Klikk her og gå til framsida av Vikebygd.org

Vikebygd   

Facebook    -   Twitter

Ved Årvik skule - 10 år etter den store brannen

Sida er sist endra 16. april 2016

Liv og røre ved Årvik skule
O-løp med start på Prærien

av Steinar Skartland 12.4.2016



Den flate sletta nord for gamleskulen i Årvik skulekrins, vart kalla Prærien av dei som i tidlegare tider gjekk på Årvik skule. 7 årskull i ei skulestove.  Annankvar dag. Vege-tasjonen har teke over stadig meir av området rundt skulebygget, men på Prærien er det hogd og rydda i seinare tider.

Tysdag 12. april var ein flott vårdag med strålande sol. I kveldinga samla det seg 50-60 orienteringsløparar her. Dei kom frå heile Haugalandet til eit av dei mange løpa som dei køyrer gjennom sesongen. Fleire løyper tilrettelagt så dei kunne delta, både unge og vaksne.

På Tindeland er bakkane alt grøne. Slik er det nok ikkje alle plassar. Gammal eng kjem seinare enn den unge.  Ute er fuglesongen sterk frå dei mange som skal stifta heim og leggja egg i reir.  Men ennå er det kald nordavind så ein gjer best i å ha på seg ei jakke om ein ferdast der sola ikkje når fram.


Sola og vårvarmen får fargane fram også i skogen. Sjølv om det ennå er i starten av våren og at knoppar opnar seg. Inne mellom trea i skogen kan ein finna fantastiske farger, som desse mosetuene som det var mange av i skogen ovanfor Bakkjen og Prærien.  Det ligg også ein del rotvelta tre her etter stormane vi har hatt gjennom vinteren.

 
Litt lengre nord står det ei mengd med nakne og daude trestammer. Det er restane etter den store skogbrannen som herja her våren 2006.
 


Søvnlaus kamp for hus og heim.
10 år er gått sidan den store
skogbrannen i 2006

av Steinar Sk. 14.4.2016
 
Det hadde regna så seint som på tysdagen, dei første dagane i mai 2006. Med sol og vind nokre dagar vart det fjorgamle graset oppå bakken inne i skogen, tørt som papir. Ein liten gnist var alt som skulle til.

Ein skogbrann som vart tre gonger større enn Sveio-brannen nokre år tidlegare (1992), hadde starta.
 
Rundt bustadhus på Tindeland slikka flammane frå alle kantar søndagen.
- Han har slåss mot flammehav og intens varme i snart to døger utan søvn. Ved hjelp av uhorvelege vassmengder frå gjødseltankvogna på traktoren håpar han nå at husa er berga frå stadig nye angrep frå skogbrannen, skreiv Stavanger Aftenblad i 2006.

Husa vart berga
Store brannstyrkar frå den ny-etablerte kommunen Vindafjord, Etne, Tysvær og Karmøy saman med sivilforsvar, heimevern, lokale bønder og naboar stilte opp på sløkkinga. Først når forsvaret sine to helikopter og eit brannhelikopter vart sett inn, klarte ein å bremsa brannen som rasa i fleire dagar.
 
Mellom 7.000 og 10.000 dekar skog og mark vart svidd av i brannen mellom Bjoa og Vikebygd. - Det er meir enn heile Utsira, skreiv Haugesunds Avis den gongen.
 
Ver forsiktig med open eld
Det er igjen ein vår med tørt fras i skogen. Solskinsdagar og vind tørkar fort opp det som har overvintra oppå jorda. Så oppfordringa går om å vera forsiktig med open eld og gnistar i skog og mark, men bruk gjerne fritida på dei mange og godt merka stiane vi har.

 

 
 
 

Sjå fleire gamle bilete her


Likar du Vikebygd.org?

Følg med på Twitter
Totalt 164 842 besøk i 2014. Statistikk.  

til hovudsida for Vikebygd


xxx
Les om brannen i 2006
Kommunereforma
Kyrkja gjennom 800 år
Vikestølen gjennom 116 år
Vikebygd i Hgsd. Avis
Vikebygd i Grannar.no

Følg på Twitter - her


Vêrvarsel for Vikebygd
ORD FOR DAGEN I DAG
Skuledagen 2015-2016
Ledig jobb i Vindafjord
Pollenvarsel YR.no

Andre nettstader

Frå tidlegare

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Fotoalbum
KFUK-M Speidarane

Anna Info

 
2016
Mai
Trafikksikring av Plassavegen
Speidarleir på Blikshamn
Sentrale tomter til salgs
17. mai feiringa i bilete
Minnestøtta over falne
Vikesprinten O-løp 1.5.
April
Vikeputten 30.4.2016
Årvik - 10 år etter brannen
Garasjedaldagen
Christian Stejskal -
Nutakassane på plass.
Mars
Bedehusbasar og årsmøte.
Turorientering og postar.
Kulturettermiddag 15.3.
Konfirmantane med bøsser
Merka løype til Sætrefjellet
Årsfest for speidarane
Februar
Felles årsmøte Vik og Skjold
Vinter, sol og fjelltur
Idrettsliv i Vikebygd
Svaner på isen
Januar
Vinter i Vikebygd
Tur til Vikestølen
Juletrebrenning i Lio
Bilete frå farne tider i bygda
Ordførar sin Nyttårsfest 3.1.
2015
Desember
Tradisjonsrik juletrefest
Mann av huse til kyrkje
Konsert med lokale krefter
60 unge med levande lys
Konsert med koret Scala 4.12
Korpsmusikk og fakkeltog
Grendautval og flyktningar
November
Julemesse på Bygdahuset
Flyktningar til kommunen
 

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2015
2014
2013
2012

2011
2010
2009
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.

Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org