Klikk her og gå til framsida av Vikebygd.org

Vikebygd i dag 

Facebook    -   Twitter

Vikesprinten O-løp 1. mai

Sida er sist endra 1. mai 2016

Vinnarane i jaktstart Vikesprinten 1. mai

Damer: 3. Janne Tjørhom Aashein (Stavanger OK), 2.Sara Nystrøm Olsen (Stavanger OK) , 1. Vilde Margrete Sæbbø (Stavanger OK)
Menn: 1. Arild Aasheim (Ganddal IL), 2. Einar Martinsen (Vikebygd IL), 3. Stein Arne Olsen (Stavanger OK)
 

Vikebygd IL orienteringsgruppa  
Vikesprinten for 22. gong 1. mai
det tradisjonsrike og særprega kretsløpet i orientering

Vinnaren av sitt første napp i vandrepremien for damer vart Vilde Margrete Sæbbø (Stavanger OK). Saman med lagvennina Sara Nystrøm Olsen nærma dei seg målområdet i lag, men spurten siste hundre metrane skilde dei til slutt med 20 sekund mellom desse jentene i klass D13-14.

Vilde Margrete Sæbbø tid 39.32 (justert 24.32) og Sara Nystrøm Olsen (Stavanger OK).

På tredje plass av damene kom fjorårets vinnar, Janne Tjørhom Aasheim (Stavanger OK). Ho brukte reelt litt mindre tid enn dei to på første og andre plass, og sprang løypa på 34.36, Då ho dette året var komen opp ein "klasse," til D15-16, starta ho 8 minutt seinare og enda på justert tid 27.36.

Vandrefatet for damer har nå så mange namn på baksida at det mest blir vanskar med å få inn så mange fleire. Kanskje det får ein eigar neste år.

Arild Aasheim (som opphaveleg er frå Stord, men har budd 20 år i Sandnes) spring for Ganddal IL. Med tida 37.51 (justert tid 28.51) fekk han sitt første napp i vandrefatet, som var nytt for tre år sidan.

Beste løpar frå Vikebygd vart Einar Martinsen som runda løypa på 40.25 (justert: 31.25).

Forholda var gode for o-løpet, som gjekk i skog og beiteområde aust for fylkesvegen gjennom Vikebygd. I relativt flatt terreng med mange gjerder og beiter, men også ein del tettare brakeparti og myrar. Temperatur på 10 grader, skya, men opphaldsvêr.

Litt dramatisk var det ein av løparane kom inn med venstre sida av hovudet raudt av blod og ein kul midt oppå.
- Det var eit tre som ikkje ville flytta seg då eg kom springande, kommenterte løparen som fekk hjelp av andre på laget til å vaska bort blodet og stella såret.

Det var også eigne løyper for dei minste. Her sprang nokre på eiga hand mens andre i lag med mor eller far.

Etter at premieutdelinga og fotografering var over kom endå ein løpar i mål. John Gran Abrahamsen vart registrert inn på tida: 1.58.10 til applaus frå dei andre løparane. Han sprang i klasse H65 og kommenterte smilande: -Ein kan vel ikkje venta anna med desse korte føtene og kroppen. 
Vikesprinten-løpet var prega av å vera eit løp for alle generasjonar, frå born og ungdom, til fleire som hadde passert pensjonsalderen.

Les også om tidlegare løp åra:
2015    2014     2013
    2012
 



Vikebygd IL orienteringsgruppa  
Vikesprinten for 22. gong 1. mai
det tradisjonsrike og særprega kretsløpet i orientering
av Jon Magne Svendsbøe, løpsleiar og løypeleggjar, 27.4.2017
Tilpassa og oppdatert av Steinar Skartland 1.5.2016

Totalt påmelde: 120 deltakarar frå 16 klubbar
For Vikebygd IL spring 11 påmelde:
Tonje Hausberg Bjerga, Kjersti Hausberg Bjerga, Alfinn Bjerga, Sverre Steinar Bjerga, Einar Martinsen, Einar Marius Hjellestad Martinsen, Jonas Sjo Bjerga, Harald Steinsland, Elen Tjoflot Nes, Heine Tjoflot Nes og Stina Tjoflot Nes.

Innbyding og oversikt over påmelde her.

Søndag 1. mai kl. 13:00 arrangerer Vikebygd IL orienteringsgruppa det tradisjonsrike og særprega kretsløpet i orientering, Vikesprinten, for 22. gong: Løpet går frå Vikebygd idrettsplass frå kl 13. og i relativt flatt terreng med mange gjerder og beiter, men også ein del tettare brakeparti og myrar og ein del stiar og vegar for dei yngste.

Løpet er spesielt då det er ein herreklasse og ein dameklasse der alle konkurrerer mot alle uavhengig av nivå og alder, basert på ein handikaptabell. Dei sprekaste seniorane har 0 minuttar i fråtrekk, mens dei over 75 år har 30 minuttar i fråtrekk.

Løparane startar på jaktstartar der dei som har mest i fråtrekk startar først og dei sprekaste seniorane startar til slutt.  Første herre og dame i mål vinn!

Vandrefatet for damer har vandra i 16 år
Vinnarane2015_Janne Tjørhom Aasheim og Arne Kristian Espedal.jpgVandrefatet for damer har vandra i 16 år frå sist gong nokon vann det til odel og eige. Denne gongen blir det særs spanande fordi Janne Tjørhom Aasheim frå Ganddal IL har to napp frå dei to føregåande år.

For herrar har fatet dei to siste åra blitt vunne av Arne Kristian Espedal frå Stavanger o-klubb, etter at vår eigen Per Øyvind Valen vann det til odel og eige i 2013.

Innbydinga
Fjorårsvinnarane: Janne Tjørhom Aasheim og Arne Kristian Espedal   
 

Andre arrangement:

Liv og røre ved Årvik skule
O-løp med start på Prærien

av Steinar Skartland 12.4.2016



Den flate sletta nord for gamleskulen i Årvik skulekrins, vart kalla Prærien av dei som i tidlegare tider gjekk på Årvik skule. 7 årskull i ei skulestove.  Annankvar dag. Vege-tasjonen har teke over stadig meir av området rundt skulebygget, men på Prærien er det hogd og rydda i seinare tider.

Tysdag 12. april var ein flott vårdag med strålande sol. I kveldinga samla det seg 50-60 orienteringsløparar her. Dei kom frå heile Haugalandet til eit av dei mange løpa som dei køyrer gjennom sesongen. Fleire løyper tilrettelagt så dei kunne delta, både unge og vaksne.

På Tindeland er bakkane alt grøne. Slik er det nok ikkje alle plassar. Gammal eng kjem seinare enn den unge.  Ute er fuglesongen sterk frå dei mange som skal stifta heim og leggja egg i reir.  Men ennå er det kald nordavind så ein gjer best i å ha på seg ei jakke om ein ferdast der sola ikkje når fram.


Sola og vårvarmen får fargane fram også i skogen. Sjølv om det ennå er i starten av våren og at knoppar opnar seg. Inne mellom trea i skogen kan ein finna fantastiske farger, som desse mosetuene som det var mange av i skogen ovanfor Bakkjen og Prærien.  Det ligg også ein del rotvelta tre her etter stormane vi har hatt gjennom vinteren.

 
Litt lengre nord står det ei mengd med nakne og daude trestammer. Det er restane etter den store skogbrannen som herja her våren 2006.
 

 
 
 

Sjå fleire gamle bilete her


Likar du Vikebygd.org?

Følg med på Twitter
Totalt 140 079 besøk i 2015. Hits:  4 147 074.

til hovudsida for Vikebygd


xxx
-
Kommunereforma
Kyrkja gjennom 800 år
Vikestølen gjennom 116 år
Vikebygd i Hgsd. Avis
Vikebygd i Grannar.no

Følg på Twitter - her


Vêrvarsel for Vikebygd
ORD FOR DAGEN I DAG
Skuledagen 2015-2016
Ledig jobb i Vindafjord
Pollenvarsel YR.no

Andre nettstader

Frå tidlegare

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Fotoalbum
KFUK-M Speidarane

Anna Info

 
2016
Mai
Trafikksikring av Plassavegen
Speidarleir på Blikshamn
Sentrale tomter til salgs
17. mai feiringa
Vikesprinten 1.5.2016
April
Vikeputten 30.4.2016
Garasjesaldagen
Christian Stejskal -
Nutakassane på plass.
Mars
Bedehusbasar og årsmøte.
Turorientering og postar.
Kulturettermiddag 15.3.
Konfirmantane med bøsser
Merka løype til Sætrefjellet
Årsfest for speidarane
Februar
Felles årsmøte Vik og Skjold
Vinter, sol og fjelltur
Idrettsliv i Vikebygd
Svaner på isen
Januar
Vinter i Vikebygd
Tur til Vikestølen
Juletrebrenning i Lio
Bilete frå farne tider i bygda
Ordførar sin Nyttårsfest 3.1.
2015
Desember
Tradisjonsrik juletrefest
Mann av huse til kyrkje
Konsert med lokale krefter
60 unge med levande lys
Konsert med koret Scala 4.12
Korpsmusikk og fakkeltog
Grendautval og flyktningar
November
Julemesse på Bygdahuset
Flyktningar til kommunen
 

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2015
2014
2013
2012

2011
2010
2009
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.

Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org