Klikk her og gå til framsida av Vikebygd.org

Vikebygd i dag 

Facebook    -   Twitter

Olabilløp i Vikebygd 24. juni

Sida er sist endra 24. juni 2016

Olabilløp i Lio fredag 24. juni
Vikebygd i nedoverbakke – 2016

Vikebygd, 24.6.2016, skrevet av Rolf Julsrud – (pappa)
Publisert av Steinar 26.6.2016

- Idèen kom etter «Våland Down», eit olabilløp som vert arrangert i Stavanger. Tanken var å vera med der, men grunna krasj med speidarleir fikk vi ikkje alle kabalane til å gå opp, fortel Rolf Julsrud.


Ved mål, vinnaren i front med sin go-cart-inspirerte lilla-lakkerte fartsdoning.
Foto: Charlotte Mortveit

Rolf Julsrud fortel: Frustrasjon over å ikkje få vera med gjekk tilslutt så langt at løysinga var å laga eit olabilløp sjølv. «Våland down» - «så teit med engelsk» - uttalte Askev, 10 år, kan vi ikkje lage noko på norsk?

Bygginga starta og ideane og tankane var mange for korleis ein skikkeleg olabil skulle sjå ut. Det vert kravd ei god del planlegging for ein kompisgjeng på skulen når alle omsyn må takast og all planlegging skal setjast ut i verkelegheit. For at folk skulle bli interesserte trengtes det eit lokkemiddel, så «premier til alle» virka som ein god ide. Men korleis skaffar en 8-åring og to 10-åringer seg premier til alle? løysinga blei heimelaga tremedaljar som sirlig fikk brend inn teksten «Vikebygd i nedoverbakke – 2016». Litt hjelp til å traktera alle dei skumle verktøya som trengtes, men elles var det meste overkommelig for arrange-mentskomiteen som besto av Askev Winterhus Julsrud, Jonas Bjerga (begge 5.klasse) og Alfinn Bjerga (2.klasse).

«Pappa, trenge dei å ha bremser?» lurte dei på. Godt tenkt, men utan å leggja for mange føringar syntes oppfordringa «tenk sikkerheit» å være god nok. «Vi vil jo ikkje skremma nokon vekk frå å delta» uttalte Askev.

På seierspallen, frå venstre Åsmund Mortveit, Vinner Vilde Hamre Tindeland og Askev Winterhus Julsrud
Foto: Charlotte Mortveit

Askev si oppsummering av løpet og resultata:

Forbredelser
Det begynte med at me satt opp teltet og lydanlegget i pøsregn .
Det var påmeld 8 biler og det var 12 personer som kjørte. Cathrine kom med bollene. klokka 17,45 var dei fleste komt. Ein av Deltakarbilane kjøyrde gale på vei til løpet, heldigvis gjekk det bra med sjåføren. Bilen fekk nokre skammar men dei stilde begge til start.

Løpet
Nr 1 var Vilde som tok førsteplassen men køyrde nesten gale i slutten.
Nr 2 var Askev som tok 3 plassen med veldigt mykje bremsing og ingen nestenhendelser
Nr 3 var Kristoffer med Kristofferginien hans og kom seg trygt igjennom. (ordspill – lamborgini)
Nr4 var Jonas og Mathilde som hadde ein veldig interesang olabil med horn og greier og klarte det fint.
Nr 5 var Tribe of bakkevik som Julie og Annelen køyrde og kom fritt fra det.
Nr 6 var mats som kjørte feilfritt over banen med skiklig stil.
Nr 7 var Ella son kjørte med ein veldig interesang olabil.
Nr 8 var Alfinn som kom i siste liten og kjørte med Askev sin olabil uten problemer.
Nr 9 var Rolf som kjørte med to sparkesykler ned baken for og visa at det ikkje trenger og vera så avansert og bygga ein olabil.
Nr 10 var Åsmund som tok andreplassen med sin olabil uten feil.
Alle som hadde deltat fekk hjemmelaget medaljer og var kjempeglade sjøl om det regna.

Rydding
Ryddingen tok ikkje så lang tid som eg hadde trudd delevis for det var så mangen som hjelpte til så me blei ferdig med heile løpet + rydding på ein time.
Det var ein kjmpesuksess og vil gjerne gjøre dette neste år.
 

Jonas Fostenes i bil nr. 4 – einaste med bilhorn.

«Tribe of Bakkevik», einaste tandembilen

Rolf Julsrud - Vaksne blir aldri for gamle til å leika

Start nr. 6 – Mats Bjørnevik
Foto: Cathrine Hamre Tindeland og Charlotte Mortveit

- Må få lov til å rette ein stor takk til Fredrik Sundve og Joakim Koltveit som var sjølvaste trafikkdirigeringssentralen og sørgja for eit knirkefritt arrangement utan trafikale nesteulykker, seier Rolf Julsrud. - Og takk til bollebakaren og ryddehjelpa. Aller størst takk til alle som kom og bidrog til at dette blei ei kjekk oppleving.
Les meir her om resultatet av løpet og bilder

 


 
 
 
 
 
 

Sjå fleire gamle bilete her


Likar du Vikebygd.org?

Følg med på Twitter
Totalt 140 079 besøk i 2015. Hits:  4 147 074.

til hovudsida for Vikebygd


xxx
-
Kommunereforma
Kyrkja gjennom 800 år
Vikestølen gjennom 116 år
Vikebygd i Hgsd. Avis
Vikebygd i Grannar.no

Følg på Twitter - her


Vêrvarsel for Vikebygd
ORD FOR DAGEN I DAG
Skuledagen 2015-2016
Ledig jobb i Vindafjord
Pollenvarsel YR.no

Andre nettstader

Frå tidlegare

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Fotoalbum
KFUK-M Speidarane

Anna Info

 
2016
Juni
Vikestølsmøtet 26.6.
Nytt i Vikebygd i juni
Olabilløpet i Lio 24.6.
St.hans feiring 23.6.
Vigsel og dåp i parken
Dugnad på "Årvik skulehus"
Tre nye flytebryggjer
Dugnad i båthamna
Trafikksikring av Plassavegen
Mai
Speidarleir på Blikshamn
Sentrale tomter til salgs
17. mai feiringa
Minnestøtta
Vikesprinten 1.5.2016
April
Vikeputten 30.4.2016
Garasjesaldagen
Christian Stejskal -
Nutakassane på plass.
Mars
Bedehusbasar og årsmøte.
Turorientering og postar.
Kulturettermiddag 15.3.
Konfirmantane med bøsser
Merka løype til Sætrefjellet
Årsfest for speidarane
Februar
Felles årsmøte Vik og Skjold
Vinter, sol og fjelltur
Idrettsliv i Vikebygd
Svaner på isen
Januar
Vinter i Vikebygd
Tur til Vikestølen
Juletrebrenning i Lio
Bilete frå farne tider i bygda
Ordførar sin Nyttårsfest 3.1.
2015
Desember
Tradisjonsrik juletrefest
Mann av huse til kyrkje
Konsert med lokale krefter
60 unge med levande lys
Konsert med koret Scala 4.12
Korpsmusikk og fakkeltog
Grendautval og flyktningar
November
Julemesse på Bygdahuset
Flyktningar til kommunen
 

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2015
2014
2013
2012

2011
2010
2009
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.

Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org