Klikk her og gå til framsida av Vikebygd.org

Vikebygd i dag 

Facebook    -   Twitter

Vikebygd

Sida er sist endra 30. april 2016

Les her om


Ein laurdag med mange tilbod i Vikebygd
Tulipanar, hageblomar, fotballkamp og China Takeaway

av Steinar Skartland 30.4.2016

Utanføre Joker butikken hadde to medlemmer i Skjold og Vikebygd Lions Club teke oppstilling med eit bord fullt av tulipanar. Plakatar og brosjyrar fortalde at dei 100 kronene som buketten kosta gjekk til arbeid mot rus og narkotika.

Lions klubben med aksjon mot Narkotika
Per Åsmundsen og Hans Egge fortel at den lokale Lions klubben har 17 medlemmer nå, nokre vikebuar er med sjølv om desse to karane er frå Skjold. I dag står dei under slagordet: "Det er bedre å bygge barn enn å reparere voksne." 

Dette er ein årleg innsamlingsaksjon som vert arrangert den siste laurdagen i april.  Lions-representantane går ut med ein klår bodskap: "Nei til narkotika!" Lions i Noreg reknar med å samla inn over 5 millionar kroner denne dagen.  Pengane er øyremerka haldningsskapande og rusførebyggjande arbeid blant barn og unge.


Hageblomar på Dommarsnes
av Steinar Skartland 30.4.2016
I vegkanten på Dommarsnes har Torfinn og Aslaug Dommarsnes
rigga seg til med utsal av blomar.
Aslaug og Torfinn Dommersnes

Blomsterutsal på Dommersnes- Eg har jobba 35 år i Høyvik gartneri, fortel Torfinn. Då kjøpte han denne bilen for sal av blomar. Nå er han ein aktiv pensjonist på mange måtar, og nyttar mellom anna noko av tida desse vårdagane til å selja blomar i Vikebygd. Og de mangla ikkje på kundar som kom innom og ville leggja igjen litt i kassaapparatet.  For dei som ikkje hadde kontantar, så hadde han kortautomaten på plass og kunne ta imot betaling også på den måten.

- Eg dyrkar ikkje blomane sjølv, men kjøper dei inn og sel vidare frå bilen, fortel Torfinn medan Aslaug er oppteken av å ta betalt med bankterminalen frå ein av kundane.

Litt usikker vart han då vi ville ha blomar som toler brun-sniglar, men han kom til at Spansk Margeritt truleg var betre enn andre. Litt tidleg kan det ennå vera å planta ute då vi fleire netter i det siste har hatt 3-4 kuldegrader.


Kinesiske Vårrullar og Take Away
Rong Zeng hadde denne laurdagen sett opp gatekjøkkenvogna si utanfor Joker-butikken.

Rong Zeng med China TakeawayHer sel ho nylaga vårrullar til dei som legg turen innom sentrum og daglegvarebutikken i Vikebygd. Og kundar vart det mange av. Mange bestilte vårrullar eller kylling med ris og sursøt saus til familiemiddagen eller laurdags-kosen, og måtte komma tilbake for å henta dette seinare, når det var klart.  Rong Zeng fekk hjelp av Aleksander bak disken, men dei rekna med å halda ope til klokka halv ni på kvelden.
 

Til spørsmålet om ho ville halda fram med å ha ope kvar laurdag, så meinte ho det godt kunne hende. Kanskje med å ha vogna nedfor butikken.

Rong Zeng kan også ta på seg å laga mat til selskap og bestillingar andre dagar enn når ho har vogna open. Det er berre å ringe, sa ho smilande etter ein dag med gatekjøkendrift i Vikebygd, si nye heimbygd der ho har slege seg ned og ser ut til å trivast.

Tilbakemeldingane på maten er god frå alle dei som har vore innom og kjøpt seg litt mat etter kinesisk oppskrift.

Les om

 

 
 
 
 

Sjå fleire gamle bilete her


Likar du Vikebygd.org?

Følg med på Twitter
Totalt 140 079 besøk i 2015. Hits:  4 147 074.

til hovudsida for Vikebygd


xxx
-
Kommunereforma
Kyrkja gjennom 800 år
Vikestølen gjennom 116 år
Vikebygd i Hgsd. Avis
Vikebygd i Grannar.no

Følg på Twitter - her


Vêrvarsel for Vikebygd
ORD FOR DAGEN I DAG
Skuledagen 2015-2016
Ledig jobb i Vindafjord
Pollenvarsel YR.no

Andre nettstader

Frå tidlegare

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Fotoalbum
KFUK-M Speidarane

Anna Info

 
2016
April
Vikeputten 30.4.2016
Garasjesaldagen
Christian Stejskal -
Nutakassane på plass.
Mars
Bedehusbasar og årsmøte.
Turorientering og postar.
Kulturettermiddag 15.3.
Konfirmantane med bøsser
Merka løype til Sætrefjellet
Årsfest for speidarane
Februar
Felles årsmøte Vik og Skjold
Vinter, sol og fjelltur
Idrettsliv i Vikebygd
Svaner på isen
Januar
Vinter i Vikebygd
Tur til Vikestølen
Juletrebrenning i Lio
Bilete frå farne tider i bygda
Ordførar sin Nyttårsfest 3.1.
2015
Desember
Tradisjonsrik juletrefest
Mann av huse til kyrkje
Konsert med lokale krefter
60 unge med levande lys
Konsert med koret Scala 4.12
Korpsmusikk og fakkeltog
Grendautval og flyktningar
November
Julemesse på Bygdahuset
Flyktningar til kommunen
 

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2015
2014
2013
2012

2011
2010
2009
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.

Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org