Klikk her og gå til framsida av Vikebygd.org

Vikebygd i dag 

Facebook    -   Twitter

Kyrkjesøndag

Sida er sist endra 18. sept. 2016


Søndag 18. september - solskin og lange køar av bilar til kyrkja
Spennande familiegudsteneste
18.9.2016 Steinar Skartland

Bilane stod i lang rekke heilt opp til fylkesvegen i tillegg til parkeringsplassen. Kva var det som venta oss i kyrkja på søndag, som trekte så mange?


Mange samla seg i kyrkja søndag.  Utanfor venta kyrkjekaffi på kyrkjebakken.

Vi er etter kvart vane med at det er spennande å delta på gudsteneste saman med Jon prest. Denne søndagen var det familiane og borna som stod i sentrum. To familiar skulle ha barnedåp.  Dei fylte benkene fremst og familiemedlemmer fekk vera med og lesa tekstane denne søndagen.  Oliver Høyland Larsen og Runa Marthea Siglen var det som skulle døypast og får med seg eit dåpslys til minne om dagen då dei vart innlemma i den norske kyrkja.

Så var også fireåringane spesielt inviterte. Dei var tre born i år, og hadde fått vore i kyrkja også laurdagen saman med Else Gurine Stople. Om nokon i bygda hadde høyrt kyrkjeklokkene, så var det borna som fekk prøva dei, sa ho. I gudstenesta fekk borna barnebibelen og dei fekk lov til å stå heilt framme og syngja velsigninga saman med kyrkjelyden. Else Gurine tende eit lys for kvar av borna i den stor ljosgloben. 

Det var visst ingen i kyrkja som hadde fødselsdag denne dagen, men Jon Ådnøy hadde likevel fått ein pakke. Mange lurte meir og meir på kva det kunne vera inni, etter som han lurte på om pakken skulle opnast nå eller etter gudstenesta. Dei heilt framme fekk lov til å lukta på pakken. Til slutt kom det fram refleksvest, headover og eit eple. Presten kledde på seg og meinte det nok var nokon som var glad i han og ville han det beste, som hadde laga pakken.  Dette knytte han opp mot bibelteksten - om Gud som skapte verda og menneska, og kanskje hadde litt humor når forskjellige dyr vart skapte? Borna og dei vaksne fekk høyra om om korleis Guds kjærleik er og kor glad han er i kvart menneske.

Og i tillegg til alt det kjekke så fekk alle dei 117 som var i kyrkja denne dagen også gle seg over flott musikk på kyrkjeorgelet, der Arne Tveit hadde hand om tangentane. Imponerande kva han får ut av det gode kyrkjeorgelet vårt - og attpå til i form av songar som høver for born og familiar.  Det var jammen verdt ein tur i kyrkja denne dagen, og saman kunne vi nyta sola og finvêret med kake og kaffi utanfor kyrkja etterpå.
 


Gudsteneste med konfirmantpresentasjon
av Steinar Skartland 28.8.2016

Under gudstenesta i Vikebygd kyrkje søndag 28.8. presenterte sokneprest Jon Ådnøy det nye kullet med konfirmantar og opplegget dei skal delta i. I Vikebygd er det 10 ungdommar som saman skal delta i konfirmantundervisninga dette vinterhalvåret. 

Jon kunne fortelja at opplegget nå består av 60 klokketimar. Dei skal både ha undervisning i kyrkja og delta på leir saman med konfirmantar frå fleire av bygdene i kommunen.  I opplegget er det også å delta i ulike aktivitetar, både i gudstenester og i to grupper som dei har kalla: 'Kjekk og Grei'; og 'Leik og Lag'.

I opplegget er også å delta i 'maraton i bibellesing' som vert arrangert i Skjold kyrkje 8.-13. november.  Då skal heile bibelen lesast samanhengande frå perm til perm.
- Me har planlagt at det skal ta 90 timar.  Dei første to kapitla vert lesne av ordførar Ole Johan Vierdal og fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa, kunne Jon Ådnøy fortelja.  


Fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa
Foto Stortinget

 

Populær utfartsstad
Olalia Fjellstove utfartsstad heile veka

av Steinar Skartland 18.9.2016

Denne hausten har Olalia hatt ope kvar helg - heilt fram til 16. oktober. Det har ført til ein straum av turgåarar i alle aldrar, også dei med baby på magen eller småborn i vogn.  Dei litt større borna går til fots innover. 

Vegen frå Oppheim parkeringsplass til Olalia er brei, fast og god.  Laurdag er ope 11-16 og søndag 11-15, kor turgåarane kan få kjøpa middag. Men også dei andre dagane når hovudhytta er stengd, så nyttar mange denne turen alle dagar i veka. Fleire nyttar også sykkelen til ein treningstur innover fjellet.


Fjellet har funne fram haustfargane. Det har det også innover til Olalia.  Med gode temperaturar og sol frå klår himmel var det mange som ville dela haustfargane i helga.

Sjekk forholda på webcamera på Fjellstøl:
 

 
 
 
 
 

Sjå fleire gamle bilete her


Likar du Vikebygd.org?

Følg med på Twitter
Totalt 140 079 besøk i 2015. Hits:  4 147 074.

til hovudsida for Vikebygd


-
Kommunereforma
Kyrkja gjennom 800 år
Vikestølen gjennom 116 år
Vikebygd i Hgsd. Avis
Vikebygd i Grannar.no

Følg på Twitter - her


Vêrvarsel for Vikebygd
ORD FOR DAGEN I DAG
Skuledagen 2015-2016
Ledig jobb i Vindafjord
Pollenvarsel YR.no

Andre nettstader

Frå tidlegare

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Fotoalbum
KFUK-M Speidarane

Anna Info

 
2016
Okto
ber
Aktivitetsdag på idrettsbanen
September
Folkerøystinga
Vikestølsmarsjen med pop-up
August
Ny butikkeigar i bygda
Kyrkjesøndag og turdag
Haustfest i Lio
Kommunesamanslåing?
Paul Harrison i Skjold kyrkje
Juli
Fotballkamp Vikebygd-Bjoa
Sommarsordførar
På attgrodde stiar
Dugnad for Bygdahuset
Juni
Vikestølsmøtet 26.6.
Nytt i Vikebygd i juni
Olabilløpet i Lio 24.6.
St.hans feiring 23.6.
Vigsel og dåp i parken
Dugnad på "Årvik skulehus"
Tre nye flytebryggjer
Dugnad i båthamna
Trafikksikring av Plassavegen
Mai
Speidarleir på Blikshamn
Sentrale tomter til salgs
17. mai feiringa
Minnestøtta
Vikesprinten 1.5.2016
April
Vikeputten 30.4.2016
Garasjesaldagen
Christian Stejskal -
Nutakassane på plass.
Mars
Bedehusbasar og årsmøte.
Turorientering og postar.
Kulturettermiddag 15.3.
Konfirmantane med bøsser
Merka løype til Sætrefjellet
Årsfest for speidarane
Februar
Felles årsmøte Vik og Skjold
Vinter, sol og fjelltur
Idrettsliv i Vikebygd
Svaner på isen
Januar
Vinter i Vikebygd
Tur til Vikestølen
Juletrebrenning i Lio
Bilete frå farne tider i bygda
Ordførar sin Nyttårsfest 3.1.
2015
Desember
Tradisjonsrik juletrefest
Mann av huse til kyrkje
Konsert med lokale krefter
60 unge med levande lys
Konsert med koret Scala 4.12
Korpsmusikk og fakkeltog
Grendautval og flyktningar
November
Julemesse på Bygdahuset
Flyktningar til kommunen
 

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2016
 2015
 2014
 2013
 2012

 2011
 2010
 2009
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.

Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org