Klikk her og gå til framsida av Vikebygd.org

Vikebygd i dag 

Facebook    -   Twitter

Nutakassar på 6 fjell i Vikebygd

Sida er sist endra 5. april 2016

Speidarane har vore til fjells
Nutakassane på plass i Vikefjella

Basert på tekst og bilete frå Øyvind Valen 4.4.2016

Åge Holsbrekken konstaterer at kassen er på plassAlle nutakassane skal no vera på plass. Grunna mykje snø måtte speidarpatruljane utsetja turane ut med bøkene til etter påske.

Kassen på Trodlanibbå fall over meteren ned i eit hol mellom steinar då bøkene blei samla inn i haust. Dette gjekk sjølvsagt i gløymeboka, slik at då gutane var oppe på Trodlanibbå med ny bok var det umogleg å få opp kassen utan reiskap.

Kassane er på nutane:  Såta, Trollanibba, Trollafjell, Sætrefjell, Bårefjell og Ulserhaug.

Åge Holsbrekken fiskar opp kassen frå holet
Ved hjelp av båtshake kom kassen opp måndag kveld.

Åge Holsbrekken måtte ta med seg ein båtshake på fjellturen for å få opp nutakassen frå holet mellom steinane på Trollanibba. Måndag 4. april var den også klar til bruk.

Dei som har vore oppe i helga utan å ha fått registrert seg kan senda ein SMS til 95051159.

God tur til fjells dei fine vårdagane som ligg føre oss!

 

Nutakassane finn du på:
Såta
: (250 moh, aust for Skartland). Merka sti frå Skartland.
Start frå traktorvegen nord på Skartland.
Trollanibba: (536 moh, aust for sentrum).
Merka sti frå Bygdahuset i Vik.
Trollafjellet: (637 moh, vest for Vikestølen).
Merka sti frå enden av gardsvegen som går austover frå kyrkjevegen.
Sætrafjell: (536 moh, rett aust for Dommersnes).
Du kan gå opp frå Kolthaug eller Ulvebne på merka sti, eller fylgja den nye stien som Roald har merka, sjå her.
Ulserhaug: (631 moh, nord for Longåsdalen)
Merka sti frå Bjordal.
Bårefjell: (400 moh, nord for Bjordal)
Følg merka sti mot Ulserhaug og ta mot vest på toppen av lia.
 


Speidarane melder 16.3.2016:
Det vil i år ikkje bli lagt ut nutakassar på andre toppar
enn Sætrafjell før påske. Resterande nutakassar vil bli
lagt ut torsdag 31 mars. Dette grunna stor snømengde i fjella.
Speidarhelsing leiarane.  Plakaten
 

Ny løype til fjells,
Sætrafjellet og Slåttskarnuten

av Roald Årvik 9.3.2016

- Ved å leggja løypa opp Røssedalen og Slåtteskar, så er ein nok også på gjengrodde stiar, skriv Roald Årvik. - No er stien klar, dvs. eg skal få opp nokre skilt før påske.
 
Start frå kyrkja i Vikebygd
- Ved å leggja løypa opp Røssedalen og Slåtteskar, så er ein nok også på gjengrodde stiar, det skal finnast ein gammal sti opp der. Om den eg har laga nokre plassar følgjer denne, skal eg ikkje seia noko sikkert om, men eg vonar jo det. Samanlikna med stien opp Budalen så er det ein mindre bratt tur oppover Røssdalen, samt at stien er mykje tørrare. Det er flott utsikt, og den blir berre betre og betre når ein passerar tregrensa. Difor så kan ein gå til eit av utsiktspunkta setja seg ned der og sjå utover, og så venda nasa heimover om ein ikkje vil ta heile turen den dagen. Eller ein kan jo berre ha Slåtteskarnuten som mål, og snu der.
- På Slåtteskarnuten så vil det liggja ei bok ein kan skriva seg inn i, den kjem og opp før påske.
 
Beskriving av løypa finnes på: www.ut.no/tur/2.16373
Les meir om turane her


Oversikt over løyper i Vikebygd
vikebygd.org 9.3.2016

Roald Årvik byrja for vel eit år sidan å leggja inn beskriving og spor av løyper i Vikebygd på web sidene til ut.no. No ligg alle fjellturar i Vikebygd inne på her med interaktivt kart så ein kan følgja spor, lengde og høgdemeter heile vegen eller lasta sida inn på ei pdf-fil, skriva den ut, og ha den med seg på turen. Dei som vil gå med gps kan lasta ned sporfiler (gpx).
 
Nettstaden vikebygd.no, som inneheld fakta om Vikebygd, har oversikt over alle løypene. Dei er der inndelt i 4 oppmarsj stader: Skartland, Bygdehuset, Kyrkja og Bjordal.

Løypene til i alt 19 turar finn du på: www.vikebygd.no/naeromradet/turloyper/
 
- Du kan også søkje på
http://www.ut.no/finn/?q=vikebygd, fortel Roald som også framover har planar for å merka og trydda fleire gamle, gjengrodde stiar som var i bruk før i tida.
- Desse vil nok ikkje ta oss langt av garde til fjells, men ein må ha turar av ulik lengde og høgde og. Så eg kjem nok til å sjå nærare på dette etter kvart.
- Eg har elles eit par andre idear på lengre turar, men det får liggja og ulma litt ei stund til.

Les meir her  

 
 

Sjå fleire gamle bilete her


Likar du Vikebygd.org?

Følg med på Twitter
Totalt 164 842 besøk i 2014. Statistikk.  

til hovudsida for Vikebygd


xxx
-
Kommunereforma
Kyrkja gjennom 800 år
Vikestølen gjennom 116 år
Vikebygd i Hgsd. Avis
Vikebygd i Grannar.no

Følg på Twitter - her


Vêrvarsel for Vikebygd
ORD FOR DAGEN I DAG
Skuledagen 2015-2016
Ledig jobb i Vindafjord
Pollenvarsel YR.no

Andre nettstader

Frå tidlegare

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Fotoalbum
KFUK-M Speidarane

Anna Info

 
2016
Mars
Bedehusbasar og årsmøte.
Turorientering og postar.
Kulturettermiddag 15.3.
Kofirmantane med bøsser
Merka løype til Sætrefjellet
Årsfest for speidarane
Februar
Felles årsmøte Vik og Skjold
Vinter, sol og fjelltur
Idrettsliv i Vikebygd
Svaner på isen
Januar
Vinter i Vikebygd
Tur til Vikestølen
Juletrebrenning i Lio
Bilete frå farne tider i bygda
Ordførar sin Nyttårsfest 3.1.
2015
Desember
Tradisjonsrik juletrefest
Mann av huse til kyrkje
Konsert med lokale krefter
60 unge med levande lys
Konsert med koret Scala 4.12
Korpsmusikk og fakkeltog
Grendautval og flyktningar
November
Julemesse på Bygdahuset
Flyktningar til kommunen
 

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2015
2014
2013
2012

2011
2010
2009
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.

Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org