Klikk her og gå til framsida av Vikebygd.org

Vikebygd i dag 

Facebook    -   Twitter

Sildajazz i Skjold kyrkje

Sida er sist endra 12. aug. 2016

Sildajazz i Skjold kyrkje
Konsert med Paul Harrison Band

Av Steinar Skartland, 14.8.2016

Smil, glede og svingande jazzmusikk fylte kyrkjerommet i Skjold då britiske Paul Harrison Band og den danske vokalisten Camila Ernen Lyngholm hadde konsert fredag 12. august.


Paul Harrison er sjølve symbolet på HOT britisk jazz. Virtuos på klarinett og sax og med eit suksessfylt band med eminente danske og utanlandske krefter. Med eit repertoar av gospel og den tradisjonelle New Orleans musikken ga dei publikum ei vakker Sildajazz oppleving.

Det var god plass i benkene med berre 140 tilhøyrarar. Men det internasjonalt kjende jazzbandet ga alt i denne musikalske opplevinga som vi fekk ta del i. Eit breitt repertoar med høg musikalsk kvalitet og svært utåtvent sceneopptreden. I dette opplegget passa Camilla godt inn og ga oss ei flott oppleving med si gode røyst. Dei kombinerte humoristiske kommentarar og innfall frå bandmedlemene med varierte og glade jazztonar som vi gjerne skulle hatt meir av i kyrkjene våre.

Øystein Kalstveit, som kunne ynskja bygdefolket velkomne på vegne av kulturutvalet i Skjold og Vikebygd sokneråd, kunne vera stolt over denne kvelden. Sokneråda gjer ein flott jobb med å skapa liv i kyrkjene våre. I fleire år på rad har dei klart å få Sildajazz-arrangørane med på å leggja ein av konsertane her i Skjold. Det vonar vi kan bli ein fast tradisjon også i åra framover.
– Eg hadde aldri trudd at det skulle vera så mykje arbeid å vera med i soknerådet, kommenterte ein av rådsmedlemene då dei etterpå serverte kaffi og kaker til publikummet.


Ute i gangen låg CD plater for sal.  Desse vart fort rivne bort av publikum som gjerne villa ha meir av Paul Harrison.

Plakaten

Klikk her for å sjå heile plakaten

Sjå fleire gamle bilete her


Likar du Vikebygd.org?

Følg med på Twitter
Totalt 140 079 besøk i 2015. Hits:  4 147 074.

til hovudsida for Vikebygd


-
Kommunereforma
Kyrkja gjennom 800 år
Vikestølen gjennom 116 år
Vikebygd i Hgsd. Avis
Vikebygd i Grannar.no

Følg på Twitter - her


Vêrvarsel for Vikebygd
ORD FOR DAGEN I DAG
Skuledagen 2015-2016
Ledig jobb i Vindafjord
Pollenvarsel YR.no

Andre nettstader

Frå tidlegare

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Fotoalbum
KFUK-M Speidarane

Anna Info

 
2016
August
Paul Harrison i Skjold kyrkje
Juli
Fotballkamp Vikebygd-Bjoa
Sommarsordførar
På attgrodde stiar
Dugnad for Bygdahuset
Juni
Vikestølsmøtet 26.6.
Nytt i Vikebygd i juni
Olabilløpet i Lio 24.6.
St.hans feiring 23.6.
Vigsel og dåp i parken
Dugnad på "Årvik skulehus"
Tre nye flytebryggjer
Dugnad i båthamna
Trafikksikring av Plassavegen
Mai
Speidarleir på Blikshamn
Sentrale tomter til salgs
17. mai feiringa
Minnestøtta
Vikesprinten 1.5.2016
April
Vikeputten 30.4.2016
Garasjesaldagen
Christian Stejskal -
Nutakassane på plass.
Mars
Bedehusbasar og årsmøte.
Turorientering og postar.
Kulturettermiddag 15.3.
Konfirmantane med bøsser
Merka løype til Sætrefjellet
Årsfest for speidarane
Februar
Felles årsmøte Vik og Skjold
Vinter, sol og fjelltur
Idrettsliv i Vikebygd
Svaner på isen
Januar
Vinter i Vikebygd
Tur til Vikestølen
Juletrebrenning i Lio
Bilete frå farne tider i bygda
Ordførar sin Nyttårsfest 3.1.
2015
Desember
Tradisjonsrik juletrefest
Mann av huse til kyrkje
Konsert med lokale krefter
60 unge med levande lys
Konsert med koret Scala 4.12
Korpsmusikk og fakkeltog
Grendautval og flyktningar
November
Julemesse på Bygdahuset
Flyktningar til kommunen
 

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2016
 2015
 2014
 2013
 2012

 2011
 2010
 2009
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.

Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org