Klikk her og gå til framsida

Vikebygd

Årsmøte i Vikebygd Grendautval

Sida er sist endra 25. nov. 2014

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Alne Villsau - Vikebygd
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bente T. Barane's Herbalife
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Bygda Vikebygd
Bedriftene i bygda
Frøken Vims
Fotoalbum
Lions Club Vikebygd - Skjold
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa
Kvamsåsen Rundt løpet
Vikebygd I.L Fotball

Lokale Bedrifter

Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Entr. A. Nagel Alne AS
Alne Villsau
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
BEDRIFTENE I BYGDA
Reg. føretak  i Vikebygd

Kultur - Historie

Plassabakeriet i Vikevik
Bygdeturisme og gardsmat
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd
Kjelder
VINDETREET sogeskrift

Kyrkjeinfo

ORD FOR DAGEN  
Gudstenestelista 
Kyrkja treng vedlikehald
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Tripp Trapp på bedehuset 
Det 113. Vikestølsmøtet 2013 
Boka om Vikestølen på nett. 

Vikebygd i Media

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 
 

Grendautvalet inviterte til årsmøte på Bygdahuset
Frantz Lea vald til ny leiar
av Steinar Skartland 25.11.2014

Les Årsmeldinga for Grendautvalet her.

Vikebygd har eit grendautval som det står respekt av.  Lista over prosjekt og oppgåver dei har engasjert seg i, er lang.  Og dette har gitt synlege resultat.  Både med vegar og gateljos. Men oppmøtet til årsmøtet og ordføraren sin informasjon var laber.

Leiaren har vore Lauritz Bjørnevik, men den som har vore mest profilert er utan tvil grendautvalet sin vegansvarlege, Frantz Lea.  Kjend som ein visjonær og uredd mann som, for å vise at alt er mogeleg om du har tru på det, lanserte ideen om ein gondolbane til Trodlanibba. Når Lauritz ynskte utskifting som leiar, fall valnemnda sitt forslag naturleg på Frantz.  Utan motkandidat vart han vald til leiar for 2015.

Avtroppande styre fortener ros for godt arbeid og mange gjennomførte prosjekt.Jens Morten Koltveit tok ikkje attval, og nytt styremedlem for to år vart Stein Andor Sundve.  Lauritz Bjørnevik vart attvald for eitt år.  Even Bjørnevik vart vald for to år.  Dei får med seg Bergfrid Koltveit og varamedlem Jakob Rødde (desse var ikkje på val).

Gunnar Birkeland og Kjell Atle Barane er revisorar og i valkomiteen for neste årsmøte set Johan Owe (ikkje på val), Per Vik (ny) og Reidun Birkeland (ny).

Frantz kunne presentere ei lang liste med tiltak, m.a. på vegen, og fleire gjennomførte møter med kommune og vegvesen.  Dei har fått lovnad frå vegvesenet om å skifte ut stikkrenna sør for Vossaplasset med ny kulvert.  Her er det 40-50 cm høgdeforskjell mellom høgaste og lågaste punkt, så dette er på tide.  Vegvesenet her ikkje midlar til ny veg forbi Vossaplasset nå, men reknar med at dei skal få utbetre svingane samtidig som kulverten vert skifta ut.  - Entreprenør Ottar Skjold har fått jobben med kulverten, fortalde Lea.

Ordførar Ole Johan Vierdal var invitert til møtet og informerte om kommunen sine tankar og planar med Dommersnes industrifelt, Vikevegen, skulen og kommunesamanslåing.  Nåverande parti som er i posisjon og står bak ordførar / varaordførar vil sikre at skulen består.  Større trussel ser han i kommunesamanslåing, men her vil kommunen delta i felles utgreiingar som Haugalandsrådet står for.


Ordførar Ole Johan Vierdal hadde eit innlegg med tema:  "Vikebygd si framtid, kommunen sine tankar omkring dette."  Berre 15 vikebuar møtte opp  på årsmøtet, inkl. styret.

- Kva er det som skjer, utbraut Frantz Lea, kvifor er det ikkje fleire som kjem? 
Ja, det er eit godt spørsmål.  Vikebuen bør absolutt både engasjera seg i bygda si framtid og støtte opp om styret i eit grendautval som verkeleg set spor etter seg.

Takk til ordføraren for informasjon i møtet Takk til Jens Morten Koltveit for jobben i styret Blom til ansvarlig for websida
Utdeling av takk og blomar til ordførar Ole Johan Vierdal, avtroppande styremedlem Jens Morten Koltveit og til politikar og ansvarleg for websida, Steinar Skartland.

Årsmelding og planar for arbeidet i Grendautvalet.

Info og plakat for årsmøtet
 


Vikevegen stengd tirsdag kveld
Ny stikkrenne på Ulvebne
Av Steinar Skartland 25.11.2014  

Tirsdag kveld var entreprenør Risa i  full gang med å skjære over asfalten på tvers av vegen.  Sist flaum gjorde skade på vegen då stikkrenna ikkje svelgde unna vatnet.  Nå var jobben i gong med å erstatte den gamle, mura stikkrenna med nye røyr som har større kapasitet.  Vegen har vore skada ei stund, men nå skal den bli trygg igjen også her. Det er eit smalt parti, og vegen vart stengd i to timar for å få gjort jobben med gravemaskinar.

Stikkrenne nord for Ulvebne.

 

Tilbake til hovudsida


Likar du Vikebygd.org?

Følg gjerne med på Twitter

Link til FOTOALBUM for Vikebygd

Fleire reportasjar frå Vikebygd 2014 ser du her.


Følg på Twitter - klikk her


LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
Fotoalbum frå kvelden
ORD FOR DAGEN
VÊRVARSLING

Frå tidlegare

Årsmøte i Grendautvalet
Svanene på plass i bygda
Globalcafe med Speidaren
Familiegudsteneste 9.11.
Fornyar klubbhuset i båthamna
Grunnlovsjubileet 5.11.
Nytt kjøkken og kafe
Mitt Fargerike Nabolag
Frukost & konsert på butikken
Ymse frå november 2014
Tysvær Vepro steller graver
TV-aksjonen 2014
Veg til Vikestølen
Folketalet går ned
Tur til Longåsdalen
Ymse frå oktober 2014
Fotballkampar i Vikebygd
Fairtrade kommunen markert
Aktivitetsdagen 20.9.
Sopp kurs 12-13. sept
Vikestølsmarsjen
Fv. 734 - Vikevegen
Friluftsrådet 30 år
Sjømannsmisjonen 150 år
Nytt kjøkken på Bygdahuset
Skulestart i Vikebygd
Heidra for idrettsinnsats
Ekstremvêret Lena
Vikebygd-Bjoa 5-2
Supermånen i 2014
På leit etter røter på Fossel
Speidarane på leir i Asker
Stiar merka i fjellet av Roald
Speidarar på Landsleir
Vikebygdfestivalen 19.7.
Radio 102 show frå Plasset
Murmansk reise
Vikestølsmøte 6.7.
Ny Olalihytte opna
Sankt Hans-feiringa
Strandloppis
Diverse frå mai-Juni
Speidarane i Vikebygd
17. mai 2014 i Vikebygd
Brot i Landbruksforhandlingane
Tildeling frå Bakkevig's fond
Vikesprinten 3.5.
Fjelltur på stiar i Vikebygd
Samanslåing av kyrkjesokn?
Vikeputten 2014
Litt frå April
Utviding av gardsbruk
Bondevenner 2014
Tindelandsnaturen
Veg mellom Lio1 og Lio2
Skulen sin Kulturettermiddag
Mura trinn i Glommeskar
Folketalsutviklinga
Dåpsskulen
Språket vårt
Bryggjebakken og båthamna
Kvinner i Vikebygd 1946
Husmorlager anno 1935
Vegard vidare i N. Talenter
Skjold og Vikebygd eit sokn
Speidarfest og nutafantar
Tilbakeslag for Vossaplasset
Stimerking i Vikefjella
Idrettslaget
Kyrkjesundag 19.1.
Uvêr og storm
Juletrebrenning
Grasrotandelen
Nyttårsfest
Godt Nytt År
Jubilanten Per Dommersnes
Årets Vikebu kåra
ÅRET 2014

   Det skjedde i åra: 
2006
2007
2008
2009
2010
2011
2012
2013
2014

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009 
2010
2011
2012
2013
2014
kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.orgg
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.orgrg