Klikk her og gå til framsida av Vikebygd.org

Vikebygd i dag 

Facebook    -   Twitter

Nedgang i arbeidsløysa i Vindafjord

Sida er sist endra 24. mars 2016


Talet på arbeidsledige går ned i Vindafjord
Mange ledige stillingar
Stor variasjon i fag
av Steinar Skartland 24.3.2016

Vi høyrer stadig om nedskjeringar og om arbeidsfolk som blir ledige. I Vindafjord er det derimot låg arbeidsløyse og mange utlyste ledige stillingar. I tillegg kjem dei mange stillingar som ikkje blir lyste ut på vanleg måte, men informert om internt i bedrift og organisasjonar, på sosiale media og gjennom kjennskap.

Ledighetsprosenten i Vindafjord er nå nede på 2,4%, mot januar 2015 då den låg på 3,5%.
Diagrammet til høgre viser utviklinga i Vindafjord i talet på ledige (Grøn=2016).

Mange ledige stillingar utlyste lokalt
CareerJet
er ein søkemotor som viser oversikt over mange ledige stillingar i Vindafjord i påsken 2016. Her er m.a.:

Ledige stillingar i Vindafjord:
Fleire lærarstillingar i barneskule, ungdomsskule, vidaregåande skule (Ølen VGS, Lundeneset VGS mm), spesialpedagog, sjåfør, politibetjent, røyrleggjar, sveisar, einingsleiar kom.teknikk, operatør på knuseverk, ekstravakter innan helse, salsleiar, seljarar, personleg assistent (helse), maskinførar, teknisk support IT, farmasøyt mm

Firma som søkjer nye medarbeidarar er m.a.:
Jakob Hatteland Computer AS, Hatteland Display AS, Ottar Skjold Maskin AS, Vindafjord kommune, Orange Helse AS, Nor Aggregates AS (Ølen Betong), Haugaland Containerservice AS, Apotek 1, Rørlegger Haraldseid AS, Lundeneset VGS, Ølen VGS, Politiet.  Du kan lesa meir om dei ledige stillingane her

Færre arbeidsledige i Vindafjord
Ledighetsprosent i mars på 2,4%

Februar: månad dei siste 3 åra viser: 186-153-151
Mars månad dei siste 3 åra viser: 139-124-115

Den økonomiske utviklinga i samfunnet kan vi lesa av som årringar på ei trestamme, gjennom historia. Normal utvikling er 5-7 år mellom kvar topp, etterfølgd av ein unnabakke (2014-2008-2001-1996-1991-1987-1980...). Desse konjunktursvingingane som vi kan lesa av tilbake til 1800-talet, ser det ut som om politikarane ikkje kan hindre. Derimot kan ein dempe effekten av dei gjennom bruken av offentlege midlar, rentetiltak mm.  Tek vi den historiske verknaden på alvor så er det nå igjen håp om oppgang i ein 5 års periode.

 

 
 
 

Sjå fleire gamle bilete her

Likar du Vikebygd.org?

Følg med på Twitter
Totalt 164 842 besøk i 2014. Statistikk.  

til hovudsida for Vikebygd


xxx
-
Kommunereforma
Kyrkja gjennom 800 år
Vikestølen gjennom 115 år
Vikebygd i Hgsd. Avis
Vikebygd i Grannar.no

Følg på Twitter - her


Vêrvarsel for Vikebygd
ORD FOR DAGEN I DAG
Skuledagen 2015-2016
Ledig jobb i Vindafjord
Pollenvarsel YR.no
 

Frå tidlegare

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Fotoalbum
KFUK-M Speidarane

Lokale Bedrifter

2016
Mars
Påska
Motorbåtforeningen
Arbeidsløysa redusert
Bedehusbasar og årsmøte.
Turorientering og postar.
Kulturettermiddag 15.3.
Kofirmantane med bøsser
Merka løype til Sætrefjellet
Årsfest for speidarane
Februar
Felles årsmøte Vik og Skjold
Vinter, sol og fjelltur
Idrettsliv i Vikebygd
Svaner på isen
Januar
Vinter i Vikebygd
Tur til Vikestølen
Juletrebrenning i Lio
Bilete frå farne tider i bygda
Ordførar sin Nyttårsfest 3.1.
2015
Desember
Tradisjonsrik juletrefest
Mann av huse til kyrkje julaftan
Konsert med lokale krefter
60 unge med levande lys
Konsert med koret Scala 4.12
Korpsmusikk og fakkeltog
Grendautval og flyktningar
November
Julemesse på Bygdahuset
Flyktningar til kommunen
 

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009 
2010
2011
2012
2013
2014
2015
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.

Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org