Klikk her og gå til framsida av Vikebygd.org

Vikebygd i dag 

Facebook    -   Twitter

Motorbåt-foreninga og Båthamnam

Sida er sist endra 18. juni 2016


Utviding av båtplassane ved Prestabryggja
Tre flytebryggjer på 12 meter slept frå Fjellberg

Steinar Sk, tekst og bilete frå Roald Årvik

Motorbåtforeininga utvidar båthamna med å montere tre store flytebryggjer frå Prestabryggja og vestover, fortel Roald Årvik.


Sigbjørn Tjoflot slepte dei ifrå Fjellberg til Vikevik, før to mindre båtar overtok siste del av slepet inn mot land. Bryggjene er nå midlertidig fortøydd yts på innsida av moloen.

 
Her er bilder frå siste del av ferda for eit 36 m langt slep på veg frå Fjellberg til Vikevik. Slepet bestod i 3 flytebryggjer, kvar på 12 m.

- Desse bryggjene skal til slutt forankrast frå Prestabryggja og vestover, og gi rom for nye båtplassar. Etter å ha brukt mykje tid, krefter, og ikkje minstepengar på klubbhuset, så er klargjering av båtplassar ytst på moloen, og på dei nye flytebryggjene dei neste store prosjekta for Vikebygd MotorBåtforening, fortel Roald Årvik.


Dugnad i Båtforeningen torsdag 9. juni.
av Roald Årvik 10.6.2016.  Foto:  Roald Årvik

Denne fine, men litt kjølege sommarkvelden så møtte det opp 15 medlemmer frå Vikebygd Motorbåtforening til årleg vårdugnad, dette var ein felles dugnad forutan om alt dugnadsarbeidet som føregår elles i året.

Dugnad i båthamna
Båtfolket i arbeid utanfor klubbhuset der Terje Dommersnes monterer nye søyler.
Maling av klubbhusetFoto: Roald Årvik

Som vanleg var det vedlikehald som stod på programmet, klubbhuset fekk eit strøk maling, slippen blei grisa opp, det vart rydda og sådd i gras på oppsida av klubbhuset.

Fokus på tryggleiken
Utan om dette så var det fokus på tryggleik til vatn og til lands, me fekk montert opp 3 redningstigar i hamna, samt 3 redningsbøyer, så om nokon fell i sjøen så har ein noko betre von om å berga seg i land enn tidlegare.

Montering av båtstige

 

 

Båtforeninga vil med tid og stunder freista å få på plass fleire redningsstigar, då me kjem til ha fokus på dette med tryggleik, me har ingen å mista.

Elles så vart det montert opp rekkeverk på rullestol rampen opp til HC-toalettet, og svalegangen på austsida av klubbhuset fekk støttene flytta noko austover, for å gje betre plass for rullestolbrukarar. Dei midlertidige Båtstigen på plassstøttene som har vore der i meir enn eit år vart tatt borte, og det skal no vera mykje betre plass og lettare å manøvrera seg der for alle og ein kvar.

Me ynskjer alle Vikebuar og andre velkommen i hamna i sommaren 2016 og elles i året, toaletta vil no verta vaska kvar veke i gjennom sommaren, så me vonar at folk ser sitt syn til å bruka litt tid i dette fine området.



Eit tips til slutt, dei som ikkje har tatt turen ut til enden på moloen, ei fin kveldsstund, bør freista det. Her kan ein finna både ro i sjela og føla at ein er i midtpunktet i bygda vår. Kanskje vil det koma noko her som vil lokka fleire til å ta turen etter kvart ….

For styret i Vikebygd Motorbåtforeining
Roald, dugnadsansvarleg


Foto: Steinar Sk.  
 

 
 
 
 

Sjå fleire gamle bilete her


Likar du Vikebygd.org?

Følg med på Twitter
Totalt 140 079 besøk i 2015. Hits:  4 147 074.

til hovudsida for Vikebygd


xxx
-
Kommunereforma
Kyrkja gjennom 800 år
Vikestølen gjennom 116 år
Vikebygd i Hgsd. Avis
Vikebygd i Grannar.no

Følg på Twitter - her


Vêrvarsel for Vikebygd
ORD FOR DAGEN I DAG
Skuledagen 2015-2016
Ledig jobb i Vindafjord
Pollenvarsel YR.no

Andre nettstader

Frå tidlegare

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Fotoalbum
KFUK-M Speidarane

Anna Info

 
2016
Juni
Vikestølsmøtet 26.6.
Nytt i Vikebygd i juni
Olabilløpet i Lio 24.6.
St.hans feiring 23.6.
Vigsel og dåp i parken
Dugnad på "Årvik skulehus"
Tre nye flytebryggjer
Dugnad i båthamna
Trafikksikring av Plassavegen
Mai
Speidarleir på Blikshamn
Sentrale tomter til salgs
17. mai feiringa
Minnestøtta
Vikesprinten 1.5.2016
April
Vikeputten 30.4.2016
Garasjesaldagen
Christian Stejskal -
Nutakassane på plass.
Mars
Bedehusbasar og årsmøte.
Turorientering og postar.
Kulturettermiddag 15.3.
Konfirmantane med bøsser
Merka løype til Sætrefjellet
Årsfest for speidarane
Februar
Felles årsmøte Vik og Skjold
Vinter, sol og fjelltur
Idrettsliv i Vikebygd
Svaner på isen
Januar
Vinter i Vikebygd
Tur til Vikestølen
Juletrebrenning i Lio
Bilete frå farne tider i bygda
Ordførar sin Nyttårsfest 3.1.
2015
Desember
Tradisjonsrik juletrefest
Mann av huse til kyrkje
Konsert med lokale krefter
60 unge med levande lys
Konsert med koret Scala 4.12
Korpsmusikk og fakkeltog
Grendautval og flyktningar
November
Julemesse på Bygdahuset
Flyktningar til kommunen
 

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2015
2014
2013
2012

2011
2010
2009
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.

Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org