Klikk her og gå til framsida av Vikebygd.org

Vikebygd i dag 

Facebook    -   Twitter

Vikesprinten O-løp 1. mai

Sida er sist endra 25. mai 2016

Ledige tomter i Lio2-feltet midt i Vikebygd
Kort veg til skule, barnehage, kyrkje, idrettsplass, idrettshall, bygdahus og butikk

av Steinar Skartland 25.5.2016


Biletet syner Lio-2 feltet, der det er mange ledige tomter kor asfaltert veg og røyr er lagt fram til tomta. Det er nå 17 tomter som er ledige her. Opplysninger om pris, plassering og storleik kan ein sjå på Tomteselskapet si web-side, Minbit.no.. Prisar varierer frå 280.000 til 500.000 kr, men Tomteselskapet har varsla prisauke frå 1. juli 2016. Så nå gjeld det å vera om seg for dei som vurderer å sikra seg tomt sentralt i Vikebygd.

I den nye kommuneplanen har Vindafjord kommune definert sentrumsområde ved butikken i Vikebygd. Dette kan styrkja utviklinga av bygda. I høyrings-utkast til kommuneplan, punkt 6.3 Sentrum, er teke inn eit vedtak gjort av Formannskapet, som lyder:

"Det vert sett av areal til sentrumsføremål i ... Vikebygd (ved butikken) ..."
"I område som i kommuneplanen vert sett av til sentrumsføremål kan det etablerast forretning, tenesteyting og bustader, i kombinasjon eller kvar for seg. Nokre former for arealbruk som naturleg høyrer under næring (for eksempel handverksverksemd eller utsal av gardsprodukt) kan også tillatast."

"Målet er å skapa bygdesentra som styrkjer lokalsamfunna og byggjer opp under målet om levande bygder. Ei etablering i eit slikt område kan trekkja med seg andre, og på den måten kan ein få synergieffekt og eit miljø som er positivt for bygda, og som motverkar ei sentralisering."



Lio 1 og Naustvik, klikk for stort bilde.
Bilde av Lio 1 feltet ved Naustvik. Kort veg til sjø med fisk og fjell med turstiar.


Ny, men mykje nytta tursti
av Steinar Skartland 

Mange har alt nytta den nye turstien som Roald Årvik har opparbeida og merka, frå Djupava til Sætrefjellet.  I tillegg til Roald si rydding av stien så er det tydeleg at mange har gått til fots her denne våren, og gjort dette til ein synleg sti som er lett å fylgja og langt frå så tung som stien opp Budalen.

 
Ny løype til fjells,
Sætrafjellet og Slåttskarnuten

av Roald Årvik 9.3.2016

- Ved å leggja løypa opp Røssedalen og Slåtteskar, så er ein nok også på attgrodde stiar, skriv Roald Årvik. - No er stien klar, dvs. eg skal få opp nokre skilt før påske. 
Orientering om løypa på: www.ut.no/tur/2.16373 

Oversikt over turløyper i Vikebygd
Les meir om turane her

 

 
 
 

Sjå fleire gamle bilete her


Likar du Vikebygd.org?

Følg med på Twitter
Totalt 140 079 besøk i 2015. Hits:  4 147 074.

til hovudsida for Vikebygd


 
-
Kommunereforma
Kyrkja gjennom 800 år
Vikestølen gjennom 116 år
Vikebygd i Hgsd. Avis
Vikebygd i Grannar.no

Følg på Twitter - her


Vêrvarsel for Vikebygd
ORD FOR DAGEN I DAG
Skuledagen 2015-2016
Ledig jobb i Vindafjord
Pollenvarsel YR.no

Andre nettstader

Frå tidlegare

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Fotoalbum
KFUK-M Speidarane

Anna Info

 
2016
Mai
Trafikksikring av Plassavegen
Speidarleir på Blikshamn
Sentrale tomter til salgs
17. mai feiringa
Minnestøtta
Vikesprinten 1.5.2016
April
Vikeputten 30.4.2016
Garasjesaldagen
Christian Stejskal -
Nutakassane på plass.
Mars
Bedehusbasar og årsmøte.
Turorientering og postar.
Kulturettermiddag 15.3.
Konfirmantane med bøsser
Merka løype til Sætrefjellet
Årsfest for speidarane
Februar
Felles årsmøte Vik og Skjold
Vinter, sol og fjelltur
Idrettsliv i Vikebygd
Svaner på isen
Januar
Vinter i Vikebygd
Tur til Vikestølen
Juletrebrenning i Lio
Bilete frå farne tider i bygda
Ordførar sin Nyttårsfest 3.1.
2015
Desember
Tradisjonsrik juletrefest
Mann av huse til kyrkje
Konsert med lokale krefter
60 unge med levande lys
Konsert med koret Scala 4.12
Korpsmusikk og fakkeltog
Grendautval og flyktningar
November
Julemesse på Bygdahuset
Flyktningar til kommunen
 

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2015
2014
2013
2012

2011
2010
2009
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.

Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org