Klikk her og gå til framsida av Vikebygd.org

Vikebygd i dag 

Facebook    -   Twitter

Vikebygd

Sida er sist endra 10. mai 2016


Styret kalla inn barne- og ungdomsarbeidet til møte
Thomas og Liv Bakkevigs fond gir viktig støtte
til barne- og ungdomsarbeidet i Vikebygd.

av Steinar Skartland 16.5.2016

Fondet, som vart oppretta med ein kapital på 3 mill. kroner i 2011, skal ikkje vera noko som varer i all framtid. Styret for fondet (Eva Bakkevig, Arne Tveit og Øyvind Valen) har som oppgåve å dela ut av sjølve kapitalen med inntil 10%, eller kr 300.000 i året.
- Til nå har støtta vore kr 1.000,- pr born som deltek i arbeidet til drift, fortel styreleiar Øyvind Valen. I tillegg kjem til investering og til oppstart.
Med det barnetalet som er nå utgjer dette omlag kr 150.000 pr år, men Valen minna også om at det dei siste åra har vore små barnekull i Vikebygd, og at dette framover kan bety mindre samla utbetalingar. Han var tydelig at på at det var midlar til aktivt barne- og ungdomsarbeid som det var snakk om, og ikkje til t.d. trafikksikring av skuleveg.

Fondsstyret hadde kalla inn representantar for dei laga som har fått tilskott, til eit møte måndag 9. mai. Her gjekk dei gjennom retningslinene og kva som er utbetalt. Kvart av laga fekk fortelja om aktiviteten. Korpset, som er ein av mottakarane, gjorde dette ved å stilla seg opp utanfor Gamlatunet før møtet tok til, og spela for dei frammøtte.


Vikebygd skule- og ungdomskorps spelar utanfor Gamlatunet. Dette vart ein del av øvinga til neste arrangement, som er 17. mai.

Tilskott også til dei som skal starte opp noko nytt.
Dei innbydde gjestene til møtet representerte Ungdomsklubben, Speidaren, Laurdagsklubben, Korpset, Idrettslaget og fotballgruppa.  Valen kunne fortelje at det vart delt ut midlar både til drift, investering og til nystarting av aktivitetar. I sistnemnde tilfelle kunne ein nok ikkje visa til medlemstal, men med gode planar for å få i gong aktivitet, kunne ein søkja om stønad frå fondet, på inntil kr 20.000.  
Les også om oppstarten av fondet her

 

 
 
 
 
 

Sjå fleire gamle bilete her


Likar du Vikebygd.org?

Følg med på Twitter
Totalt 140 079 besøk i 2015. Hits:  4 147 074.

til hovudsida for Vikebygd


xxx
-
Kommunereforma
Kyrkja gjennom 800 år
Vikestølen gjennom 116 år
Vikebygd i Hgsd. Avis
Vikebygd i Grannar.no

Følg på Twitter - her


Vêrvarsel for Vikebygd
ORD FOR DAGEN I DAG
Skuledagen 2015-2016
Ledig jobb i Vindafjord
Pollenvarsel YR.no

Andre nettstader

Frå tidlegare

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Fotoalbum
KFUK-M Speidarane

Anna Info

 
2016
Mai
Trafikksikring av Plassavegen
Speidarleir på Blikshamn
Sentrale tomter til salgs
17. mai feiringa i bilete
Minnestøtta over falne
Svak folkevekst
Vikesprinten O-løp 1.5.
April
Vikeputten 30.4.2016
Garasjesaldagen
Christian Stejskal -
Nutakassane på plass.
Mars
Bedehusbasar og årsmøte.
Turorientering og postar.
Kulturettermiddag 15.3.
Konfirmantane med bøsser
Merka løype til Sætrefjellet
Årsfest for speidarane
Februar
Felles årsmøte Vik og Skjold
Vinter, sol og fjelltur
Idrettsliv i Vikebygd
Svaner på isen
Januar
Vinter i Vikebygd
Tur til Vikestølen
Juletrebrenning i Lio
Bilete frå farne tider i bygda
Ordførar sin Nyttårsfest 3.1.
2015
Desember
Tradisjonsrik juletrefest
Mann av huse til kyrkje
Konsert med lokale krefter
60 unge med levande lys
Konsert med koret Scala 4.12
Korpsmusikk og fakkeltog
Grendautval og flyktningar
November
Julemesse på Bygdahuset
Flyktningar til kommunen
 

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2015
2014
2013
2012

2011
2010
2009
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.

Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org