Klikk her og gå til framsida av Vikebygd.org

Vikebygd

Skulen sin kulturettermiddag

Sida er sist endra 15. mars 2016

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Fotoalbum
KFUK-M Speidarane

Lokale Bedrifter

Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Entr. A. Nagel Alne AS
Ølen Trevare

Kultur - Historie

Plassabakeriet i Vikevik
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd
Kjelder
VINDETREET sogeskrift

Kyrkjeinfo

ORD FOR DAGEN
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Det 114. Vikestølsmøtet 2014 
Boka om Vikestølen på nett. 

Vikebygd i Media

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 
 
 
Fullt hus på skulen sin kulturettermiddag
Elevane presenterte sitt arbeid om lokalmiljøet

av Steinar Skartland 15.3.2016

Dei strata med kafé der FAU selde kjøttkakemiddag og at elevbedrifta med 7. klassingar selde kaffi og kaker. Klokka 16:30 opna dørene til storsalen med utstillingar og konkurranse laga av elevane på skulen.  Temaet var: "Vikebygd før og no", og borna hadde både vore på turar rundt i bygda og samla både ting og kunnskap om Vikebygd i gamle dagar og i notida. Dette presenterte dei i utstillinga denne tysdags-ettermiddagen. Arrangementet samla fullt hus.

Full sal og ffullt på scenen under kulturettermiddagen som skulen arrangerte
Elevane fylte scenen og bygdefolk fylte stolane i salen

Det her blitt ein tradisjon at skulen lagar ein kulturettermiddag på Bygdahuset.  Gjennom skuleåret hadde dei hatt som tema "Vikebygd før og no". Gjennom m.a. plansjar, bilete, utstilling av gamle ting og framføring av dikt presenterte dei bygda slik ho var i eldre tid, ja alt før besteforeldra si tid også. Men skuleborna hadde også fått med seg nåtida. Besøk på den moderne og avanserte robot-fjosen til Karl og Marijann Larsen stod i kontrast til eit besøk hos Dag Nagel-Alne som har ein fjos som minst er frå 1834. Dei hadde også fått med seg at Tindeland opprinneleg heitte Tindulsland i 1315. Prosjektet gir borna ein identitet gjennom å høyra om røtene til bygda å oppleva korleis folk før dei levde. Dei som ga namn til grender og haugar. Ein skuledag for 3.-4. klassingane i Årvik gamle skule, høyrde med.

Programmet vart leia av to 7. klassingar og hadde god hjelp av elevar som song, las dikt, dansa og intervjua tidlegare rektor ved Vik skule, Rune Birkeland. Han måtte ut med både korleis han hadde likt seg i bygda, korleis han vart saman med kona Møyfrid som starta opp barnehagen i Vikebygd. Ja, dei gode spørsmåla dreidde seg om både oppveksten og det innhaldsrike livet hans.  Dei vaksne sat som skulelys og lytta, og det gjorde også borna. Tydeleg at temaet fenga.

Om spørsmåla var mange, var svara lange. Men interessant var det å høyra om han som tok til som gym-lærar enda opp som sjømannsprest på mange spennande oppdrag rundt i verda, både i Nordsjøen, på Gran Canaria og i Austen.


Elevane intervjua Rune Birkeland.

Danseggruppe med elevar frå Vik skule
Den eine av dei to dansegruppene med skuleelevar som framførte dans.

Sofie frå Gresssvika
At elevane hadde vore med og bake flatbrød, hadde Sofie i Gressvika fått med seg, den svartkledde dama med kjevle som plutseleg dukka opp i salen.

- Eg har snudd meg fleire gonger i grava, sa ho, med tanke på at det vart baka så dårlege flatbrød nå. Signe Alise Birkeland kunne berolige henne med at elevane var flinke til å baka og hadde laga gode flatbrød.

Sofie frå Gressvika er omtala i dikt av Ivar Orgland og er "vandra" for mange år sidan. Denne kvelden vart ho spela av læraren Veronika Tveit.

 



Vegard SkartlandKvelden baud også på konsert der bygda sin eigen Vegard Skartland stilte opp i sixpence og busserull og framførte fleire nummer, m.a. den vakre Bob Dillon låten: "Fordi eg elske deg", (i norsk versjon av Bjarte Hjelmeland). 

Etterpå overtok Bytunet Antikvariske Jazzensemble scenen. Gladjazzen, eller tradisjonell jazzen som dei kalla musikkstilen viste seg å falla i smak både hos unge og eldre.

Fleire av skuleungdommane tok til å dansa føre scenen, til musikken.

 
Musikkstilen fall i smak hjå skuleungdommane.


Alle medlemane av 'Bytunet' vart presentert med at dei hadde ei tilknyting til Vikebygd. For Svein Sandsvold var dette at mor hans hadde kjent ei dame frå Vikebygd. Derimot har Andreas J. Ulveraker ei sterkare tilknyting til bygda også som dirigent og ein viktig inspirator i musikkorpset.


Utstilling av gamle ting frå Vikebygd.


Litt av det skuleborna hadde samla og laga om temaet: Vikebygd før og no.
 


Lærarane sørgde for musikken då elevkoret song


Tilbake til hovudsida, klikk her


Klikk her og sjå plakaten
 
 

 

Sjå fleire gamle bilete her

Likar du Vikebygd.org?

Følg med på Twitter
Totalt 164 842 besøk i 2014. Statistikk.  

til hovudsida for Vikebygd



Følg på Twitter - klikk her


LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
Fotoalbum frå kvelden
ORD FOR DAGEN
VÊRVARSLING

Frå tidlegare

2016
Mars
Kulturettermiddag 15.3.
Merka løype til Sætrefjellet

Februar
Vinter, sol og fjelltur
Idrettsliv i Vikebygd
Svaner på isen
Januar
Vinter i Vikebygd
Tur til Vikestølen
Juletrebrenning i Lio
Bilete frå farne tider i bygda
Ordførar sin Nyttårsfest 3.1.
2015
Desember
Tradisjonsrik juletrefest
Mann av huse til kyrkje julaftan
Konsert med lokale krefter
60 unge med levande lys
Konsert med koret Scala 4.12
Korpsmusikk og fakkeltog
Grendautval og flyktningar
November
Julemesse på Bygdahuset
Flyktningar til kommunen
Oktober
Opning av Kjekt i Vik hallen
Utemøte med speidarane
Vassverket avviklar
Grendautvalet: Møte om vegen
TV-aksjonen 2015
Kommunestyret konstituert
Grannarkarusellen-resultat
September
Med gele og saft til Ølen
Kulturminister opnar hallen
Familiedag i Longåsdalen
Soknerådsval 14. sept.
Valet 14. sept.
Aadland fekk musikkstipend
Kjekt i Vik Hallen ferdig
August
Haustfest i Lio
Synfaring på fylkesvegen
Lokale namn i Vikebygd
Revansj til Bjoa
Morgon gudsteneste
Juli
Gode resultat i Norway Cup
Jordskjelv merkast i Vikebygd
Fotballkamp Vikebygd-Bjoa
Sommar i Vikebygd
Auksjon og loppemarked
Juni
Vikestølsmøtet 28. juni
Speidarar i kano på Nidelva
St. hans feiringa
Gudsteneste i tunnelen
Leit etter slekt
Dugnad på Kjekt i Vik hall
Barnetalet minkar
HK-toalett i båthamna
Speidarane i Tonjen
Mai
Frigjeringsjubileet
Arquebusmarsjen 15.5.
Kjekt i Vik hallen
Tranefugl i bygda
Nasjonaldagen
Vår i hagen
Bygdamøte 5.5.
Fjelltur 3.5.
April
Vikesprinten 26.4.
Kommunestruktur
Vikeputten 25.4.
Vassverket avviklar
Muligheiter for FV 734 ?
Mars
Nominasjon og lister
Det vårast i fjellet
Idrett og orientering
Vikevegen
Årsmøte i kyrkja
Speidarfest og Nutastavar
Årsmøte i Vassverket
Februar
Naustområde Ulvebne godkj.
Asfaltering på Dommarsnes
Skitur i vinterlandskap
Januar
Stormflo 10. jan.
Nedbør og mildt nytt år
 
Vêrvarsel time for time for Austre Vikebygd i Vindafjord (Frå YR.NO)

Last ned 10 dagars varsel - som pdf   
VÊRVARSEL for VIKEBYGD    VÊRVARSEL for Nordabygda    VÊRVARSEL for Trovåg 
Allergisk? - sjekk: POLLEN VARSELET her i perioden
Februar-August

   Det skjedde i åra: 
2006
2007
2008
2009
2010
2011
2012
2013
2014
2015

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009 
2010
2011
2012
2013
2014
2015
kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.org
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org