Klikk her og gå til framsida av Vikebygd.org

Vikebygd i dag 

Facebook    -   Twitter

Årvik Skule-museum

Sida er sist endra 18. juni 2016

Dugnad på
"Årvik skule-museum"

av Steinar Skartland, 18. juni 2017.
 
25-30 var på det meste med på dugnaden på Årvik skulemuseum.

Jan Georg stilte med traktor og fliskuttar som gjorde kort prosess med tre og buskar.
 
Andre skar ned med motorsag eller drog på greiner. Atter andre heldt seg ved skulebygget og skrapa maling før Jarle Årvik kunne leggja grunningsmaling på. Kjetil Skartland kom med stillas på traktorhengaren og sette opp slik at sørveggen kunne skrapast på ein trygg måte. Fleire kom berande på fat med kaker og kanner med saft og kaffi. Dugnadsfolk må ikkje svelta. Frå klokka tolv til fire var det full aktivitet ved det gamle skulehuset. Den gamle, tilvaksne skuleplassen vart rydda. Ikkje god nok for fotballkamp, men for leik, slik dei gjorde in gamledagar, det er han eigna for.
 
Imponerande frammøte og takk til alle som stilte opp, både med arbeid, kaffi og mat. Mest ros skal styret for huset ha som drog dette i gong og attpå til fekk mange med seg.
Sjå fleire bilete her.



Invitasjon til
Dugnad på
"Årvik skule"
Laurdag 18. juni kl 12:00 - 16:00  Link
 
- Ta med hagesaks, riva... me har motorsag, flisekuttar, kantslåar, maling, kostar, skrapa og kitt til å ha rundt vinduer, skriv Catrine Hamre Tindeland på facebook.

 

 

Invitasjon til
Dugnad på
"Årvik skule"
18. juni kl 12:00 - 16:00  Link

---------------------------------------

OM SKULEHUSET:
Huset er overteken av lokal stifting som vil nytta dette til lokalt skulemuseum. Skulen har sitt verde nettopp for at han ligg her han var i bruk, innreia slik han var.

Her har mange fått si opplæring i tidlegare tider, som dei som bildet syner frå 1912:
 

Les meir om Årvik skule og elevane i 1912, her
(PS Dette har ingen ting med dugnaden å gjere! Kun om du er interessert i historien) 
 

 
 
 
 

Sjå fleire gamle bilete her


Likar du Vikebygd.org?

Følg med på Twitter
Totalt 140 079 besøk i 2015. Hits:  4 147 074.

til hovudsida for Vikebygd


xxx
-
Kommunereforma
Kyrkja gjennom 800 år
Vikestølen gjennom 116 år
Vikebygd i Hgsd. Avis
Vikebygd i Grannar.no

Følg på Twitter - her


Vêrvarsel for Vikebygd
ORD FOR DAGEN I DAG
Skuledagen 2015-2016
Ledig jobb i Vindafjord
Pollenvarsel YR.no

Andre nettstader

Frå tidlegare

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Fotoalbum
KFUK-M Speidarane

Anna Info

 
2016
Juli
Fotballkamp Vikebygd-Bjoa
Sommarsordførar
På attgrodde stiar
Dugnad for Bygdahuset
Juni
Vikestølsmøtet 26.6.
Nytt i Vikebygd i juni
Olabilløpet i Lio 24.6.
St.hans feiring 23.6.
Kommunesamanslåing?
Vigsel og dåp i parken
Dugnad på "Årvik skulehus"
Tre nye flytebryggjer
Dugnad i båthamna
Trafikksikring av Plassavegen
Mai
Speidarleir på Blikshamn
Sentrale tomter til salgs
17. mai feiringa
Minnestøtta
Vikesprinten 1.5.2016
April
Vikeputten 30.4.2016
Garasjesaldagen
Christian Stejskal -
Nutakassane på plass.
Mars
Bedehusbasar og årsmøte.
Turorientering og postar.
Kulturettermiddag 15.3.
Konfirmantane med bøsser
Merka løype til Sætrefjellet
Årsfest for speidarane
Februar
Felles årsmøte Vik og Skjold
Vinter, sol og fjelltur
Idrettsliv i Vikebygd
Svaner på isen
Januar
Vinter i Vikebygd
Tur til Vikestølen
Juletrebrenning i Lio
Bilete frå farne tider i bygda
Ordførar sin Nyttårsfest 3.1.
2015
Desember
Tradisjonsrik juletrefest
Mann av huse til kyrkje
Konsert med lokale krefter
60 unge med levande lys
Konsert med koret Scala 4.12
Korpsmusikk og fakkeltog
Grendautval og flyktningar
November
Julemesse på Bygdahuset
Flyktningar til kommunen
 

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2015
2014
2013
2012

2011
2010
2009
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.

Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org