Klikk her og gå til framsida av Vikebygd.org

Vikebygd i dag 

Facebook    -   Twitter

Sommarsvikar som ordførar

Sida er sist endra 29. juli 2016


Sommarsvikar i Vindafjord kommune
Ordførar i ei stille tid
av Steinar Skartland 29.7.2016

Tre veker om sommaren reiser ordføraren på ferie og varaordførar overtar som "fungerande". I år vart dette frå midten av juli og utover, ei tid då mange har ferie og det derfor er lite med møter og den slags utover faste møte mellom ordførar og rådmann kvar veke. Så dei store endringane kan ein ikkje venta av den ordninga.
 
Men likevel så er det nok ein og annan som vil ha tak i politisk leiar i kommunen. M.a. så er ei og anna avis på pletten for å høyra om kva som rører seg lokalt når ein vikarierande ordførar er på kontoret.
 
Ei av desse var TV-Haugaland si vev-avis, og den artikkelen er å finna på internett. Bilde: Terje E. Johansen, TVH
 
Ein travel og spennande haust
Før sommaren vedtok kommunestyra i Vindafjord og Etne ein intensjonsavtale om samanslåing av kommunane. Straks ferien er over startar det eit informasjonsarbeid til innbyggjarane om kva dette inneber. M.a. i form av stand på etnemarknaden, informasjonsmøte i fleire bygdar og informasjon i postkassane. 26. september blir det folkerøysting i begge kommunane. Innbyggjarane skal bli høyrde om samanslåinga. Dei kan røysta ja, nei eller blankt. Då er det viktig at kvar og ein møter opp og gjev si røyst til det alternativet dei har tru på.
 
Om alt berre var slik det var før
Ja, slik kan ein og tenkja. Men verda går vidare. Inntektsgrunnlaget for kommunane endrar seg, krav til tenestene endrar seg og vi blir stadig fleire eldre og personar som ikkje er i arbeid og dermed treng omsorgstenester (SSB, 80 år og over i 2014: 4,7%; i 2100: 11,7% + vekst i befolkninga). M.a. fordi vi har gode helsetenester og sjukehus som kan ta seg av dei sjukdommar som oppstår. Slik skal det og vera. Men vi må leggja drifta i kommunen opp også med tanke på denne utfordringa. Vindafjord var i januar i pr 8788 personar. I 2040 vil vi vera 10300 +/-.
 
Krav til høgare kompetanse, samstundes som det er meir attraktivt for personar med høg kompetanse å søkja seg til større forhold enn ute på bygda. Nei, framover så blir ikkje kvardagen slik den har vore. Vi må vera i forkant, analysera utviklinga og tenkja korleis vi i best mogeleg grad skal tilpassa oss ei ny tid også i kommunen. Dette er ein av fleire grunnar til at kommunane snakkar saman og ser på om det å bli ein større kommune kan løysa utfordringane. Korleis vi kan byggja vidare på eit sentrum på Indre Haugalandet der næringsliv, utdanning og attraktiv busetnad kan motvirka fråflytting og urbanisering. Kor også arbeidstakarar med kompetanse kan tenkja på å flytta til. Nokre av dei har vakse opp i bygdane, utdanna seg, fått erfaring og reist til større plassar.
 
Eit sterkt kommunesenter og næringslivssenter i Ølensområdet vil slik vera til fordel for alle dei ni bygdene i Vindafjord. I kommunen vår har vi eit stort, variert og livskraftig næringsliv. Mange har funne ein god arbeidsplass her, og det er plass til fleire. Vi er ein av dei største landbrukskommunane i landet, og ein kommune med mykje flott natur og høve til friluftsliv, turstiar og fiskeplassar. Også stadig meir universelt tilrettelagt med gode turvegar.
 
Hvis folket vil
Link til kommunane si facebookside om kommunesamanslåingaVi lyttar til innbyggjarane, både når det gjeld standpunkt om vi -skal / skal ikkje- slå oss saman, men då må folket også stille opp på folkemøtene og på valdagen, og gje oss sitt råd. Og om det blir ein ny kommune, så treng den eit namn. Det kan alle i dei to kommunane bli med og føreslå, før den 15. august, via internett (Facebook)eller ved å senda sitt forslag inn til kommunen.
 
Meiningsmålinga viser den 29. juli følgjande fordeling:
Vindafjord kommune (318)
Etne kommune (82)
Ølen kommune (34)
Haugaland kommune (18)
Grannar kommune (13)
Fjordane kommune (10)
Etne og Vindafjord kommune (8)
Fjordvind kommune (6)
Fikse kommune (4)
Fjordeid kommune (2).... m/fleire forslag
og kva foreslår du?
Les intensjonsavtalen her
 
Framleis god sommar til alle.
Helsing Steinar Skartland, fungerande ordførar  

 
 

Sjå fleire gamle bilete her


Likar du Vikebygd.org?

Følg med på Twitter
Totalt 140 079 besøk i 2015. Hits:  4 147 074.

til hovudsida for Vikebygd


-
Kommunereforma
Kyrkja gjennom 800 år
Vikestølen gjennom 116 år
Vikebygd i Hgsd. Avis
Vikebygd i Grannar.no

Følg på Twitter - her


Vêrvarsel for Vikebygd
ORD FOR DAGEN I DAG
Skuledagen 2015-2016
Ledig jobb i Vindafjord
Pollenvarsel YR.no

Andre nettstader

Frå tidlegare

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Fotoalbum
KFUK-M Speidarane

Anna Info

 
2016
Juli
Fotballkamp Vikebygd-Bjoa
Sommarsordførar
På attgrodde stiar
Dugnad for Bygdahuset
Juni
Vikestølsmøtet 26.6.
Nytt i Vikebygd i juni
Olabilløpet i Lio 24.6.
St.hans feiring 23.6.
Vigsel og dåp i parken
Dugnad på "Årvik skulehus"
Tre nye flytebryggjer
Dugnad i båthamna
Trafikksikring av Plassavegen
Mai
Speidarleir på Blikshamn
Sentrale tomter til salgs
17. mai feiringa
Minnestøtta
Vikesprinten 1.5.2016
April
Vikeputten 30.4.2016
Garasjesaldagen
Christian Stejskal -
Nutakassane på plass.
Mars
Bedehusbasar og årsmøte.
Turorientering og postar.
Kulturettermiddag 15.3.
Konfirmantane med bøsser
Merka løype til Sætrefjellet
Årsfest for speidarane
Februar
Felles årsmøte Vik og Skjold
Vinter, sol og fjelltur
Idrettsliv i Vikebygd
Svaner på isen
Januar
Vinter i Vikebygd
Tur til Vikestølen
Juletrebrenning i Lio
Bilete frå farne tider i bygda
Ordførar sin Nyttårsfest 3.1.
2015
Desember
Tradisjonsrik juletrefest
Mann av huse til kyrkje
Konsert med lokale krefter
60 unge med levande lys
Konsert med koret Scala 4.12
Korpsmusikk og fakkeltog
Grendautval og flyktningar
November
Julemesse på Bygdahuset
Flyktningar til kommunen
 

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2015
2014
2013
2012

2011
2010
2009
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.

Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org