Klikk her og gå til framsida

Vikebygd

Nyttårsfesten på Ølen kulturhus 3. januar 2016

Sida er sist endra 3. jan. 2016

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Change Coatching
Bente T. Barane
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Fotoalbum
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa

Lokale Bedrifter

Change Coatching B T Barane 
Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Entr. A. Nagel Alne AS
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
Reg. føretak  i Vikebygd

Kultur - Historie

Plassabakeriet i Vikevik
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd
Kjelder
VINDETREET sogeskrift

Kyrkjeinfo

ORD FOR DAGEN
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Det 114. Vikestølsmøtet 2014 
Boka om Vikestølen på nett. 

Vikebygd i Media

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 

Julepynt i kyrkja.
Englane ber bod
 
Fullt hus og prisdryss på
Ordføraren sin Nyttårsfest

av Steinar Skartland 3.1.2016

Ordførar i Vindafjord kommune inviterte alle som ville til ein open Nyttårsfest på Ølen kulturhus søndag 3. januar.

Både politikarar, inviterte prisvinnarar og innbyggjarar møtte fram og fylte det meste av amfiet i storsalen.  På programmet var ordføraren sin nyttårstale, utdeling av prisar og stipend, og underhaldning både av kulturskulen, barnekor og  Maria Toresen. I talen var Ole Johan Vierdal innom dei mange store hendingane vi har bak oss, frå stormar og uvær til riving av ei rekkje bygg. Nokre for tidleg og andre som burde vore rivne for lenge sidan. Han takka både administrasjonen, avtroppande politikarar og nytt kommunestyre for innsatsen og kunne ynskja alle eit godt nytt år.

Prisdryss
Prisvinnarane 2015 (Klikk her)
Prisvinnarane
Næringsprisen Medvind Næringshage AS (v Dagleg leiar Rita Frifeldt)
 - For medverknad og tilrettelegging for nye arbeidsplassar i vår kommune og som sentral aktør for dei som ynskjer å skapa eiga verksemd og for utvikling av mindre verksemder. Ein frammifrå representant for næringslivet i kommunen.
Kulturprisen: Elisabeth og Steinar Nesheim
 - For måten dei har utvikla garden Nesheim til å verta ein samlingsplass for kreative løysingar, gamle møbler, bilete, bruk av lokale kunstnarar, lokal eller kortreist mat, for å gi innbyggjarane eit tilbod.
Omsorgsprisen: Anna Heggebø (Ølen) og Erna Mortveit (Vats)
 - To kvinner som arbeider i det stille, men som stiller opp for sine medmenneske og bryr seg. Dei er ja-menneske i kvardagen, levande opptatt av eldre sine kår og stiller opp når nokon treng dei og viser omsorg gjennom det.
Idrettsstipend på kr 15.000: Karoline Vormestrand Kro for satsing innan Sprangriding.
Blir gitt til ungdom som er på veg opp i si karriere.
 - Ho har utvist talent innan sprangriding, og kan alt dokumentera topp resultat både for elite. distrikt og landsstemner. Ho er i full gang med å førebu seg til NM 2017.
Byggeskikkprisen: Gry og Per Svein Rørtveit for restaurering av bustad i Ølen sentrum.
Kjerringprisen:  Hilde Sandbekken og hennar prosjekt: Frøken Fryd.

"Ei dugande kjerring, brukandes til litt av kvart"
Hilde Sandbekken - Ei dugande kjerring (Klikk for stort bilde)
Hilde Sandbekken vart tildelt Kjerringprisen for sitt prosjekt: "Frøken Fryd" interiør og Kafé i Skjold. Her er også catering, sa utvalsleiar Gustav Løge Fosse som las opp juryen si grunngjeving:
-Ho har ikkje berre skapt sin eigen arbeidsplass men har fått med seg heile 12 medhjelparar på laget. I tillegg er dette blitt ein møteplass.

Prisen kan gjevast til ei eller fleire kvinner som har gjort ein særleg fortenestefull og nyskapande innsats i kommunen. Juryen, som bestod av Magne Christiansen (SR-Bank), Eli Aardal (Vindarfjord kommunestyre) og Ingrid Johannesen (Kjerringarden), uttalte:

-Dei finn rett og slett Hilde til å vera ei dugande kjærring, ei som er brukande til litt av kvart, og som ikkje er redd for å ta utfordringar. Ho får tildelt Kjerringprisen 2015 som takk for ein fortenestefull innsats og bidrag til eit meir spennande samfunn og som ein inspirasjon til fortsatt å stå på for si verksemd og sine idear.

Elisabet og Steinar Nesheim.  (Klikk her)
- Den fortente vi, var Steinar Nesheim sin spøkefulle kommentar då han og Elisabeth saman hadde sin takketale.

 
Flinke Hogne og Henny frå musikkskulen.          Skjold Barnekor

Maria Toresen
Nyttårsfesten vart avslutta med konsert ved Maria Toresen som har kome ut med CD album med støtte frå m.a. kommunen. Ho song ei rekkje sav songane sine, som var både på norsk og engelsk.  Ein svært dyktig musikar som har vakse opp med musikk og fått høve gjennom heile oppveksten til å delta aktivt med musikk og song i ei rekkje samanhengar. Dette har vore med og ført henne framover på vegen til det nivået ho er på nå.
Ordførar sin Nyttårsfest

 


Ordførarens Nyttårsfest

Gratis og open for alle som vil delta.
 Ølen kulturhus klokka 18:00, Søndag 3. januar.
Ordføraren sin nyttårstale; Utdeling av prisar og stipend; Enkel servering. 
Minikonsert med Maria Toresen; Skjold barnekor & Vats Miniklang; Henny & Hogne

 
 
 

Likar du Vikebygd.org?

Følg med på Twitter
Totalt 164 842 besøk i 2014. Statistikk.  

til hovudsida for Vikebygd



Følg på Twitter - klikk her


LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
Fotoalbum frå kvelden
ORD FOR DAGEN
VÊRVARSLING

Frå tidlegare

2016
Januar
Ordførar sin Nyttårsfest 3.1.
2015
Desember
Tradisjonsrik juletrefest
Mann av huse til kyrkje julaftan
Konsert med lokale krefter
60 unge med levande lys
Konsert med koret Scala 4.12
Korpsmusikk og fakkeltog
Grendautval og flyktningar
November
Julemesse på Bygdahuset
Flyktningar til kommunen
Oktober
Opning av Kjekt i Vik hallen
Utemøte med speidarane
Vassverket avviklar
Grendautvalet: Møte om vegen
TV-aksjonen 2015
Kommunestyret konstituert
Grannarkarusellen-resultat
September
Med gele og saft til Ølen
Kulturminister opnar hallen
Familiedag i Longåsdalen
Soknerådsval 14. sept.
Valet 14. sept.
Aadland fekk musikkstipend
Kjekt i Vik Hallen ferdig
August
Haustfest i Lio
Synfaring på fylkesvegen
Lokale namn i Vikebygd
Revansj til Bjoa
Morgon gudsteneste
Juli
Gode resultat i Norway Cup
Jordskjelv merkast i Vikebygd
Fotballkamp Vikebygd-Bjoa
Sommar i Vikebygd
Auksjon og loppemarked
Juni
Vikestølsmøtet 28. juni
Speidarar i kano på Nidelva
St. hans feiringa
Gudsteneste i tunnelen
Leit etter slekt
Dugnad på Kjekt i Vik hall
Barnetalet minkar
HK-toalett i båthamna
Speidarane i Tonjen
Mai
Frigjeringsjubileet
Arquebusmarsjen 15.5.
Kjekt i Vik hallen
Tranefugl i bygda
Nasjonaldagen
Vår i hagen
Bygdamøte 5.5.
Fjelltur 3.5.
April
Vikesprinten 26.4.
Kommunestruktur
Vikeputten 25.4.
Vassverket avviklar
Muligheiter for FV 734 ?
Mars
Nominasjon og lister
Det vårast i fjellet
Idrett og orientering
Vikevegen
Årsmøte i kyrkja
Speidarfest og Nutastavar
Årsmøte i Vassverket
Februar
Naustområde Ulvebne godkj.
Asfaltering på Dommarsnes
Skitur i vinterlandskap
Januar
Stormflo 10. jan.
Nedbør og mildt nytt år
 

Vêrvarsel time for time for Austre Vikebygd i Vindafjord (Frå YR.NO)

Last ned 10 dagars varsel - som pdf   
VÊRVARSEL for VIKEBYGD    VÊRVARSEL for Nordabygda    VÊRVARSEL for Trovåg 
Allergisk? - sjekk: POLLEN VARSELET her i perioden
Februar-August

   Det skjedde i åra: 
2006
2007
2008
2009
2010
2011
2012
2013
2014
2015

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009 
2010
2011
2012
2013
2014
2015
kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.org
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org