Klikk her og gå til framsida av Vikebygd.org

Vikebygd i dag 

Facebook    -   Twitter

Vindafjord kommune + Etne kommune ?

Sida er sist endra 21. juni 2016

Kommunestyremøte 21.juni - Vindafjord


Intensjonsavtale for samanslåing av
Etne og Vindafjord

Steinar Skartland 17.6.2016
 

Kommunestyret i Vindafjord hadde møte tysdag 21. juni, på Rådhuset i Ølen. Mellom fleire saker på sakskartet stod den framforhandle intensjonsavtalen for samanslåing av kommunane Etne og Vindafjord (Sjå og les avtalen mellom Etne og Vindafjord her ).

Begge kommunestyra for Etne og Vindafjord sa ja til intensjonsavtalen og den vil bli lagt ut på rådgjevande folkerøysting i begge kommunane 26. september. Deretter skal endeleg vedtak gjerast i begge kommunestyra og oversendast til Fylkesmenna i hhv. Rogaland og Hordaland, før utgangen av september.
 
Det er viktig at folk nyttar høvet til å setja seg inn i avtalen og grunnlaget for arbeidet med samanslåinga, for så å møta fram på folkerøystinga og seia si meining: ja eller nei.
 
Uansett kva folket skulle velja, så vil ikkje framtida bli slik den var. Kostnadane med drift av tenestene i kommunen er høge i dag, og alle einingar varslar at midlane er små. Med utsikter til reduksjonar i kommunen sine inntekter på fleire millionar kroner i året framover, må ein gjera endringar i drifta. Det er også trong for å sikra tilgong på høg kompetanse for å fylla dei oppgåvene kommunen har i form av tenester. Større einingar og større fagmiljø vil truleg gjera det meir interessant for personar med høg kompetanse å søkja stillingane. Dette er mellom fleire forhold grunnar til at Vindafjord kommune og Etne kommune har sett seg ned og drøfta ei samanslåing.
 
Kva skal barnet heite?
Kommunane har sett seg frist fram til 15. august på å finna eit godt namn på den nye kommunen. Folket vert inviterte til å senda inn sine forslag til styringsgruppa (formannskapa + 4 tillitsvalde + rådmenna) som så skal ta avgjerda. Fleire namn er alt spelt inn og folk har byrja tenkja på:
-Kva er det som er særeigna for dette området og som eit namn kan gjenspegla?

Vindafjord, Etne, Ølen, Haugaland, Grannar, Fjordane, Fjordvind, Fikse, Fjordeid, Skånevik, Etnefjord, Ålund, Langfoss er mellom fleire forslag. Har du eit godt forslag? Send det gjerne inn til kommunen eller som tips til politikarane. På Vindafjord kommune si  facebook side kan du både leggja inn forslag på namn og delta i meiningsmåling om kva namn folket synes er best,
Link til facebook


Sjå alle sakene her.
 

Kommunestyremøte 21.juni - Vindafjord
Godkjenning av intensjonsavtale for samanslåing av
Etne og Vindafjord

Steinar Skartland 17.6.2016
 

Kommunestyret i Vindafjord skal ha møte tysdag 21. juni, på Rådhuset i Ølen. På sakskartet står fleire saker som er aktuelle for bygdane i Vindafjord. M.a. er det nå framforhandle ein intensjonsavtale for samanslåing av kommunane Etne og Vindafjord (Sjå avtalen her ). Dersom begge kommunestyra for Etne og Vindafjord seier ja til intensjonsavtalen vil den bli lagt ut på rådgjevande folkerøysting i begge kommunane 12. september. Deretter skal endeleg vedtak gjerast i begge kommunestyra og oversendast til Fylkesmenna i hhv. Rogaland og Hordaland før utgangen av september.
 
Det er viktig at folk nyttar høvet til å setja seg inn i avtalen og grunnlaget for arbeidet med samanslåinga, for så å møta fram på folkerøystinga og seia si meining: ja eller nei.
 
Uansett kva folket skulle velja, så vil ikkje framtida bli slik den var. Kostnadane med drift av tenestene i kommunen er høge i dag, og alle einingar varslar at midlane er små. Med utsikter til reduksjonar i kommunen sine inntekter på fleire millionar kroner i året framover, må ein gjera vesentlege endringar i drifta. Det er også trong for å sikra tilgong på høg kompetanse for å fylla dei oppgåvene kommunen har i form av tenester. Større einingar og større fagmiljø vil truleg gjera det meir interessant for personar med høg kompetanse å søkja stillingane. Dette er mellom fleire forhold grunnar til at Vindafjord kommune og Etne kommune har sett seg ned og drøfta ei samanslåing.
 
Kva skal barnet heite?
Kommunane har sett seg frist fram til 15. august på å finna eit godt namn på den nye kommunen. Folket vert inviterte til å senda inn sine forslag til styringsgruppa (formannskapa + 4 tillitsvalde + rådmenna) som så skal ta avgjerda. Fleire namn er alt spelt inn og folk har byrja tenkja på: -Kva er det som er særeigna for dette området og som eit namn kan gjenspegla?
Vindafjord, Etne, Fjordane, Fjordland, Fjordeid, Ålund, Åland, Ølen, Grannar, Haugaland, Indre Haugaland, er mellom fleire forslag. Har du eit godt forslag? Send det gjerne inn til kommunen eller som tips til politikarane.
Les meir om saka her



Andre saker som skal opp er:
- Tilstandsrapport for grunnskulen i Vindafjord
- Fjerning av ikkje godkjent utstyr på leikeplassane i kommunen

Her føreslår rådmannen å nytta midlar frå "Ubundne investeringsfond Dommarsnes" (inntekter frå utleige av kaien) og å gå i dialog med velforeiningane med sikte på evt. avtale om vidareføring, drift og vedlikehald av leikeplassane.
Sjå alle sakene her.

Vindafjord kommune web:
No kan du følgje kommunestyremøta
direkte på nett!

(frå www.vindafjord.kommune.no)

Frå no av vil alle kommunestyremøte
sendast direkte på nett.


Du kan sjå direkte, eller tidligare møter på http://vindafjord.kommunetv.no

Du sjå alle sakene i lista til venstre og velje mellom å følgje møtet frå kamera "podiet" eller kamera "talarstol".  Alle møta blir lagra om du vil sjå i ettertid og Kommunestyremøtet frå 21. juni ligg allereie ute.
 

 

Hvis folket vil
Vi lyttar til innbyggjarane, både når det gjeld standpunkt om vi -skal / skal ikkje- slå oss saman, men då må folket også stille opp på folkemøtene og på valdagen, og gje oss sitt råd. Og om det blir ein ny kommune, så treng den eit namn. Det kan alle i dei to kommunane bli med og føreslå, før den 15. august, via internett (Facebook)eller ved å senda sitt forslag inn til kommunen.
 
Meiningsmålinga viser den 29. juli følgjande fordeling:
Vindafjord kommune (318)
Etne kommune (82)
Ølen kommune (34)
Haugaland kommune (18)
Grannar kommune (13)
Fjordane kommune (10)
Etne og Vindafjord kommune (8)
Fjordvind kommune (6)
Fikse kommune (4)
Fjordeid kommune (2).... m/fleire forslag
og kva foreslår du?
Les intensjonsavtalen her
 

Fylke og regionsstruktur
Forhandlingane om ein muleg Vestlandsregion er i gang.

Rogaland Fylkeskommune / Steinar Skartland 16.6.2016
 

Nabopratane på Vestlandet om ein muleg utvida region er starta. Fylkestinget i Rogaland blei orientert om arbeidet med regionreformen av fylkesordfører Solveig Ege Tengesdal (KrF) i møtet 15. juni. I løpet av hausten skal fylkestinget ta stilling til resultatet fra forhandlingane.
 
Tengesdal ga ei grundig orientering til fylkestinget om arbeidet med regionreformen og forhandlingane om ei muleg samanslåing mellom Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Fylkesordføraren ynskte å gjera fylkestinget klar for det videre arbeidet med regionreformen.
- Vi startar forhandlingane over sommeren - allereie i veke 33. Rogaland har anledning til fortsatt å påvirka kva som skal liggja i reformen og kven vi skal samarbeida med, og den anledningen må vi bruka. Denne reformen er ikkje noko som går over, det er ein prosess som er i gang, sa Solveig Ege Tengesdal
Les meir om saka her
 

 

Sjå fleire gamle bilete her


Likar du Vikebygd.org?

Følg med på Twitter
Totalt 140 079 besøk i 2015. Hits:  4 147 074.

til hovudsida for Vikebygd


xxx
-
Kommunereforma
Kyrkja gjennom 800 år
Vikestølen gjennom 116 år
Vikebygd i Hgsd. Avis
Vikebygd i Grannar.no

Følg på Twitter - her


Vêrvarsel for Vikebygd
ORD FOR DAGEN I DAG
Skuledagen 2015-2016
Ledig jobb i Vindafjord
Pollenvarsel YR.no

Andre nettstader

Frå tidlegare

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Fotoalbum
KFUK-M Speidarane

Anna Info

 
2016
Juni
Vikestølsmøtet 26.6.
Nytt i Vikebygd i juni
Olabilløpet i Lio 24.6.
St.hans feiring
Kommunesamanslåing?
Vigsel og dåp i parken
Dugnad på Årvik skulemuseum
Tre nye flytebryggjer
Dugnad i båthamna
Trafikksikring av Plassavegen
Mai
Speidarleir på Blikshamn
Sentrale tomter til salgs
17. mai feiringa
Minnestøtta
Vikesprinten 1.5.2016
April
Vikeputten 30.4.2016
Garasjesaldagen
Christian Stejskal -
Nutakassane på plass.
Mars
Bedehusbasar og årsmøte.
Turorientering og postar.
Kulturettermiddag 15.3.
Konfirmantane med bøsser
Merka løype til Sætrefjellet
Årsfest for speidarane
Februar
Felles årsmøte Vik og Skjold
Vinter, sol og fjelltur
Idrettsliv i Vikebygd
Svaner på isen
Januar
Vinter i Vikebygd
Tur til Vikestølen
Juletrebrenning i Lio
Bilete frå farne tider i bygda
Ordførar sin Nyttårsfest 3.1.
2015
Desember
Tradisjonsrik juletrefest
Mann av huse til kyrkje
Konsert med lokale krefter
60 unge med levande lys
Konsert med koret Scala 4.12
Korpsmusikk og fakkeltog
Grendautval og flyktningar
November
Julemesse på Bygdahuset
Flyktningar til kommunen
 

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2015
2014
2013
2012

2011
2010
2009
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.

Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org