Klikk her og gå til framsida av Vikebygd.org

Vikebygd i dag 

Facebook    -   Twitter

Sommarsfotball - kampane Vikebygd-Bjoa

Sida er sist endra 30. juli 2016


Andre runde av fotballkampar Vikebygd - Bjoa
Fire kampar med seks på laga, vart inne i hallen

av Steinar Skartland, 30.7.2016

Med regnblaut grasbane i Vikebygd vart kampane flytta inn i "Kjekt i Vik-hallen" og gjort om til fire kampar med lag på seks spelarar. Banen inne er kort så det var likevel tett mellom spelarane som var i stor breidde i alder og med begge kjønn. Vikebygd og Bjoa vann kvar sine to kampar, og dei som likar skåringar fekk god utteljing.

I den første kampen fekk Vikebygd meir hardkjør mot seg enn dei hadde venta. Trass i ein uredd målmann som gjorde sitt beste og berga mange av målskota, så måtta Kjetil Andre sjå at heile seks ballar hamna mellom målstengene bak han og kampen enda til slutt 2-6.

Omgangane var på 20 minutt med ein kort pause mellom.  Deretter skifte laga. Med fire kampar fekk alle spelarane prøva seg mot kvarandre, men nokre fekk spela fleire kampar enn to, då som innbytarar eller målmenn. Kjetil Andre klarte seg godt i mål dei to første kampane, men vart skada i pausen og Vikebygd måtte inn med reservemålmann dei to neste kampane.


Det kunne til tider gå hardt for seg på banen og det var ikkje fritt for at ein og annan av spelarane halta litt då kampen var over.  Kort bane og knallharde skot som spelarane nok merka då dei møtte ballen. Litt rått spel kunne observerast og dommar Øyvind Nordtveit frå Vats måtte opp med det gule kortet fleire gonger.  Likevel var det godt humør som prega spelarane i denne venskapelege fortballturneringa mellom vaksne fotballspelarar med røter frå Vikebygd og Bjoa.

Målrike kampar - Vikebygd 9, Bjoa 11
Etter den første kampen der Bjoa vann 6-2 mot Vikebygd tenkte mange at dette nok var Bjoa sin revansjdag etter at dei tapte 1-3 mot Vikebygd for to veker sidan.  Hadde Bjoa lege i hardtrening kvar dag fram mot kampane i Vikebygd?

Men dei neste kampane så veksla det annankvar gong mellom kva bygd som kom sigrane ut av omgangane. Resultata mellom Vikebygd og Bjoa i desse fire kampane vart då: 2-6; 3-1; 1-2 og 3-2, men likevel, flest mål til Bjoa samla. Langs sidelinja var det omlag 60-70 tilskodarar som hadde samla seg for å heia fram laga, Dei fleste nok familiemedlemmer til spelarane.

Likestilling
I desse vennskapskampane mellom Vikebygd og Bjoa observerte vi både menn og kvinner på laga frå begge bygder, og nokre var også i same familie som far og dotter, vart det sagt frå dei som kjende laga og viste til far og dotter Knutsen.

Samansette lag på tvers av kjønn og alder.

Det er blitt ein tradisjon med to "A-lagskampar" mellom Bjoa og Vikebygd om sommaren. Fleire av spelarane er til vanleg på studier eller busette andre stader enn i Vikebygd og Bjoa, men desse sommarsvekene finn dei saman i ferien med det dei likar best, fotball. I Vikebygd starta dei med treninga i juni og har faste treningar gjennom sommaren. Resten av året er spelarane på skule eller arbeid på ulike stader. Alderen varierer også mykje mellom dei yngste og eldste på laget, men dei var likevel svært godt samspelte gjennom kampen.
Dammar på banen
Grasbanen i Vikebygd innbaud ikkje til fotballkamp etter fleire dagar med regn. Ein del dammar synte heller ikkje vilje til å siga under. På kort varsel vart det derfor avgjort å flytta kampane innandørs leggja om kampane.  Fleire søkk i banen og at vatnet ikkje sig ned tyder på at det er trong for vedlikehald og fornying av grasmatta. De kan vera trong for innblanding av meir sand i jorda, meinte Nordtveit som var ein tur ute på grasmatta og såg på tilstanden.

 

 


 

 

Den første kampen i år var på Bjoa
-
Kampen på Bjoa vart spela for ei god veke sidan, fortalde Rune Hetland før helga. - Vikebygd vann då 3-1, men det viktigaste med desse kampane er å lage ein happening om sommaren; samle dei unge vaksne som er spreidde rundt om resten av året. Det har vore god oppslutning på treningane og målet om å ha det kjekt ser ut til å lukkast.

Fast tradisjon
I 2015 vart det siger til Vikebygd i den første kampen, men revansj til Bjoa i den andre.
I 2014 vann Vikebygd begge kampane.

 
 

Sjå fleire gamle bilete her


Likar du Vikebygd.org?

Følg med på Twitter
Totalt 140 079 besøk i 2015. Hits:  4 147 074.

til hovudsida for Vikebygd


-
Kommunereforma
Kyrkja gjennom 800 år
Vikestølen gjennom 116 år
Vikebygd i Hgsd. Avis
Vikebygd i Grannar.no

Følg på Twitter - her


Vêrvarsel for Vikebygd
ORD FOR DAGEN I DAG
Skuledagen 2015-2016
Ledig jobb i Vindafjord
Pollenvarsel YR.no

Andre nettstader

Frå tidlegare

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Fotoalbum
KFUK-M Speidarane

Anna Info

 
2016
Juli
Fotballkamp Vikebygd-Bjoa
Sommarsordførar
På attgrodde stiar
Dugnad for Bygdahuset
Juni
Vikestølsmøtet 26.6.
Nytt i Vikebygd i juni
Olabilløpet i Lio 24.6.
St.hans feiring 23.6.
Vigsel og dåp i parken
Dugnad på "Årvik skulehus"
Tre nye flytebryggjer
Dugnad i båthamna
Trafikksikring av Plassavegen
Mai
Speidarleir på Blikshamn
Sentrale tomter til salgs
17. mai feiringa
Minnestøtta
Vikesprinten 1.5.2016
April
Vikeputten 30.4.2016
Garasjesaldagen
Christian Stejskal -
Nutakassane på plass.
Mars
Bedehusbasar og årsmøte.
Turorientering og postar.
Kulturettermiddag 15.3.
Konfirmantane med bøsser
Merka løype til Sætrefjellet
Årsfest for speidarane
Februar
Felles årsmøte Vik og Skjold
Vinter, sol og fjelltur
Idrettsliv i Vikebygd
Svaner på isen
Januar
Vinter i Vikebygd
Tur til Vikestølen
Juletrebrenning i Lio
Bilete frå farne tider i bygda
Ordførar sin Nyttårsfest 3.1.
2015
Desember
Tradisjonsrik juletrefest
Mann av huse til kyrkje
Konsert med lokale krefter
60 unge med levande lys
Konsert med koret Scala 4.12
Korpsmusikk og fakkeltog
Grendautval og flyktningar
November
Julemesse på Bygdahuset
Flyktningar til kommunen
 

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2015
2014
2013
2012

2011
2010
2009
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.

Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org