Klikk her og gå til framsida av Vikebygd.org

Vikebygd i dag 

Facebook    -   Twitter

Garasjesalg i Vikebygd

Sida er sist endra 16. april 2016

GunnSmak saft i NaustvikaSightseeing i Vikebygd med innlagt Loppis
Den store Garasjesalgdagen

av Steinar Skartland 16.4.2016

Mange har huset fullt av ting dei ikkje har bruk for lengre. Gunn Vikingstad fekk ideen og inviterte Vikebuane til å bli med og arrangere garasjesalg, kvar hos seg, eller i lag med ein nabo.

Med strålande solskin vart laurdag 16. april ein suksess for dette kollektive arrangementet.  - Dette er første sommardagen kommenterte Roald Årvik då han stakk innom Aud's garasje.
Men lufta var ikkje varmare enn at kundane måtte ut i sola og varma seg av og til. Der kunne dei hos ein og annan av garasjeutsala få seg vaflar, saft eller kaffi. Det vart mest ein nabofest ut av denne dagen.

Start på rundturen ved Gamlatunet
Løypa starta på Gamlatunet. Her var det utstilt mange fine, brukte ting på eit bord og dei som møtte fram fekk med seg eit kart som viste kor dei andre utsala var - i ni-ti garasjar og tun i bygda. Langs heile løypa hand plakatar som viste veg.

- Me fekk tur rundt i bygda og samtidig som me fekk koma inn i hagane til dei som bur her, sa nokre av dei som valde ein rundtur i bygda.

Gunn Vikingstad kunne vera svært nøgd med oppslutninga om denne ideen. Eit annleis loppemarked, men også så mykje meir. Vandringa frå tun til med eit kart i handa ga meir ei oppleving av å vera på skattejakt. Og mange var det som kunne ta med seg heim saker og ting som kunne strekke seg frå antikvitetar til bruksgjenstandar, handverk og husflidsartiklar. Men også leiker, skiutstyr og bøker.

Gunn kunne visa fram ein garasje med rikhaldig innhald, men det var ikkje alt som var til sals. Det var viktig å passa på at ikkje verktøyet til Ola Harald for med i same rennet.

Utanfor stod eit bord med heimelaga saft, rognebærgele, ramsløkpuré og rabarbra- syltetøy. Produsert av 'GunnSmak', som det stod på dei flotte etikettane. Ga kanskje assosiasjonar til gamle cowboy seriar i NrK med namnet 'Gunsmoke'? Men Festus og James Arness som Mattew Dillon var ikkje å Sjå meir av GunnSmaksjå. Tvert imot var det fredeleg her i solskinet i Naustvika, på den inste av garasjeutsala, som satsa på bøker, dekketøy, ski eller ei bordvifte til varme sommardagar.

Før vi kom så langt hadde vi bak oss ein runde i fleire garasjar i Liofeltet, ein omvisning i ein nyinnflytta bustad og smak på eplesaft produsert hos Elisabeth og Rolf Julsrud. Han viste fram presse og utstyr som dei nytta til produksjonen. Utstyret elles og ei heimelaga leikehytte vitna om at det var ein kreativ og initiativrik familie vi var innom. Dei tok gjerne imot eple frå naboar som ikkje brukte desse sjølv - for å produsera saft.

Fredrik's butikk fann vi også langs Naustvikvegen. Her var litt av kvart for store og små, og også sal av lodd. Både her og i fleire andre garasjar så vi at naboar, slekt og vener stilte opp i saman med litt kvar. Også oppe ved Klokkargarden var ope og utsal, i dag også med bruktbutikk.

Som eit svensk Loppis
Rundturen tok tid då det var mange å prata med og mykje å sjå, men assosiasjonane gjekk til Sverige der skilta med Loppis heng tett langs vegane og kva bygd har fleire som sel brukt utstyr i løer og garasjar.  Vi tør likevel påstå at kvaliteten var høgare i garasjane i Vikebygd enn på Loppis i Sverige. Her var nok ikkje plukka ut så mykje undervegs? Kor me kom så såg me folk som plukka med seg noko, betalte nokre kroner og gjekk nøgde heim.

Dette kan godt gjerast igjen, og får ein like fint ver kvar gong, så blir det lett suksess.

Opplegget nå var at alle som hadde noko for sal, laga til i tunet eller garasjen sin. Gunn & co  laga kart med alle utsalsplassane. Så kunne kundane ta rundturen i bygda. Fin tur - og moglegheiter for mang ein god handel!

 

 
 

Den store
garasjesalgsdagen

Steinar /Innsendt av Gunn Vikingstad 3.4.2016

- "Den store garasjesalgsdagen" i Vikebygd blir laurdag 16. april, fortel Gunn Vikingstad.
 
- Opplegget er at alle som har noko for sal, lagar til i tunet eller garasjen sin. Me lagar kart med alle utsalsplassane. Så kan kundane ta rundturen i bygda. Fin tur - og moglegheiter for mang ein god handel! Det er ennå god plass til fleire deltakarar.

Dei som er interessert i å delta tar kontakt med Gunn Vikingstad, snarast mulig og seinast 13. april. På forehand takk!

Les også på facebook.

Les meir her


VELKOMMEN TIL
DEN STORE
GARASJESALGSDAGEN

     I VIKEBYGD, laurdag 16.04.2016
Ta turen rundt i bygda og sjekk ut dei mange garasjeutsala. Litt for ein kvar smak - og for ei kvar lommebok!  Velkommen

Kart/veginfo, kaffi og kaker
får du på Gamlatunet
(ved hovudvegen gjennom bygda)

 

 
 
 

Sjå fleire gamle bilete her


Likar du Vikebygd.org?

Følg med på Twitter
Totalt 164 842 besøk i 2014. Statistikk.  

til hovudsida for Vikebygd


xxx
-
Kommunereforma
Kyrkja gjennom 800 år
Vikestølen gjennom 116 år
Vikebygd i Hgsd. Avis
Vikebygd i Grannar.no

Følg på Twitter - her


Vêrvarsel for Vikebygd
ORD FOR DAGEN I DAG
Skuledagen 2015-2016
Ledig jobb i Vindafjord
Pollenvarsel YR.no

Andre nettstader

Frå tidlegare

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Fotoalbum
KFUK-M Speidarane

Anna Info

 
2016
April
Garasjedaldagen
Christian Stejskal -
Nutakassane på plass.
Mars
Bedehusbasar og årsmøte.
Turorientering og postar.
Kulturettermiddag 15.3.
Konfirmantane med bøsser
Merka løype til Sætrefjellet
Årsfest for speidarane
Februar
Felles årsmøte Vik og Skjold
Vinter, sol og fjelltur
Idrettsliv i Vikebygd
Svaner på isen
Januar
Vinter i Vikebygd
Tur til Vikestølen
Juletrebrenning i Lio
Bilete frå farne tider i bygda
Ordførar sin Nyttårsfest 3.1.
2015
Desember
Tradisjonsrik juletrefest
Mann av huse til kyrkje
Konsert med lokale krefter
60 unge med levande lys
Konsert med koret Scala 4.12
Korpsmusikk og fakkeltog
Grendautval og flyktningar
November
Julemesse på Bygdahuset
Flyktningar til kommunen
 

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2015
2014
2013
2012

2011
2010
2009
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.

Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org