Klikk her og gå til framsida av Vikebygd.org

Vikebygd i dag 

Facebook    -   Twitter

Vikestølsmøtet 26. juni

Sida er sist endra 26. juni 2016

Til fjellstemne trass i regn
Vikestølsmøtet for 116. gong

av Steinar Skartland, 26. juni 2016

Fjellstemnet, Vikestølsmøtet, vart halde som planlagt, sjølv om dette var ein regntung dag. Men inne i hytta var det tørt og lunt og flagget gjekk til topps rett før klokka 12:00, då møtet tok til.

Det var 21 som tok ut langs skogsvegane frå Vikebygd og Eikås på Bjoa, for å delta på Vikestølsmøtet, ein årleg tradisjon heilt tilbake til år 1900. Fleire kan fortelja om at dei var på Vikestølsmøta under krigen. Då kom det store flokkar frå alle bygdene her. På Vikestølen kunne dei heisa flagg på stemna, også under okkupasjonen.


I år var det Kjersti Hausberg Bjerga som hadde teke på å vera hovudtalar på møtet. Ho er tilsett i Normisjon i delt stilling med halvdelen innan barne- og ungdomsarbeidet og den andre delen på leirstaden Stemnestaden i Grinde. Av utdanning er ho lærar og busett i Vikebygd, der ho også har ansvaret for laurdagsklubben for borna.

I talen tok ho utgangspunkt i då ungguten Samuel (1. Samuels bok, kap. 3) fekk kall frå Herren til å bli profet og korleis vi på forskjellige måtar kan bli kalla av Gud til teneste.
- Kva språk talar Gud til oss på? Det kan vera forskjellig etter kven han talar til. For oss gjeld det å vera villige til å lytta.
Kjersti fortalde om kor glad ho var i å gå i naturen og opplevde det som om Gud tala til henne gjennom det ho såg og opplevde der. Men for at samtalen med Gud skal gå lett må vi ha det godt. Gjera opp det som ikkje er på plass og be om tilgjeving for det som ikkje er greitt.  


Marta Marie Aasbø syng til akkompagnement av ektemannen Hans Asbjørn på trekkspel.

Det var mykje god allsong i dei to møta som vart halde denne dagen på Vikestølen. Det kom nok både av god musikk frå trekkspel og gitar (Hans Asbjørn og Steinar).  I tillegg var det fleire som stilte opp med framføring av song i møta.

I tråd med gammal tradisjon så er det ein representant frå bedehusmiljøet i kvar av dei fem bygdene og kyrkjesokna rundt dette fjellet, som utgjer styret for fjellstemnet og har ansvaret for arrangementet. Desse er: Hans Asbjørn Aasbø (Bjoa), Steinar Skartland (Vikebygd), Olav Granberg (Ølen), Jørgen Landa (Vats) og Endre Stople (Skjold). Hans Nilsen Hauge si forkynnarverksemd var den bakgrunnen dei kom frå som starta opp i året 1900.
Les meir om Vikestølen og fjellmøta her.


 

 
 
 
 
 

Sjå fleire gamle bilete her


Likar du Vikebygd.org?

Følg med på Twitter
Totalt 140 079 besøk i 2015. Hits:  4 147 074.

til hovudsida for Vikebygd


xxx
-
Kommunereforma
Kyrkja gjennom 800 år
Vikestølen gjennom 116 år
Vikebygd i Hgsd. Avis
Vikebygd i Grannar.no

Følg på Twitter - her


Vêrvarsel for Vikebygd
ORD FOR DAGEN I DAG
Skuledagen 2015-2016
Ledig jobb i Vindafjord
Pollenvarsel YR.no

Andre nettstader

Frå tidlegare

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Fotoalbum
KFUK-M Speidarane

Anna Info

 
2016
Juni
Vikestølsmøtet 26.6.
Nytt i Vikebygd i juni
Olabilløpet i Lio 24.6.
St.hans feiring 23.6.
Vigsel og dåp i parken
Dugnad på "Årvik skulehus"
Tre nye flytebryggjer
Dugnad i båthamna
Trafikksikring av Plassavegen
Mai
Speidarleir på Blikshamn
Sentrale tomter til salgs
17. mai feiringa
Minnestøtta
Vikesprinten 1.5.2016
April
Vikeputten 30.4.2016
Garasjesaldagen
Christian Stejskal -
Nutakassane på plass.
Mars
Bedehusbasar og årsmøte.
Turorientering og postar.
Kulturettermiddag 15.3.
Konfirmantane med bøsser
Merka løype til Sætrefjellet
Årsfest for speidarane
Februar
Felles årsmøte Vik og Skjold
Vinter, sol og fjelltur
Idrettsliv i Vikebygd
Svaner på isen
Januar
Vinter i Vikebygd
Tur til Vikestølen
Juletrebrenning i Lio
Bilete frå farne tider i bygda
Ordførar sin Nyttårsfest 3.1.
2015
Desember
Tradisjonsrik juletrefest
Mann av huse til kyrkje
Konsert med lokale krefter
60 unge med levande lys
Konsert med koret Scala 4.12
Korpsmusikk og fakkeltog
Grendautval og flyktningar
November
Julemesse på Bygdahuset
Flyktningar til kommunen
 

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2015
2014
2013
2012

2011
2010
2009
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.

Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org