Klikk her og gå til framsida av Vikebygd.org

Vikebygd i dag 

Facebook    -   Twitter

Bygdahuset i Vikebygd - eit dugnadsprosjekt

Sida er sist endra 22. juli 2016


Stor dugnadsinnsats i juli
Renovering av matsal og inngangsparti på Bygdahuset

av Steinar Skartland 22.7.2016  /  Foto: frå Bygdahuset sin facebook profil

Mange nyttar juli til ferietur, andre samlast på dugnad på bygdahuset etter at
Gunn Vikingstad, leiar i styret, den 9. juli kunne invitera til innsats i Vikebygd si storstove:
- Huset blir stengt for utleige i skuleferien. Det skal leggjast nytt elektrisk, nytt tak og malast i matsal og inngangspartiet. Dugnad må til om me skal komme i mål! La ho ut på Facebook og utfordra unge, gamle, fastbuande og hyttefolk.

   
Mange har stilt opp, både ungdom og vaksne, og framdrifta viser igjen.

- Matsalen og inngangspartiet skal renoverast, seier Gunn Vikingstad og fortel at det blir nytt elektrisk opplegg i desse romma og hovudstraumtavla blir oppgradert til automatsikringar. Vidare blir det malt og lagt nytt tak. Årsmøtet har sett av 300 000 til oppussinga. Dugnad er nødvendig for å komma i mål – både når det gjeld utgifter og at lokala skal vera klar til bruk ved skulestart!

Bygdahuset treng meir dugnadsfolk for å bli ferdige
- Me er godt i gang med arbeidet, men det gjenstår enno nokre timar med arbeid – hovudsakleg maling, fortel Gunn og seier alle som har lyst å gi nokre arbeidstimar til Bygdahuset er velkommen på dugnad! Unge, eldre, hyttefolk og fastbuande – det er jobb til alle!

Tilpassar seg vêret
I ein sommar med vekslande vêr er det greitt å tilpassa seg dette òg. Styret legg derfor opp dugnad etter vêret, og har sett opp følgjande plan:
Når det regnar er det dugnad
i tidsrommet klokka 11:00-16:00,
på overskya dagar: frå kl. 17:00 – ca 19:30.
Dagar med sol = fridagar!

Ring/send melding til 488 91 754 om du vil bidra og ikkje er sikker på om det blir arbeid den aktuelle dagen! Velkommen!



Les meir på Facebook

Nå begynne det å "ligna nåke"!! Matsalen er snart ferdig malt - og arbeidet i gangen er så smått påbegynt. Kan du bidra med nokre dugnadstimar? Dagtid når det er regn - og litt kveldar elles. (Gunn Vikingstad)

Ta evt kontakt på tlf.: 4889 1754

 
 
 
 
 
 

Sjå fleire gamle bilete herr


Likar du Vikebygd.org?

Følg med på Twitter
Totalt 140 079 besøk i 2015. Hits:  4 147 074.

til hovudsida for Vikebygd


xxx
-
Kommunereforma
Kyrkja gjennom 800 år
Vikestølen gjennom 116 år
Vikebygd i Hgsd. Avis
Vikebygd i Grannar.no

Følg på Twitter - her


Vêrvarsel for Vikebygd
ORD FOR DAGEN I DAG
Skuledagen 2015-2016
Ledig jobb i Vindafjord
Pollenvarsel YR.no

Andre nettstader

Frå tidlegare

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Fotoalbum
KFUK-M Speidarane

Anna Info

 
2016
Juli
På attgrodde stiar
Dugnad for Bygdahuset
Juni
Vikestølsmøtet 26.6.
Nytt i Vikebygd i juni
Olabilløpet i Lio 24.6.
St.hans feiring 23.6.
Vigsel og dåp i parken
Dugnad på "Årvik skulehus"
Tre nye flytebryggjer
Dugnad i båthamna
Trafikksikring av Plassavegen
Mai
Speidarleir på Blikshamn
Sentrale tomter til salgs
17. mai feiringa
Minnestøtta
Vikesprinten 1.5.2016
April
Vikeputten 30.4.2016
Garasjesaldagen
Christian Stejskal -
Nutakassane på plass.
Mars
Bedehusbasar og årsmøte.
Turorientering og postar.
Kulturettermiddag 15.3.
Konfirmantane med bøsser
Merka løype til Sætrefjellet
Årsfest for speidarane
Februar
Felles årsmøte Vik og Skjold
Vinter, sol og fjelltur
Idrettsliv i Vikebygd
Svaner på isen
Januar
Vinter i Vikebygd
Tur til Vikestølen
Juletrebrenning i Lio
Bilete frå farne tider i bygda
Ordførar sin Nyttårsfest 3.1.
2015
Desember
Tradisjonsrik juletrefest
Mann av huse til kyrkje
Konsert med lokale krefter
60 unge med levande lys
Konsert med koret Scala 4.12
Korpsmusikk og fakkeltog
Grendautval og flyktningar
November
Julemesse på Bygdahuset
Flyktningar til kommunen
 

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2015
2014
2013
2012

2011
2010
2009
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.

Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org