"Handle lokalt-dagen." Laurdag 1.11. diska Rolf opp med
frukost og konsert på butikken
Steinar Skartland 1.11.14- Eg er veldig fornøyd med
at nesten 10% av folket i bygda kom på frukost, fortel Rolf Alne som kunne telje
opp over 40 frukostgjester på laurdagen. Drøsestova vart for lita så han
måtte setja bord og benker også ute på lageret. Og folket såg ut til å kosa seg.
Borna fekk oransje ballongar og dei vaksne vart sitjande og prata saman utover
før dei tok turen med handlekorga og laurdagshandelen.

Fullt på Drøsestova, men Rolf Alne serverte frukost også på lageret. Her
sat m.a. Berit Ryvik Skartland, saman med Karl Inge og Renate Vasshus og fleire
andre.
235 nærbutikkar som inngår i Merkur ordninga deltok i den nasjonale «Handle
lokalt»-kampanjen laurdag 1.november. Dette er ny deltakarrekord.
Kampanjen fokuserer på kor viktig den lokale butikken er både som møteplass,
servicesenter og salsstad for daglegvarer. Målet er å redusere handelslekkasje
og stimulere til meir lokal handel.
Ein flott auke i omsetninga
Rolf Alne slår opp på datamaskina si og viser statistikken over kundane.
-Ein vanleg dag er det 115-130 kundar innom, men om sommaren er det 250-300 som
handlar kvar laurdag, fortel Rolf og viser at kundetalet har vore heilt oppe i
377 på ein dag. Dei 10 første månadane dette året har han hatt ein
omsetnad på 8 millionar og har hatt heile 35.000 sal eller innbetalingar i
kassen. Dette er han godt nøgd med og kan visa til ein god auke.
-Eg
ligg 5,57% over budsjett, smiler han. Det er ein auke på 6,45% frå i fjor.
I gjennomsnitt er eit kjøp på 230 kroner. Det meste går til Vikebuar og
hyttefolk i bygda, omlag 9,5 millionar i år, meiner han. Men det er også
ein del matlevering til bedrifter på Bjoa, noko han anslår til omlag 1/2
million. Ikkje så mykje til private kundar på Bjoa, men han har tre som
han kjører varene heim til, der.
- Og så er 10,5 % av varene tilbodsvarer, legg Rolf til. Det er meir enn dei
andre Joker butikkane har.
Fleire tenester trekkjer folk til butikken
Frukosten var gratis for kundane, men Rolf peikar på at det er viktig at
butikken også kan vera ein sosial arena. Derfor har han også etablert
Drøsestova der det er gratis kaffi. Frå oktober av har folk i Vikebygd både
kunna henta og senda postpakkar på butikken.
"Bok i Butikk," er eit samarbeid med biblioteket om utlån og retur av bøker. Eit
anna eksempel på tenester bygdefolket kan nytta seg av.
- Dei som kjem innom, enten for å henta ein pakke eller for å få ein drøs over
ein kopp kaffi, handlar også samstundes, fortel Rolf.
Støtte frå Merkur
Merkur-ordninga er eit statleg støtteprogram for nærbutikkar med omsetnad på
inntil 10 millionar kroner i året. Her kan dei søkja om inntil 50% støtte
til investeringar og forbetringar i butikken. - Eg har fått tilskott på
160.000 kroner i år, seier Rolf. Desse har han nytta til investering i nye
kjølediskar og reolar. Dei nye kjølediskane brukar mindre straum og er
meir miljøvennlege.
Mini konsert med Tom Roger med fleire
Rolf kunne også overraska kundane med ein Minikonsert på Drøsestova då
klokka vart 12 på laurdagen.

- Tom Roger Aadland kjem innom og tilbaud seg å syngja eit par songar, kunne Rolf
fortelja til frukostgjestene som benka seg i butikken laurdag føremiddag.
Han spurte også
Lene
Bjerga om ikkje ho kunne ta med gitaren. Det gjorde ho og song og spela
både sjølv og saman med dottera, Linnea, før Tom-Roger slapp til med ein song
frå den nye plata hans og ein frå tidlegare album.
På bilde:
Linnea syng og Lene Bjerga spelar til
Vikebygd Landhandel har ope laurdag klokka 08:00 - 16:00,
og vanlege dagar frå klokka 08:00 - 18:00.
Ein film om
Handle lokalt-dagen på Joker 01.11.2014:
Snurr
film
|