Klikk her og gå til framsida av Vikebygd.org

Vikebygd i dag 

Facebook    -   Twitter

Vikebygd Motorbåtforening nyoppussa klubbhus

Sida er sist endra 25. mars 2016

Nytt frå Motorbåtforeninga
Innsendt av Roald Årvik 25.3.2016

Vikebygd Motorbåtforening har gjennon lengre tid fått gjort mykje dugnad i båthamna og spesielt med klubbhuset.

Roald Årvik fortel om dette arbeidet:
 
Les også her:
Årsmøte 17.3.2016
Vedtekter
Toalettet opna igjen
Byggjer sanitæranlegg
Dugnad i båthamna 2013
Får leige Prestabryggja
Utviklar si eiga webside
Vikebygd Motorbåtforening web
Flittig dugnadsgjeng i 2011

 
Oppussing av klubbhuset

- I fjor vinter så vart klubbhuset bygd om, vegger blei slått ut, og me fekk på plass fullrenoverte HC-toalett og dusjrom. Det gjekk med nærare 300 dugnadstimar på dette. Forutan
dei to romma så inneheld klubbhuset etter den ombygginga
eit møterom.





I haust- og vintermånadene som har vore så har me pussa opp møterommet, vegger og tak er lekta ut, meir isolasjon er komen på plass, og nye plater på både vegger og tak. Det er og lagt plater og nytt golvbelegg på golvet. Alt av det elektriske anlegget er skifta ut, det er no spottar i taket, og bevegelse sensorar som slår på lyset.


Sørsida på klubbhuset har fått ny kledning, alle vindauge i møterommet er skifta ut med nye, det store vindauga er erstatta med ei ny dobbeldør, dette med tanke på ein framtidig terrasse med overbygg.

Me søkte Vindafjord kommune om støtte til universell utforming av HC-toalettet, og der fekk me tilslag om kr. 50.000,- i støtte. Som ein følgje av dette så har me fått montert elektrisk døropnar på HC-toalettet. Det vil og bli sett opp eit rekkverk langs rampen opp til toalett og dusj, slik at dei som ikkje er heilt stødige på eigne bein har noko å halda seg i , samt at ingen skal køyra utanfor om ein kjem på hjul.

Det står att litt småpuss i møterommet, samt dette med rekkverket, utelys og nokre nye søyler på oppsida av klubbhuset før me er heilt i mål, men det burde vera på plass til våren set inn for alvor og det blir meir liv i hamna.

Det har gått med om lag 150-200 dugnadstimar for å få dette
prosjektet i hamn. Det er styret og ei handfull trufaste medlemmer som har delteke i dette arbeidet, styret vil få lova å takka desse medlemmene svært så mykje.
Med tida så vil det koma på plass ein kjøkkenkrok i møterommet, men dette prosjektet har vorte svært kostbart så me lyt setja litt tæring etter næring ei stund framover før me gjev oss i kast med kjøkkenløysningar.

Båtforeninga vonar at andre lag, skule og barnehage, om det høver seg slik, kan gjera nytte av det ny-oppussa klubbhuset. Kanskje nokon vil ha ei kunstutstilling der ?

Denne oppussinga kan sjåast på som eit fyrste steg på ei oppgradering av hamneområdet, slik at det skal vera tilrettelagd for alle, ikkje berre for dei som ferdas i båt. Me har tankar om fleire ting, men lyt leggja stein på stein.

Planar framover
Om me får på plass finansiering så er vidare planar no å gjera ferdig moloen og få gjort klar nye båtplassar der, samt at det skal leggjast ut flytebryggjer utanfor Prestabryggja og klargjerast for båtplassar der og.

Som nemnt er dette avhengig av finansiering og økonomi, for dette er svært kostnadskrevjande prosjekter, men minst like viktig er det at dei som ynskjer å kjøpa seg faste båtplassar lyt vera med og leggja ned ein solid dugnadsinnsats.

Det er ikkje økonomi til at ein kan leige inn folk til dette arbeidet, utanom der det kravast heilt spesiell kompetanse eller utstyr, det betyr at medlemmene lyt bretta opp skjorteermane og vera budd på å ta eit tak, styret kan ikkje åleine gjera dette arbeidet. Skulle ein ikkje gjort dette på dugnad så ville ein måtta skru opp prisane på båtplassar svært så mykje, så me vonar medlemmene vil støtte opp om dette arbeidet når det kjem i gong.  

 
 
 

Sjå fleire gamle bilete her

Likar du Vikebygd.org?

Følg med på Twitter
Totalt 164 842 besøk i 2014. Statistikk.  

til hovudsida for Vikebygd


xxx
-
Kommunereforma
Kyrkja gjennom 800 år
Vikestølen gjennom 115 år
Vikebygd i Hgsd. Avis
Vikebygd i Grannar.no

Følg på Twitter - her


Vêrvarsel for Vikebygd
ORD FOR DAGEN I DAG
Skuledagen 2015-2016
Ledig jobb i Vindafjord
Pollenvarsel YR.no
 

Frå tidlegare

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Fotoalbum
KFUK-M Speidarane

Lokale Bedrifter

2016
Mars
Påska
Motorbåtforeningen
Arbeidsløysa redusert
Bedehusbasar og årsmøte.
Turorientering og postar.
Kulturettermiddag 15.3.
Konfirmantane med bøsser
Merka løype til Sætrefjellet
Årsfest for speidarane
Februar
Felles årsmøte Vik og Skjold
Vinter, sol og fjelltur
Idrettsliv i Vikebygd
Svaner på isen
Januar
Vinter i Vikebygd
Tur til Vikestølen
Juletrebrenning i Lio
Bilete frå farne tider i bygda
Ordførar sin Nyttårsfest 3.1.
2015
Desember
Tradisjonsrik juletrefest
Mann av huse til kyrkje julaftan
Konsert med lokale krefter
60 unge med levande lys
Konsert med koret Scala 4.12
Korpsmusikk og fakkeltog
Grendautval og flyktningar
November
Julemesse på Bygdahuset
Flyktningar til kommunen
 

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009 
2010
2011
2012
2013
2014
2015
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.

Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org