Klikk her og gå til framsida av Vikebygd.org

Vikebygd

Vinter i Vikebygd

Sida er sist endra 18. mars 2016


Speidarloftet 4.2.2016


Sangsvaner på Vasslivatnet 13.2.2016
VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Fotoalbum
KFUK-M Speidarane

Lokale Bedrifter

Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Entr. A. Nagel Alne AS
Ølen Trevare

Kultur - Historie

Plassabakeriet i Vikevik
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd
Kjelder
VINDETREET sogeskrift

Kyrkjeinfo

ORD FOR DAGEN
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Det 114. Vikestølsmøtet 2014 
Boka om Vikestølen på nett. 

Vikebygd i Media

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 
 
 

Sangsvanene på plass i Vasslivatnet
Var dei fastfrosne, mon tru?

Steinar Skartland 13.02.2016
Isen har lagt seg på Vasslivatnet for ei lita stund. Så pass at Sangsvanene kunne finna seg ein plass oppå, i sørenden. Her har dei mange vintrar kunne beita på sivet der vatnet endar i eit vårmarksområde, myra som strekkjer seg frå Vasslia i aust til Vasshaugen i sør-vest.

Kor dei har vore tidlegare i vinter er ikkje godt å seia. I mange år var dei her som faste gjester, nokre vintrar i store flokkar på 60-80 svaner. Dei skifte mellom å beite i Vassli-vatnet, Lisstjørn, Bruarvatnet og fleire av vatna i bygda. Seinare år berre i mindre grupper og familiar.

Songsvanene er den største andefuglen og kan vega opp til 15 kg. Dei lever saman i monogane parforhold som varer i mange år, gjerne livet ut. Om sommaren hekkar dei i Troms, Finnmark, heilt oppe ved Barentshavet og på Island. Så kjem dei attende til fast stad om vinteren. Tilbake til framsida


Vinter i Vikebygd
Vikebygd torsdag 4. februar 2016
Siste spretten med vinter? Mildvêr, regn og stigande temperaturar frå helga og framover.
 


Natt over Skartland
(ca. kl. 23 den 20.1.2016). 
Vinteren er herlig og flott!


Flott vintervêr i helga 15.-17. januar
Tur på ski til Vikestølen
av Steinar Skartland 17.01.2016


På Eikås låg omlag 12-15 cm med snø. Med sol og temp. under -5°C var dagen flott.


Det var også dei som la turen opp bakkane frå Vikebygd. Snø var det nok av.


Temperaturen var 4-5 kuldegrader på Vikestølen. Og sola skein.


Nokre få hadde tok turen opp til Vikestølen, men føret og vêret var topp. Ei gruppe ungdommar hadde overnatta og det var varmt i hytta.  Eit par kubbar oppå glørne så kunne dei som kom utover dagen få varma seg litt eller eta nista si inne. Men ute var det perfekt med sol og blå himmel over det snødekte landskapet. Her oppe var snødjupna omlag 20 cm.

Også Bakkefossen viste si kalde og skulpturelle side i søndag etter ei natt med -15°C.

Sjå alle bileta her 


Vikebygd
Kaldt i bygda i natt, -15,5°C
av Steinar 17.1.2016

Minimumstemperaturen på Skartland fall i natt til -15,5°C. På føremiddagen steig den sakte oppover mot 10 talet og det er varsla temperatur på -4°C utover ettermiddagen. Vidare i veka skal kulden halda seg, men gå over til varmegrader neste laurdag.

Lite snø og låge temperaturar gjer godt på mange måtar. Brunsniglane har gøymt seg i vinterdvale nede i jorda eller under lauv i hagen. Dei toler ikkje sterk kulde så tele og barfrost gjer at bestanden vert redusert, men ikkje utrydda.  Også andre skadeinsekt og plantesjukdomar vert redusert i kulden.  Samtidig frys jorda opp og blir porøs. Det gir betre vekst til våren og er godt for myrjorda på våre kantar.

 


Bålvakt Mortveit kvista og brende opp 10-12 juletreJula varer ikkje heilt til påske i Lio
Juletrea gjekk opp i røyk

av Steinar Skartland 16.11.2016

Sola skein og termometeret viste omlag fire kuldegrader då Aud Jorun Tordal i Liovel inviterte naboar og bygdefolk til sosialt samvær med juletrebrenning på leikeplassen ved Liofelta. 35 - 40 stilte opp og det vart ein triveleg ettermiddag.

Varm kakao, kaffi, pølser i brød, kaker, vaflar og fyr på grillen var med og skapte stemning innmed léveggen. Etter kvart som den låge vintersola seig nedover mot Sveiofjella kraup også termometeret ned til -8°C.

Dei kom litt etter litt. Drog juletreet etter seg bort til Tor Arild Mortveit som kvista av greinene før det grøne treet hamna på bålet. Han talde ikkje kor mange det vart, men truleg gjekk 10-12 juletre opp i flammar før dagen var over.  Ikkje alle ville ta juletreet på bålet. Fleire hadde planar om å nytta det også neste år og hadde pakka plasttreet godt inn på loftet.


Leikeplassen er flott. Her er tre og store steinar som borna kan klatra på. Eit berg midt på leikeplassen brukte borna flittig. Sklia som er sett opp var like populær som det å nytta eit rompebrett nedover bergklova. Truleg er det betre å læra seg utfordringane her, enn når dei ein gong skal ut i trafikken bak eit bilratt. Det å få seg eit lite blåmerke eller litt vondt etter eit fall i akebakken er ein viktig del av det å veksa opp og klara utfordringar seinare i livet. 

Liovel med Kakao, kaker, pølser og juletrebrenning
Borna utgjorde halvparten av flokken på leikeplassen denne dagen.  Mens dei var i full fart i leik med smil, latter og så varme at ein og annan kaste luene, stod dei vaksne helst i ro med kakaokoppen, prata og småfraus. Men godt kledde var dei alle så det hasta ikkje med å gå heim. Kikka opp mot Alnaåsen som låg bada i sol. Kanskje ein tur opp over Alnelia kunne vera god avslutning på dagen når solstrålene forsvann her nede?

Tor Arne Mortveit, Liovel sin bålsjef, får hjelp med å kviste juletrea
Bålsjef Tor Arild fekk hjelp til å kviste juletre til bålet.


Hurra, Flott vinterhelg i Vikebygd
Sol, snø, stille og tørr kulde

av Steinar Skartland 16.1.2016


Bilete frå Skartland rundt middagstider laurdag 16.1.2016
 

vikebygd.org
Steinar Skartland 13.02.16
Takk for gode tilbakemeldingar på dei greiene eg slepper ut her på internett gjennom vikebygd.org. Gammal nett-teknologi som sikkert får unge web-nerdar til å sukka tungt. Kan ikkje skryta på meg at det er noko som når fram til heile den verds-vide-veven (world wide web), men det er nå ein 350-400 trufaste innom vikebygd.org kvar dag.  Litt over 140 tusen besøk på sida gjennom året 2015. Og tek eg med dei som kanskje ikkje hadde tenkt seg innom, men som fekk treff når dei søkte på noko, så var talet 4.147.074 i fjor. Kor kjem dei ifrå, mon tru?

Eit travelt politikarliv gjer at det ikkje alltid kjem noko nytt her kvar dag. Men ein og annan ser nok verdien av å kunne sende over litt frå seg sjølv. Informasjon om eit møte, ein strikkekafè, årsmøte eller bingo. Eg legg det utpå så langt det går. At det blir lese såg vi den gongen eg skreiv at grendautvalet sitt opne møte skulle ta til klokka 19. På plakatane stod 19:30, men ein halv time før planlagt oppstart fyltes benkene. Hadde vore verre om det var andre vegen.

Nå har tonane frå Leonard Cohen sin konsert, live i London i 2008, stilna av på NrK. Andre gong dei brukar han som natt-underhaldning i seinare tid. Men den tåler reprise. Før i tida så gjekk skjermen over i snø etter kveldsnytt. Eit langt ul var lagt inn så dei som hadde sovna i stolen kunne vakne, slå av brytaren på fjernsynet og gå for å leggje seg. Det var før det. Nå kan vi halde det gåande gjennom natta om vi vil.  Canal Digital har fått på plass avtalen med TV Norge igjen. Kan sende på alle kanalar nå som før. Ikkje det at eg såg så mykje på dei. Nok av andre som har noko å vise fram. Elles så er det nå oftast NrK som står på her i stova. Av og til gamle reprisar med Leonard Cohen og andre gonger nye opptak med Tom Roger Aadland.

Så kikkar eg innom e-posten av og til. Berre for å sjekke om det er ein eller annan fjellvandrar som har sendt meg nokre bilete frå turen til Ulserhaug. Eller kanskje det er noko nytt i bygda som det er ein e-post om. Når me lokalpolitikarar skal setje oss ned og streve gjennom 865 sider med utgreiingar, planar og rapportar til neste møte om nokre dagar, så er tida liten til å få med seg alt som skjer. Så om ein og annan med syn for det positive med Vikebygd sender inn eit bilete, ein plakat eller litt om det som har skjedd her, så kan det vel la seg gjere å få det ut på ei gammaldags nettside. I ei tid då det meste hamnar på Facebook direkte frå mobilkameraet. Men så høyrer eg at sjølv Twitter og Facebook er ut.  Det er berre gamlingane på over 40 som ennå held på den slags greier. Den yngre garde har for lengst funne nye kanalar.

Men sjølv med denne gamle og utdaterte web-løysinga, så er det omlag 400 nyfikne som kvar dag let seg freiste til å kikke innom vikebygd.org - er det noko nytt her i dag? Då kan eg ikkje skuffe dei. Eller dei leitar etter historia - den i frå i fjor? Eller var det litt frå Hyrdingen, mon tru? Ikkje veit eg - men dei klikkar seg inn, 400 om dagen, kven dei nå enn er. 


Sjå fleire gamle bilete her

Likar du Vikebygd.org?

Følg med på Twitter
Totalt 164 842 besøk i 2014. Statistikk.  

til hovudsida for Vikebygd



Følg på Twitter - klikk her


LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
Fotoalbum frå kvelden
ORD FOR DAGEN
VÊRVARSLING

Frå tidlegare

2016
Februar
Vinter, sol og fjelltur
Idrettsliv i Vikebygd
Svaner på isen
Januar
Vinter i Vikebygd
Tur til Vikestølen
Juletrebrenning i Lio
Bilete frå farne tider i bygda
Ordførar sin Nyttårsfest 3.1.
2015
Desember
Tradisjonsrik juletrefest
Mann av huse til kyrkje julaftan
Konsert med lokale krefter
60 unge med levande lys
Konsert med koret Scala 4.12
Korpsmusikk og fakkeltog
Grendautval og flyktningar
November
Julemesse på Bygdahuset
Flyktningar til kommunen
Oktober
Opning av Kjekt i Vik hallen
Utemøte med speidarane
Vassverket avviklar
Grendautvalet: Møte om vegen
TV-aksjonen 2015
Kommunestyret konstituert
Grannarkarusellen-resultat
September
Med gele og saft til Ølen
Kulturminister opnar hallen
Familiedag i Longåsdalen
Soknerådsval 14. sept.
Valet 14. sept.
Aadland fekk musikkstipend
Kjekt i Vik Hallen ferdig
August
Haustfest i Lio
Synfaring på fylkesvegen
Lokale namn i Vikebygd
Revansj til Bjoa
Morgon gudsteneste
Juli
Gode resultat i Norway Cup
Jordskjelv merkast i Vikebygd
Fotballkamp Vikebygd-Bjoa
Sommar i Vikebygd
Auksjon og loppemarked
Juni
Vikestølsmøtet 28. juni
Speidarar i kano på Nidelva
St. hans feiringa
Gudsteneste i tunnelen
Leit etter slekt
Dugnad på Kjekt i Vik hall
Barnetalet minkar
HK-toalett i båthamna
Speidarane i Tonjen
Mai
Frigjeringsjubileet
Arquebusmarsjen 15.5.
Kjekt i Vik hallen
Tranefugl i bygda
Nasjonaldagen
Vår i hagen
Bygdamøte 5.5.
Fjelltur 3.5.
April
Vikesprinten 26.4.
Kommunestruktur
Vikeputten 25.4.
Vassverket avviklar
Muligheiter for FV 734 ?
Mars
Nominasjon og lister
Det vårast i fjellet
Idrett og orientering
Vikevegen
Årsmøte i kyrkja
Speidarfest og Nutastavar
Årsmøte i Vassverket
Februar
Naustområde Ulvebne godkj.
Asfaltering på Dommarsnes
Skitur i vinterlandskap
Januar
Stormflo 10. jan.
Nedbør og mildt nytt år
 
Vêrvarsel time for time for Austre Vikebygd i Vindafjord (Frå YR.NO)

Last ned 10 dagars varsel - som pdf   
VÊRVARSEL for VIKEBYGD    VÊRVARSEL for Nordabygda    VÊRVARSEL for Trovåg 
Allergisk? - sjekk: POLLEN VARSELET her i perioden
Februar-August

   Det skjedde i åra: 
2006
2007
2008
2009
2010
2011
2012
2013
2014
2015

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009 
2010
2011
2012
2013
2014
2015
kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.org
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org