindafjord?
Opne folkemøte i Vindafjord er planlagt slik:

Skjold Arena:  Måndag 5. sept. klokka 19:00
Vikedal bygdahus: Måndag 12. sept. klokka 19:00
Ølen kulturhus:  Tysdag 20. sept. klokka 19:00
Programmet blir at rådmann og ordførar orienterer før kvart parti får koma
med sitt innlegg på omlag 5 minutt kvar, før salen slepp til med spørsmål og innspel.

Debattmøte ordførarar-Næringsliv.
Laurdag 27. august, under Sjoardagen i Ølen
, vert det open debatt mellom ordførarane i Etne og Vindafjord og representantar frå næringslivet, klokka 13:30 (sjå programmet).

Folkerøystinga vert måndag 26. september.

Møte mellom kommunane Etne og Vindafjord
i samband med kommunereforma vert haldne slik:
- Arbeidsutvalet torsdag 25. august kl. 1200 på Etne tinghus
   Rådmann og tre politikarar frå kvar kommune (ordførar, varaordførar + 1)
- Styringsgruppa torsdag 25. august kl. 1400 på Etne tinghus
   Denne består av dei to formannskapa og skal vedta intensjonsavtale om namn på den nye kommunen.  Fristen til å koma med forslag var den 15. august.

(Sjå og les intensjonsavtalen mellom Etne og Vindafjord her ).


Sommarsvikar i Vindafjord kommune
Ordførar i ei stille tid

av Steinar Skartland 29.7.2016

Tre veker om sommaren reiser ordføraren på ferie og varaordførar overtar som "fungerande". I år vart dette frå midten av juli og utover, ei tid då mange har ferie og det derfor er lite med møter og den slags utover faste møte mellom ordførar og rådmann kvar veke. Så dei store endringane kan ein ikkje venta av den ordninga.
 
Men likevel så er det nok ein og annan som vil ha tak i politisk leiar i kommunen. M.a. så er ei og anna avis på pletten for å høyra om kva som rører seg lokalt når ein vikarierande ordførar er på kontoret.
 
Ei av desse var TV-Haugaland si vev-avis, og den artikkelen er å finna på internett. Bilde: Terje E. Johansen, TVH
 
Ein travel og spennande haust
Før sommaren vedtok kommunestyra i Vindafjord og Etne ein intensjonsavtale om samanslåing av kommunane. Straks ferien er over startar det eit informasjonsarbeid til innbyggjarane om kva dette inneber. M.a. i form av stand på etnemarknaden, informasjonsmøte i fleire bygdar og informasjon i postkassane. 26. september blir det folkerøysting i begge kommunane. Innbyggjarane skal bli høyrde om samanslåinga. Dei kan røysta ja, nei eller blankt. Då er det viktig at kvar og ein møter opp og gjev si røyst til det alternativet dei har tru på.
 
Om alt berre var slik det var før
Ja, slik kan ein og tenkja. Men verda går vidare. Inntektsgrunnlaget for kommunane endrar seg, krav til tenestene endrar seg og vi blir stadig fleire eldre og personar som ikkje er i arbeid og dermed treng omsorgstenester (SSB, 80 år og over i 2014: 4,7%; i 2100: 11,7% + vekst i befolkninga). M.a. fordi vi har gode helsetenester og sjukehus som kan ta seg av dei sjukdommar som oppstår. Slik skal det og vera. Men vi må leggja drifta i kommunen opp også med tanke på denne utfordringa. Vindafjord var i januar i pr 8788 personar. I 2040 vil vi vera 10300 +/-.
 
Krav til høgare kompetanse, samstundes som det er meir attraktivt for personar med høg kompetanse å søkja seg til større forhold enn ute på bygda. Nei, framover så blir ikkje kvardagen slik den har vore. Vi må vera i forkant, analysera utviklinga og tenkja korleis vi i best mogeleg grad skal tilpassa oss ei ny tid også i kommunen. Dette er ein av fleire grunnar til at kommunane snakkar saman og ser på om det å bli ein større kommune kan løysa utfordringane. Korleis vi kan byggja vidare på eit sentrum på Indre Haugalandet der næringsliv, utdanning og attraktiv busetnad kan motvirka fråflytting og urbanisering. Kor også arbeidstakarar med kompetanse kan tenkja på å flytta til. Nokre av dei har vakse opp i bygdene, utdanna seg, fått erfaring og reist til større plassar.
 
Eit sterkt kommunesenter og næringslivssenter i Ølensområdet vil slik vera til fordel for alle dei ni bygdene i Vindafjord. I kommunen vår har vi eit stort, variert og livskraftig næringsliv. Mange har funne ein god arbeidsplass her, og det er plass til fleire. Vi er ein av dei største landbrukskommunane i landet, og ein kommune med mykje flott natur og høve til friluftsliv, turstiar og fiskeplassar. Også stadig meir universelt tilrettelagt med gode turvegar.
 
Link til kommunane si facebookside om kommunesamanslåingaHvis folket vil
Vi lyttar til innbyggjarane, både når det gjeld standpunkt om vi -skal / skal ikkje- slå oss saman, men då må folket også stille opp på folkemøta og på valdagen, og gje oss sitt råd. Og om det blir ein ny kommune, så treng den eit namn. Det kan alle i dei to kommunane bli med og føreslå, før den 15. august, via internett (Facebook) eller ved å senda sitt forslag inn til kommunen.
 
Meiningsmålinga viser den 29. juli følgjande fordeling:
Vindafjord kommune (318)
Etne kommune (82)
Ølen kommune (34)
Haugaland kommune (18)
Grannar kommune (13)
Fjordane kommune (10)
Etne og Vindafjord kommune (8)
Fjordvind kommune (6)
Fikse kommune (4)
Fjordeid kommune (2).... m/fleire forslag
og kva foreslår du?
Les intensjonsavtalen her
 
Framleis god sommar til alle.


Vindafjord kommune web:
No kan du følgje kommunestyremøta
direkte på nett!

(frå www.vindafjord.kommune.no)

Frå no av vil alle kommunestyremøte
sendast direkte på nett.


Du kan sjå direkte, eller tidligare møter på http://vindafjord.kommunetv.no

Du sjå alle sakene i lista til venstre og velje mellom å følgje møtet frå kamera "podiet" eller kamera "talarstol".  Alle møta blir lagra om du vil sjå i ettertid og Kommunestyremøtet frå 21. juni ligg allereie ute.


Intensjonsavtale for samanslåing av
Etne og Vindafjord

Steinar Skartland 17.6.2016
 

Kommunestyret i Vindafjord hadde møte tysdag 21. juni, på Rådhuset i Ølen. Mellom fleire saker på sakskartet stod den framforhandle intensjonsavtalen for samanslåing av kommunane Etne og Vindafjord (Sjå og les avtalen mellom Etne og Vindafjord her ).

Begge kommunestyra for Etne og Vindafjord sa ja til intensjonsavtalen og den vil bli lagt ut på rådgjevande folkerøysting i begge kommunane 26. september. Deretter skal endeleg vedtak gjerast i begge kommunestyra og oversendast til Fylkesmenna i hhv. Rogaland og Hordaland, før utgangen av september.
 
Det er viktig at folk nyttar høvet til å setja seg inn i avtalen og grunnlaget for arbeidet med samanslåinga, for så å møta fram på folkerøystinga og seia si meining: ja eller nei.
 
Uansett kva folket skulle velja, så vil ikkje framtida bli slik den var. Kostnadane med drift av tenestene i kommunen er høge i dag, og alle einingar varslar at midlane er små. Med utsikter til reduksjonar i kommunen sine inntekter på fleire millionar kroner i året framover, må ein gjera endringar i drifta. Det er også trong for å sikra tilgong på høg kompetanse for å fylla dei oppgåvene kommunen har i form av tenester. Større einingar og større fagmiljø vil truleg gjera det meir interessant for personar med høg kompetanse å søkja stillingane. Dette er mellom fleire forhold grunnar til at Vindafjord kommune og Etne kommune har sett seg ned og drøfta ei samanslåing.
 
Kva skal barnet heite?
Kommunane har sett seg frist fram til 15. august på å finna eit godt namn på den nye kommunen. Folket vert inviterte til å senda inn sine forslag til styringsgruppa (formannskapa + 4 tillitsvalde + rådmenna) som så skal ta avgjerda. Fleire namn er alt spelt inn og folk har byrja tenkja på:
-Kva er det som er særeigna for dette området og som eit namn kan gjenspegla?

Vindafjord, Etne, Ølen, Haugaland, Grannar, Fjordane, Fjordvind, Fikse, Fjordeid, Skånevik, Etnefjord, Ålund, Langfoss er mellom fleire forslag. Har du eit godt forslag? Send det gjerne inn til kommunen eller som tips til politikarane. På Vindafjord kommune si  facebook side kan du både leggja inn forslag på namn og delta i meiningsmåling om kva namn folket synes er best,
Link til facebook


Sjå sakene her.
 

Sjå fleire gamle bilete her


Likar du Vikebygd.org?

Følg med på Twitter
Totalt 140 079 besøk i 2015. Hits:  4 147 074.

til hovudsida for Vikebygd


-
Kommunereforma
Kyrkja gjennom 800 år
Vikestølen gjennom 116 år
Vikebygd i Hgsd. Avis
Vikebygd i Grannar.no

Følg på Twitter - her


Vêrvarsel for Vikebygd
ORD FOR DAGEN I DAG
Skuledagen 2015-2016
Ledig jobb i Vindafjord
Pollenvarsel YR.no

Andre nettstader

Frå tidlegare

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Fotoalbum
KFUK-M Speidarane

Anna Info

 
2016
September
Folkerøystinga
August
Ny butikkeigar i bygda
Haustfest i Lio
Kommunesamanslåing?
Paul Harrison i Skjold kyrkje
Juli
Fotballkamp Vikebygd-Bjoa
Sommarsordførar
På attgrodde stiar
Dugnad for Bygdahuset
Juni
Vikestølsmøtet 26.6.
Nytt i Vikebygd i juni
Olabilløpet i Lio 24.6.
St.hans feiring 23.6.
Vigsel og dåp i parken
Dugnad på "Årvik skulehus"
Tre nye flytebryggjer
Dugnad i båthamna
Trafikksikring av Plassavegen
Mai
Speidarleir på Blikshamn
Sentrale tomter til salgs
17. mai feiringa
Minnestøtta
Vikesprinten 1.5.2016
April
Vikeputten 30.4.2016
Garasjesaldagen
Christian Stejskal -
Nutakassane på plass.
Mars
Bedehusbasar og årsmøte.
Turorientering og postar.
Kulturettermiddag 15.3.
Konfirmantane med bøsser
Merka løype til Sætrefjellet
Årsfest for speidarane
Februar
Felles årsmøte Vik og Skjold
Vinter, sol og fjelltur
Idrettsliv i Vikebygd
Svaner på isen
Januar
Vinter i Vikebygd
Tur til Vikestølen
Juletrebrenning i Lio
Bilete frå farne tider i bygda
Ordførar sin Nyttårsfest 3.1.
2015
Desember
Tradisjonsrik juletrefest
Mann av huse til kyrkje
Konsert med lokale krefter
60 unge med levande lys
Konsert med koret Scala 4.12
Korpsmusikk og fakkeltog
Grendautval og flyktningar
November
Julemesse på Bygdahuset
Flyktningar til kommunen
 

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2016
 2015
 2014
 2013
 2012

 2011
 2010
 2009
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.

Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org