Klikk her og gå til framsida av Vikebygd.org

Vikebygd i dag 

Facebook    -   Twitter

Haustfest i Lio

Sida er sist endra 28. aug. 2016

LioVel inviterte til Haustfest for
små og store i bygda

på leikeplassen i Liofeltet. 

av Steinar Skartland, 27. august 2016

90 born og vaksne kom til lappar, musikk, leik og utlodding.


Lene Bjerga underheldt med song.   Klikk bildet og sjå film frå arrangementet.

Medan Aud Jorunn Tordal inviterte bygdefolket velkomne til haustfest og styrte eit godt og variert program, var Tor Arild Mortveit i full aktivitet med ei elektrisk takke. Der produserte han ei stor mengd med lappar. Dei var gode og gjekk fort unna, men produksjonen gjekk ennå raskare for produsenten enn salet.  Då det leid på ettermiddagen og familiefolket ville ta på heimveg, måtte han ty til posesal av lappar:
- 50 kroner for 8 lappar kunngjorde han, og fekk hjelp av Linda Frotjold som stakk heimom og henta plastposar til å fylla desse i. Så her fekk mange også lappekaker til laurdagskosen eller søndagskaffien.

I tillegg til Lene som sende ut den eine songen etter den andre frå toppen av haugen midt i leikeparken, så vart det både sporleik og fotballkonkurranse.  LioVel hadde vore flinke med å samla inn premiar til ei utlodding der dei fleste kunne bera med seg noko heim etter lodda var trekte.

Vêret var upåklanderleg med sol og god temperatur.
- Det fine med dette arrangementet er at vi kan få det til på kort varsel, sa Aud Jorunn.
- Så om det hadde vorte regn kunne vi lett ha flytta det til ein annan dag eller neste helg.
 

I leikeparken er det sett ut fleire "rasteplass-bord", og gjer at dette blir ein stad det alle generasjonar kan samlast, men her er også leikestativ og grillplass. Kjekt også at det er mulig å klatre i eit ujamt terreng.

 


 
 
 
 
 

Sjå fleire gamle bilete her


Likar du Vikebygd.org?

Følg med på Twitter
Totalt 140 079 besøk i 2015. Hits:  4 147 074.

til hovudsida for Vikebygd


-
Kommunereforma
Kyrkja gjennom 800 år
Vikestølen gjennom 116 år
Vikebygd i Hgsd. Avis
Vikebygd i Grannar.no

Følg på Twitter - her


Vêrvarsel for Vikebygd
ORD FOR DAGEN I DAG
Skuledagen 2015-2016
Ledig jobb i Vindafjord
Pollenvarsel YR.no

Andre nettstader

Frå tidlegare

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Fotoalbum
KFUK-M Speidarane

Anna Info

 
2016
August
Ny butikkeigar i bygda
Haustfest i Lio
Kommunesamanslåing?
Paul Harrison i Skjold kyrkje
Juli
Fotballkamp Vikebygd-Bjoa
Sommarsordførar
På attgrodde stiar
Dugnad for Bygdahuset
Juni
Vikestølsmøtet 26.6.
Nytt i Vikebygd i juni
Olabilløpet i Lio 24.6.
St.hans feiring 23.6.
Vigsel og dåp i parken
Dugnad på "Årvik skulehus"
Tre nye flytebryggjer
Dugnad i båthamna
Trafikksikring av Plassavegen
Mai
Speidarleir på Blikshamn
Sentrale tomter til salgs
17. mai feiringa
Minnestøtta
Vikesprinten 1.5.2016
April
Vikeputten 30.4.2016
Garasjesaldagen
Christian Stejskal -
Nutakassane på plass.
Mars
Bedehusbasar og årsmøte.
Turorientering og postar.
Kulturettermiddag 15.3.
Konfirmantane med bøsser
Merka løype til Sætrefjellet
Årsfest for speidarane
Februar
Felles årsmøte Vik og Skjold
Vinter, sol og fjelltur
Idrettsliv i Vikebygd
Svaner på isen
Januar
Vinter i Vikebygd
Tur til Vikestølen
Juletrebrenning i Lio
Bilete frå farne tider i bygda
Ordførar sin Nyttårsfest 3.1.
2015
Desember
Tradisjonsrik juletrefest
Mann av huse til kyrkje
Konsert med lokale krefter
60 unge med levande lys
Konsert med koret Scala 4.12
Korpsmusikk og fakkeltog
Grendautval og flyktningar
November
Julemesse på Bygdahuset
Flyktningar til kommunen
 

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2016
 2015
 2014
 2013
 2012

 2011
 2010
 2009
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.

Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org